Ingen klare skiljelinjer mellom dekandandidatane på HF

Det var få teikn til store ideologiske skiljelinjer mellom dei to dekankandidatane Jens Braarvig og Arne Bugge Amundsen under valdebatten på HF i går.

DEKANVALDUELL: Jens Braarvig (t.v.) og Arne Bugge Amundsen møtte kvarandre i dekanvalduell på Det humanistiske fakultetet i går.

Foto: Martin Toft

Det er professor i religionshistorie, Jens Braarvig og professor i kulturhistorie,  Arne Bugge Amundsen som altså er kandidatar til å etterfylgja medieprofessor Trine Syvertsen som dekan for Det humanistiske fakultetet ved UiO. Måndag ettermiddag møtte dei kvarandre i den første duellen før valet som går av stabelen første veka i november.

Ingen lovnad om språksamlingane

Ei av dei mest betente sakene på Det humanistiske fakultetet akkurat no er den framtidige lagnaden til språksamlingane, og om det vil koma pengar til ei digitalisering av dei første banda av Norsk Ordbok. Når det galdt framtida til språksamlingane og lagnaden til Norsk Ordbok, kom ingen av kandidatane med svar som gav dei tilsette håp om at det ville skje noko nytt. Dekankandidat Arne Bugge Amundsen meinte at det allereie var gjort vedtak i desse sakene. – Det er gjort strategiske avvegingar i desse sakene, og instituttstyret ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium har vedtatt innstillinga som kom frå instituttleiinga, konstaterte Bugge Amundsen.

Dekankandidat Jens Braarvig tykte det var ei sak av stor interesse. – Det er ei veldig viktig sak som handlar om det nasjonale ansvaret UiO har for språk og leksikografisk forsking. Kort sagt er det snakk om kva det norske språket skal ha å seia, meinte Braarvig.  Men han kom ikkje inn på om han ville gjera om vedtaket til instituttstyret.

– Meir dialog med fagmiljøa

Då Uniforum stilte spørsmål om kva dei ville seia om innsatsen og jobben som dagens dekanat med dekan Trine Syvertsen hadde gjort, var Arne Bugge Amundsens prodekankandidat for forsking, Ellen Reese mest konkret. – Dekanatet har gjort ein svært god jobb med arbeidet med fagleg prioritering. Mange fagmiljø føler nok at desse endringane er blitt pressa på dei ovanfrå. Me lovar å ha meir dialog med fagmiljøa, sa Ellen Rees.

 

VIL OVERTA HF: Dekankandidat Arne Bugge Amundsen med prodekankandidatane Eirik Welo og Ellen Rees.

– Ikkje bra å sitja for lenge

Jens Braarvig var forsiktig i sin kritikk av dagens dekanat på HF. – Eit system som dette må bli underlagt kritikk. Difor må det vera dialog både ovanfrå og nedanfrå. Og så må me heile tida ta vare på enkeltforskaren. Det er ikkje bra å sitja for lenge i maktposisjonar. Difor er det viktig at dekanvervet går på omgang, var han overtydd om.

Respekt for dekanvervet

Arne Bugge Amundsen var opptatt av å visa fram endringar som er i ferd med å skje på Det humanistiske fakultetet. – Det er med ei audmjuk og ei lyttande innstilling eg stiller som dekankandidat ved Noregs største humanistiske fakultet. Den viktigaste endringa som skjer, er kvart år når dei nye studentane kjem. Då møter dei energiske universitetslærarar som brenn for faget sitt. I dette møtet blir det skapt studiekvalitet, understreka han. – Generasjonsskiftet ved UiO mellom dei fagtilsette er likevel den største forandringa. Å fylgja med på dei som me tilset i dag, vil vera å sjå korleis HF-fakultetet blir i framtida. Me ynskjer å tilby akademisk undervisning til dei studentane som begynner no. I dag har studentane langt betre tilbod enn det me som var studentar på 1970-talet nokon gong kunne drøyma om. Me kunne ikkje ta del i forskinga, og me fekk ikkje tilbod om utveksling i andre land, minna han om.

Dekankandidat Jens Braarvig uttrykte også stor ærefrykt over å ha sagt ja til å delta i kampen om å overta dekanvervet på Det humanistiske fakultetet: – Det er med stor respekt eg nærmar meg denne rolla. Eg har stor respekt for dette fakultetet, som har ei stor og viktig samfunnsoppgåve. Nokon tar dette fakultetet berre for gitt. Difor må me syta for at me blir endå meir synlege på den offentlege arenaen. Me kan visa til kor viktig både språk, historie og den analytiske verksemda HF driv, er for samfunnet. Difor må me også bruka dei demokratiske organa våre for at den faglege verksemda kan få blomstra. Fakultetsstyret må få det faglege ansvaret og styrkja dei demokratiske organa. Sakene som kjem opp, må også genererast i dialog med dei tilsette, og dei som representerer ulike grupper i fakultetsstyret, må ha god dialog med dei andre tilsette. Den kollegiale modellen er viktig for eit universitet. Verdas beste universitet, uavhengig av kvar dei ligg, har alle demokratisk valde organ som i stor grad representerer faga, understreka Braavig.

– Faga må vera attraktive

Arne Bugge Amundsen la ikkje skjul på at Det humanistiske fakultetet ville stå overfor store utfordringar dei komande åra. – Berre dei institutta som kan visa fram høg produksjon av studiepoeng og stor grad av ekstern finansiering, får nok økonomisk handlingsrom. Me må arbeida for at faga heile tida er attraktive for nye studentar. I framtida må me lytta meir til det som skjer på institutta. Dei kjenner røyndomen. Og fakultetsleiinga må passa på at instituttgrensene ikkje er til hinder for tverrfagleg samarbeid, sa Bugge Amundsen.

Begge dekankandidatane var ivrige til å peika på at språk og kulturhistorie høyrer saman.

– For å kunna driva eit ordentleg kulturstudium, er det naudsynt å kunna det aktuelle språket. Kva som kjem først og sist, er som historia om kven som kom først og sist av høna og egget. Språk må også vera med i områdestudia, meinte Jens Braarvig.

VIL OVERTA HF: Jens Braarvig vil gjerne overta dekanklubba på HF etter Trine Syvertsen. Her sit han saman med forslagsstillar Torkel Brekke.

Og Arne Bugge Amundsen fylgde opp: – Språk og lingvistikk er ein del av porteføljen. Språk høyrer sjølvsagt med på områdestudia, slo han fast.

Dei forsvarte verdien av språkfaga og historiefaget, då dei fekk spørsmål om dei støtta dei faglege prioriteringane som var blitt gjort av dekan Trine Syvertsen og hennar dekanat. – Verken språkfaga eller historiefaget har den posisjonen dei hadde tidlegare. Me må styrkja språkstudia, historiefaget og idéhistorie fordi dei er viktige. Den historiske analysen er blitt overtatt av sosiologien. Kva hadde Marx gjort utan den historiske analysen? spurde Braarvig. – Det har sjølvsagt også ei ressursside, la han til. Motkandidat Arne Bugge Amundsen var i stor grad einig. – Språk og historie skal også liggja til grunn. Men alle dei faga som me skal ha på HF, må ha studentar, trekte han fram.

Rundt 60 personar kom for å høyra debatten mellom Arne Bugge Amundsen og Jens Braarvig. Frå den 3. til den 7. november kan dei tilsette og studentane på HF delta i det elektroniske valet som skal avgjera kven av dei to som får overta dekanklubba etter Trine Syvertsen.

Les dekanvalsidene på Det humanistiske fakultetet

Arne Bugge Amundsens valprogram

Jens Braarvigs valprogram

 

Emneord: Språkpolitikk, Språk, Universitetspolitikk, Dekanvalg Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 21. okt. 2014 13:50 - Sist endra 21. okt. 2014 13:51

Ikkje så rart at skiljelinene ikkje kom klart fram når det var sett av dobbelt så mykje tid til eigenpresentasjonar som til spørsmål og meiningsutveksling. Å omtala denne seansen som ein «debatt» er å ta for hardt i. Heldigvis har alle høve til å stilla spørsmål til kandidatane elektronisk: http://www.hf.uio.no/for-ansatte/organisasjon/valg/dekanvalg/valgdebatt-2014/index.html

runarbm@uio.no - 22. okt. 2014 10:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere