17 nye æresdoktorar ved Universitetet i Oslo

Heile 17 personar blei utnemnde til æresdoktorar ved Universitetet i Oslo på årsfesten i Universitetets aula 2. september. Dei meste kjende var forfattaren Siri Hustvedt, The Guardian-redaktøren Alan Rusbridger og superformidlaren Hans Rosling.

AKADEMISKE AMBASSADØRAR¦ Fire av 17 œresdoktorar i Universitetets aula, f.v. Deirdre Wilson , Siri Hustvedt , Hans Rosling og Address Malata .

Foto: Ola Sæther

Universitetets aula var fullsett då rektor Ole Petter Ottersen utnemnde 17 æresdoktorar ved Universitetet i Oslo tysdag 2. september.  Dei mest kjende var forfattaren Siri Hustvedt frå USA, The Guardian-redaktøren Alan Rusbridger frå Storbritannina og medisinaren og superformidlaren Hans Rosling frå Sverige. Berre Asia og Oceania mangla, elles var alle kontinenta representerte.  Stabssjef for tidlegare generalsekretær for FN, Kofi Annan, Alicia Barcena Ibarra frå Mexico heldt tale på vegner av alle æresdoktorane.

Etter æresdoktorkreeringa  blei også UiOs prisar delte ut av prorektor Ragnhild Hennum. Matematikkprofessor Bernt Øksendal tok imot forskingsprisen, jusprofessorane Ole Mestad og Dag Michaelsen fekk utdelt formidlingsprisen, historieformidlingskurset tok imot læringsmiljøprisen, medan professor Øyvind Sverre Bruland kunne ta imot innovasjonsprisen på vegner av seg sjølv og gründeren Roy Hartvig Larsen.

Heile programmet med namna til alle æresdoktorarane og dei andre prisvinnarane.

Emneord: UiOs priser, Kultur, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. sep. 2014 00:23 - Sist endra 4. sep. 2014 00:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere