Forskingsrådet vil satsa på berekraft og Horisont 2020

– Noreg må få opp talet på forskingssøknader til EU. Det må bli like naturleg å søkja Horisont 2020 om pengar som Forskingsrådet, seier adm.dir. Arvid Hallén til Uniforum.

HASTAR: – Berekraft er eit stikkord som går igjen på tvers av fleire satsingsområde i 2016, seier Arvid Hallén, som meiner det hastar å få til ei styrkt satsing på klima, miljø og samfunn.

Foto: Ola Sæther

– Å satsa meir på EU-finansiert forsking er heilt i samsvar med regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Difor foreslår me å auka løyvinga til ordningar  for å mobilisera og stimulera til Horisont 2020 med 162 millionar kroner i 2016, seier adm.dir. Arvid Hallén i Forskingsrådet.

To prosent i retur frå Horisont 2020

– I dag sender norske forskarar inn for få søknader til forskingsprogramma til EU. Målet er at Noreg skal få tilbake to prosent frå Horisont 2020, for å styrkja norsk forsking i heile breidda. Utrekningane viser at då må det bli 60 prosent høgare norsk deltaking enn i dag, slår Hallén fast.

Forskingsrådet har også ei eiga satsing på verdsleiande forskingsmiljø. Denne satsinga omfattar ordninga fri prosjektstøtte og ordninga med støtte til infrastruktur for forsking. Det vil seia laboratorium, vitskapleg utstyr og andre store investeringar.

Styrkjer satsinga på klimaforsking

I alt fremjar Forskingsrådet åtte prioriterte satsingsområde i 2016.

 – Berekraft er eit stikkord som går igjen på tvers av fleire satsingsområde i 2016, seier Arvid Hallén, som meiner det hastar å få til ei styrkt satsing på klima, miljø og samfunn. Det handlar om korleis me skal få meir presis forståing av klimaendringane, og meir kunnskap om korleis samfunnet må tilpassast eit endra klima. Det er dessutan viktig å få styrkt satsinga på fornybar eller miljøvenleg energi.

Hav, helse og omsorg

Andre satsingsområde er havbasert forsking og innovasjon og ikkje minst forsking på utvikling av meir effektive helse- og omsorgstenester. Det skal dessutan satsast stort på verdsleiande fagmiljø. Det viser framlegget om auka løyvingar til informasjons- og kommunikasjonsteknologi og til bruk og nytte av forskinga.

Det siste området handlar om korleis forskingsfunn kan utviklast til bruksretta produkt, prosessar og tenester. På den måten kan forskinga hjelpa til med å få i gang kunnskapsintensive bedrifter.

– Og kvar blir det av humaniora i denne satsinga?

– Humanistisk forsking er sjølvsagt med både under satsinga på verdsleiande fagmiljø, i forskingsprogrammet SAMKUL og i Horisont 2020. Elles ventar me fleire prosjektsøknader til mange av dei tematiske forskingsprogramma våre også. Forsking innanfor etikk og samfunnsansvar opnar også for forskarar med bakgrunn frå humaniora.

Hallén legg dessutan vekt på ein annan ting i Forskingsrådets satsing i 2016.

– Alle dei ekspansive satsingane me foreslår, er heilt i samsvar med prioriteringane i regjeringas Langtidsplan for forsking og høgare utdanning. Eg reknar også med at framlegget om auka løyvingar til den frie prosjektstøtta vert fylgt opp med lovnader om eit nytt "fellesløft" frå universiteta, , seier Arvid Hallén.

Med det tenkjer han på bidraget på 100 millionar frå universiteta som utløyste ein like stor sum frå Forskingsrådet øyremerkt den frie prosjektstøtta.

 

Dette er dei åtte satsingsområda til Forskingsrådet i 2016:

Klima, miljø og samfunn

Forskingsrådet meiner at forsking og innovasjon er naudsynt for å få til den tilpassinga og dei utsleppsreduksjonane som eit berekraftig samfunn krev.

Foreslår ein vekst på 125 millionar kroner

Mot ein ny energimiks

Forskingsrådet meiner at fornybare energiløysingar gir store moglegheiter for norsk næringsliv i framtida, og for å gi draghjelp må det utviklast sterke kunnskapsmiljø gjennom offentleg satsing.

Foreslår ein vekst på 100 millionar kroner

Havbasert forsking og innovasjon

Forskingsrådet meiner at fiskeri- og havbruksnæringane er sentrale i bioøkonomien og for eit norsk biobasert samfunn. Skal sikra berekraftig havbruksproduksjon, hausting av ville ressursar, og gi meir miljøvennleg skipsfart.

Foreslår ein vekst på 90 millionar kroner

Fleire aktive og sunne år

Forskingsrådet slår fast at forskinga skal bidra til eit solid og innovativt kunnskapssystem for helse- og velferdssektoren, og auka kapasitet og kompetanse i framtidas arbeidsstyrke.

Foreslår ein vekst på 92 millionar kroner

IKT-mogleggjerande teknologiar

Forskingsrådet ynskjer at auka innsats må rettast mot grunnleggjande forsking, rekruttering og IKT-kompetent arbeidskraft og styrkt IKT-forsking for helse og omsorg og samfunnssikring.

Foreslår vekst på 65 millionar kroner

Nyskapande fagmiljø

Forskingsrådet er viss på at ved å gi dei beste forskarane langsiktig og romsleg finansiering og tilgang til vitskapleg utstyr av topp kvalitet, kan Noreg få fleire verdsleiande forskingsmiljø.

Foreslår vekst på 110 millionar kroner

Fornying i breidda av næringslivet

Forskingsrådet meiner at auka innsats for å betra utnyttinga av resultat innanfor forsking og utvikling (FoU) er naudsynt for å få fram nye produkt, prosessar og tenester og bidra til at det blir starta opp nye kunnskapsintensive bedrifter.

Foreslår vekst på 155 millionar kroner

Horisont 2020

Regjeringa har i Langtidsplanen sett av 400 millionar kroner til forsterka innsats for mobilisering og stimulering til deltaking i Horisont 2020. Forskingsrådet meiner det er heilt naudsynt at desse midlane kjem tidleg i langtidsplanperioden og bidrar til å mobilisera breitt, både i Universitets- og høgskulesektoren, instituttsektoren og næringsliv.

Foreslår vekst på 162 millionar kroner

 

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Klima, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2014 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere