Sør-Afrikas grunnlovsfar: - Ingen etniske grupper kan ha særrettar framfor andre!

– Me skal byggja opp ein nasjon. Då kan ingen etniske grupper ha særrettar framfor andre. Det ville ha vore til hinder for nasjonsbygginga, seier juristen Albie Sachs, som var hovudarkitekt for Sør-Afrikas moderne grunnlov.

INGEN SÆRRETTAR: –  Me skal byggja opp ein nasjon. Då kan ingen etniske grupper ha særrettar framfor andre, meiner Sør-Afrikas grunnlovsfar Albie Sachs.

Foto: Ola Sæther

Under apartheidregimet var Sør-Afrika eit land der alle rettar handla om kva rase du tilhøyrde. Dei kvite var overklassen, medan dei andre etniske gruppene hamna lenger nede i hierarkiet, basert på kor svarte dei var.

 – Etnisitet spelar inga rolle

Grunnlovsfaren Albie Sachs (fødd i 1935) er difor ikkje i tvil om kva han er mest stolt av ved Sør-Afrikas nye grunnlov. – Saman klarte me å få til ein grunnlovstekst som var lik for alle uavhengig av kva etnisk gruppe folk tilhøyrde. Faktisk står det ingenting i grunnlovsteksten om etnisitet. Det er eg både svært kry over og svært nøgd med. Grunnlova er basert på menneskerettane og på prinsippa om at etnisk opphav ikkje skal spela noka rolle overfor lova i eit samfunn, verken positivt eller negativt, fortel han til Uniforum etter foredraget i Gamle festsal i Urbygningen i Oslo sentrum. Albie Sachs heldt for kort tid sidan den siste av 1814-førelesingane i Noreg.

Mista armen i attentat

Juristen Albie Sachs begynte som advokat i Cape Town då han var tjueein år gammal. Han forsvarte personar som var skulda for å ha brote Sør-Afrikas rase- og tryggingslover under apartheidstyret. Seinara måtte han dra i eksil i Storbritannia. Under eit opphald i Mosambiks hovudstad Maputo i 1988 plasserte agentar frå Sør-Afrikas regjering ei bombe i bilen hans. Eksplosjonen førte til at han mista den høgre armen sin og mista synet på det eine auget. Kort tid etter vende han tilbake til Sør-Afrika og blei med i leiinga for ANC. Etter at Nelson Mandela blei sett fri frå det 29 år lange fangeskapet på Robben Island, og seinare vart vald til president, bad Nelson Mandela han om å leia arbeidet med å laga ei ny og moderne grunnlov for Sør-Afrika.

Grunnlovsstridig

Med sterke ord i eit mildt tonelag skildra han korleis medlemane i grunnlovskommisjonen sat saman i eit lite rom for å gå gjennom Sør-Afrikas gamle grunnlov og erstatta den med ei ny og moderne grunnlov. – Det første me måtte gjera var å vedta at apartheidregimets grunnlov var grunnlovsstridig. Deretter kunne me begynna arbeidet med å skriva ei ny og moderne grunnlov. I løpet av dei seks åra me brukte på dette arbeidet, opplevde me masse press frå mange ulike grupper i det sørafrikanske samfunnet. Det hardaste presset fekk me likevel frå menneskerettsforkjemparane. Og eg tykkjer at det var kjempebra. Berre slik kunne me få ei best mogleg grunnlov grunnlagt på menneskerettane og dei andre internasjonale konvensjonane som Sør-Afrika hadde underteikna, seier Albie Sachs til Uniforum.

– Ingen etniske grupper kan ha særrettar

Han har også ei god grunngjeving for kvifor grunnlova han står bak, ikkje gir spesielle rettar til ulike etniske grupper.

– Me skal byggja opp ein nasjon. Då kan ingen etniske grupper ha særrettar framfor andre. Det ville ha vore til hinder for nasjonsbygginga. Tidleg i grunnlovsarbeidet skilde det seg ut to grupper med ulike haldningar. Den eine gruppa meinte at ei grunnlov først og fremst skulle verna minoriteten. Den andre gruppa meinte at grunnlova skulle vera for alle innbyggjarane i Sør-Afrika. Begge grupper hadde faktisk rett, slår han fast.

– Ei openberring

Så kjem han inn på prosedyrane som måtte gjennomførast.

– Først måtte me lysa ut val for å få ei ny nasjonalforsamling som formelt kunne vedta ei ny grunnlov. Eit viktig punkt i grunnlovsutkastet vårt var at paragrafane i grunnlova berre

Albie Sachs:

Fødd som Albert «Albie» Louis Sachs i 1935 i Sør-Afrika, i ein jødisk familie med bakgrunn frå Litauen.

Begynte som aktivist mot apartheidregimet som 17 år gammal jusstudent.  Blei uteksaminert som jurist frå University of Cape Town.

Budde i mange år i eksil i Storbritannia og i Mosambik på grunn av arbeidet mot raseskiljepolitikken.

Blei med i leiarskapen for ANC etter at Nelson Mandela var  sett fri frå fengselet.

Dommar i Sør-Afrikas grunnlovsdomstol frå 1994 til 2009

Leidde arbeidet med å danna ei ny og moderne grunnlov for Sør-Afrika

Også berømt for å ha erklært at det var grunnlovsstridig å definera ekteskap som ekteskap mellom mann og kvinne. Det strir mot paragrafen mot diskriminering på grunnlag av seksuell preferanse.(Kjelde: Wikipedia)

kunne endrast med to tredjedels fleirtal. Etter seks år blei me einige både om dei viktigaste prinsippa i grunnlova og om grunnlova. Det var ei openberring for oss å sjå det nye Sør-Afrika reisa seg som eit demokratisk land med ei moderne grunnlov. Det var det me hadde kjempa for å få til gjennom heile livet.

Hadde Noreg som modell for Sør-Afrika

Albie Sachs uttrykkjer også stor takksemd til Universitetet i Oslo og Noreg.

– I 1981 kom eg på besøk til Noreg, då eg framleis budde i eksil i Storbritannia. Eg blei brått sjuk, og hamna på sjukehus. Slik fann eg ut at Noreg hadde eit av verdas beste helsevesen. Samtidig blei eg imponert og rørt over det engasjementet for Sør-Afrika og mot apartheid som eg opplevde ved Senter for kvinnerett på Universitetet i Oslo. For meg var Noreg eit godt sosialdemokratisk samfunn, og ein framtidig modell for Sør-Afrika. Heile tida under kampen vår fekk me god praktisk støtte frå Noreg. Og me fekk masse hjelp til det sørafrikanske folket. Det einaste me ikkje fekk, var våpen, seier han med eit lurt smil. – Ja, som ANC-representantar deltok me også i gallamiddag hos kong Olav. Me blei berre kalla for spesielle gjestar frå Sør-Afrika. Det var ein fin oppleving, minnest han.

SØR-AFRIKAS GRUNNLOV: – Grunnlova vår er basert på menneskerettane og på prinsippa om at etnisk opphav ikkje skal spela noka rolle overfor lova i eit samfunn verken positivt eller negativt, fortel Sør-Afrikas grunnlovsfar, Albie Sachs til Uniforum.

 

 

 

JURIDISK ESKORTE:  Hovudarkitekt for Sør-Afrikas grunnlov, Albie Sachs, blei eskortert inn i Gamle festsal i Urbygningen av jussprofessor Ola Mestad  (t.v.) og jussdekan Hans Petter Graver. Albie Sachs mista høgrearmen under eit bombeattentat i Mosambiks hovudstad Maputo i 1988. (Foto: Ola Sæther)

Emneord: Afrika, Internasjonalisering, Sør-Afrika, Juss, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 19. nov. 2014 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere