Thomas Piketty trekte 500 til Universitetets aula

Den franske økonomistjerna Thomas Piketty gir ut den verdsberømte boka si «Kapitalen i det 21. århundre» på norsk denne månaden. Det blei markert med eit stormøte i Universitetets aula i formiddag.

FRANSK SUPERSTJERNE:  Økonomen Thomas Piketty frå Paris School of Economics, har på kort tid blitt ei akademisk stjerne etter publiseringa av boka «Kapitalen i det 21. århundre». Boka er no komen på norsk med forord av UiO-økonomien Kalle Moene.

Foto: Ola Sæther

I løpet av kort tid er den franske økonomen Thomas Piketty blitt ei superstjerne blant forskarane.  Grunnen er boka «Kapitalen i det 21. århundre» frå 2013, som er blitt den meste selde sakprosaboka i USA, på oversynet til New York Times, og samtidig den mest selde boka av dei som ikkje blir lesne, ifylgje Wall Street Journal.

Boka handlar om korleis ulikskapen aukar i mange land, spesielt i USA, men også i land som Kina og Russland.  Samtidig viser den at land med best fordeling av rikdom  og minst ulikskap er dei landa som går best økonomisk.  Som døme viser han til dei nordiske landa, først og fremst Sverige.

Ein fullsett aula, det vil seia 500 personar, høyrde på Thomas Piketty,  då han gjekk gjennom hovudpunkta i boka.

– Eg er ikkje imot rikdom, så lenge det kjem samfunnet til gode. Problemet er når rikdomen fører til altfor store ulikskapar i eit samfunn og der middelklassen betalar meir i skatt enn dei aller rikaste.  Det øydelegg solidariteten mellom innbyggjarane i eit land, sa han.

– Og når økonomien begynner å gå dårleg, får Kina  eller Tyskland skulda. Det opnar opp for nasjonalistiske rørsler som i heimlandet mitt Frankrike. Me må difor gjera det me kan for at ulikskapane mellom folk ikkje aukar. Globaliseringa kan vera eit gode for dei fleste, men då må me handsama den på ein best mogleg måte, som ikkje fører til at nasjonalismen får vind i segla, åtvara Thomas Piketty.

 

Det var Universitetet i Oslo i samarbeid med Forskingsrådet og tankesmia Agenda som stod bak arrangementet.

 

Emneord: Internasjonalisering, Økonomi, Globalisering Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2014 13:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere