Lodve Solholm: – Snakk opp verdien av Norsk Ordbok!

– No må ingen leiarar ved Universitetet i Oslo snakka ned verdien av innsatsen til dei tilsette ved språksamlingane og Norsk Ordbok, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

EITT AV DEI FREMSTE: – Norsk Ordbok er blitt eit av dei fremste vitskaplege ordbokprosjekta i Europa, seier Lodve Solholm, som er styreleiar for Nynorsk kultursentrum.

Foto: Anders Aanes/Ivar Aasen-tunet

Solholm har følgt saka lenge og undrar seg over somt av det leiinga ved universitetet har sagt og gjort det siste halvåret.

– Når Universitetet i Oslo skal overføre dette til andre, skulle ein venta at dei gjorde alt dei kunne for å sikra høgast mogleg kvalitet på det dei gir frå seg, særleg når regjeringa så tydeleg ønskjer ei god løysing, meiner Solholm.

Vil flytta Norsk Ordbok og språksamlingane til Vestlandet

I slutten av november gjekk Nynorsk kultursentrum inn for at Norsk Ordbok og språksamlingane blir organiserte som eit nasjonalt fellesføretak. Då la Nynorsk kultursentrum på eige initiativ fram ei skisse til ein ny permanent driftsorganisasjon for Kulturdepartementet.

I notatet peikar Nynorsk kultursentrum på ei samla løysing ved Universitetet i Bergen og ei delt løysing med språksamlingane i Bergen og ordbokredaksjon ved Høgskulen i Volda. Styret drøfta utviklinga i saka på eit styremøte før helga.

 – Dette dreiar seg truleg om det største forskingsprosjektet innanfor humaniora i Noreg dei siste hundre åra. Nynorsk kultursentrum såg at det var nødvendig å ta eit formelt og forpliktande initiativ for å sikre vidare drift av noko som er så viktig for så mange, seier Lodve Solholm.

– Dei største orda i norsk språk må hentast fram for å få fram kva dei tilsette i dette prosjektet faktisk har fått til. Norsk Ordbok er blitt eit av dei fremste vitskaplege ordbokprosjekta i Europa, seier Solholm.

 – Eg har sett mykje rart, men det går over mi fatteevne at ikkje alle i norske vitskapsmiljø ser kva språksamlingane og Norsk Ordbok har å seia for alle som bruker norsk språk, forskarar medrekna, seier Lodve Solholm.

Kristian Emil Kristoffersen ny styreleiar for Norsk Ordbok

I førre veke blei det også klart at Kristian Emil Kristoffersen blir ny styreleiar for Norsk Ordbok etter Magnus Rindal som nyleg sa frå seg vervet.

Rindal forklarte avgangen sin med ynsket til Institutt for lingvistiske og nordiske studium om å overta den reelle styringa av prosjektet.

Kristoffersen er i dag instituttleiar, og måtte gå ut av møtet då instituttstyret med fem mot fire stemmer avgjorde at han kunne overta vervet som styreleiar for Norsk Ordbok, får Uniforum opplyst.

Dei fire som røysta imot ville at dagens styre skulle halda fram med konstituert styreleiar fram til nyttår. Då ville dei kunna bestemma Norsk Ordboks budsjett i samsvar med løyvinga på 3,7 millionar kroner frå Kulturdepartementet, seier Oddrun Grønvik som tilhøyrde mindretalet.

Styremøtet blei halde i går med Kristian Emil Kristoffersen som ny styreleiar.

Etter planen skal Norsk Ordbok vera avslutta 1. mars neste år.

Emneord: Språk, Språkpolitikk, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk
Publisert 16. des. 2014 11:09 - Sist endra 16. des. 2014 11:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere