Sju Jahreprisvinnarar har fått nobelprisen i medisin

– Ekteparet May-Britt og Edvard Moser er dei sjuande Jahreprisvinnarane som seinare har fått nobelprisen i medisin. Det viser kor treffsikker juryen for Jahreprisane er. Det sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen då han delte ut Anders Jahres store medisinske pris til dansken Kristian Helin i går.

MILLIONPRISEN: Kristian Helin frå Københavns Universitet har fått utdelt Anders Jahres store medisinske pris av UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Bak til høgre står juryleiar Harald A. Stenmark og lengst bak til venstre sit prorektor Ragnhild H. Hennum. Til venstre for Ottersen står universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Foto: Martin Toft

Kristian Helin fekk utdelt Anders Jahres store medisinske pris på ein million kroner under ein høgtidleg seremoni i Universitetets aula i går kveld. Prisvinnaren er professor ved Københavns Universitet, og han får prisen for banebrytande bidrag til å forstå epigenetikk, det vil seia kjemiske endringar i arvematerialet som slår genar av og på.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

JAHREPRISVINNARANE: Frå venstre: Richard Sandberg frå Karolinska Institutet, Sampsa Hautaniemi frå Universitetet i Helsinki og Kristian Helin frå Københavns Universitet. Til høgre tenoren Bror Magnus Tødenes.

Anders Jahres medisinske pris for yngre forskarar blei delt ut til førsteamanuensis Richard Sandberg frå Karolinska Institutet i Stockholm og professor Sampsa Hautaniemi frå Universitetet i Helsinki. Richard Sandberg får prisen for framifrå bidrag i studiar av genregulering og kreft medan Sampsa Hautaniemi får prisen for framifrå forsking i systembiologi og kreft. Dei deler prispengane på 400 000 kroner.

– Ein inspirasjon

I talen sin til prisvinnarane understreka UiO-rektor Ole Petter Ottersen at prisane skal vera ei oppmuntring til vidare forsking. – Dei skal vera ein inspirasjon, og dei er ein inspirasjon. Samtidig kan dei vera eit springbrett til endå større ære, som Nobel-ekteparet May Britt og Edvard Moser er eit godt døme på. Dei er dei sjuande Jahreprisvinnarane som har fylgt opp med nobelprisen i medisin, konstaterte han.

Renessanse for filantropar

Ole Petter Ottersen lovprisa filantropar som Anders Jahre som med sine millionbidrag har gjort det mogleg å driva med framifrå forsking i Noreg. – No ser det ut til at denne tradisjonen er på veg tilbake. Stiftelsen K. G. Jebsen  har gitt økonomisk støtte til mange nye forskingssenter, det same har The Kavli Foundation, danna av avdøde Fred Kavli frå Nordmøre og USA. Og 5. mars neste år blir dei første forskingsprisane delte ut frå Olav Thon Stiftelsen, avslørte Ottersen.

Den musikalske ramma rundt prisseremonien blei lagt av Engegårdkvartetten, trompetisten Trond Sagbakken, tenoren Bror Magnus Tødenes og pianistane Natalia Papova og Mona Spigseth.

 

Emneord: UiOs priser, Medisin Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 17. okt. 2014 12:28 - Sist endra 17. okt. 2014 12:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere