Dekankandidatane på HF skal duellera

Dekankandidatane Arne Bugge Amundsen og Jens Braarvig møter kvarandre for første gong i ein verbal duell måndag 20. oktober.

Valmøtet vil gå føre seg måndag 20. oktober kl. 14.00 i Helga Engs hus.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Då får veljarane vita kva spørsmål som skil dei to kandidatane frå kvarandre. Så langt har dekankandidat Arne Bugge Amundsen (over) blitt rekna for å vera ein garantist for at dagens dekanat sin politikk held fram, medan Jens Braarvig (under) er kandidaten til dei som ynskjer ein ny politikk for Det humanistiske fakultetet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

To kandidatar frå IKOS

Begge kandidatane kjem frå Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS). Medan Arne Bugge Amundsen er professor i kulturhistorie, er Jens Braarvig professor i religionshistorie. På laget til Arne Bugge Amundsen finst også prodekankandidatane Ellen Rees og Eirik Welo. Medan Ellen Rees er professor i nordisk litteraturvitskap på Ibsensenteret, er Eirik Welo førstelektor i gresk  ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK). Førebels har ikkje Jens Braarvig lansert sine prodekankandidatar.

Begge kandidatane har publisert eigne valprogram. Du finn dei på Arne Bugge Amundsens valsider og Jens Braarvigs valsider.

Aud V. Tønnessen blir ny dekan på Det teologiske fakultetet

Professor i kyrkjehistorie, Aud Valborg Tønnessen er den einaste føreslegne dekankandidaten på Det teologiske fakultetet. Hennar kandidatur vil bli lagt fram formelt og fremja i det neste møtet i fakultetsstyret den 30. oktober, opplyser fakultetsdirektør Dag Myhre-Nielsen til Uniforum. Den sitjande dekanen, Trygve Wyller har sete i to valperiodar, og må difor tilbake til den daglege professorgjerninga.

Tidlegare i haust blei Frode Vartdal attvald som dekan ved Det medisinske fakultetet. Han hadde ingen motkandidatar.

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 17. okt. 2014 16:24 - Sist endra 17. okt. 2014 16:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere