Matematikk for børs og bank

Då ingen andre ville undervisa på eit vanskeleg matematikkurs, melde Bernt Øksendal seg. I dag er han ein av verdas viktigaste ekspertar på stokastisk analyse. 2. september får matematikkprofessoren UiOs forskingspris.

FÅR FORSKINGSPRISEN: Matematikkprofessor Bernt Øksendal tar imot UiOs forskingspris for 2014 på årsfesten den 2. september. – Mi røynsle er at matematikk er spennande, nyttig og inspirerande.

Foto: Ola Sæther

For ein som har spesialisert seg på sannsynlegteori og uvisse, må det vera heilt naturleg at det var ei tilfeldig hending som gjorde at han blei ekspert på stokastisk analyse. Det var nemleg ikkje det som var planen til matematikkprofessor Bernt Øksendal.

– Det stemmer. Då eg var tilsett som forskar ved University of Edinburgh i 1982, blei eg spurt om eg kunne undervisa i stokastiske differensiallikningar. Eg fortalde som sant var at det visste eg ingenting om, men om ingen andre ville, kunne eg godt ta ansvaret for det kurset, seier han.

Sannsynlegteori og uvisse

Undervisningsoppdraget blei dermed hans. – Då tok eg til å lesa meg opp på temaet, slik at eg alltid ville vera eit hestehovud framfor dei andre matematikarane. Slik begynte interessa mi for stokastisk analyse, som altså er ein kombinasjon av klassisk, matematisk analyse, sannsynlegteori og uvisse, fortel Bernt Øksendal.

Fagfeltet blir brukt i mange samanhengar og i høgste grad av finans- og banknæringa. For heilt fram til økonomane Fisher Black og Myron Scholes med hjelp av matematikaren Robert Merton kom fram til ein ny formel for å prisa opsjonar på 1970-talet, blei prisen på opsjonar bestemt gjennom prøving og feiling. Det er matematikken bak denne Black-Scholes-formelen Bernt Øksendal og forskargruppa hans har utvikla vidare og som blant anna er tatt i bruk nettopp i finanssektoren. – Med stokastisk analyse er det langt lettare å bestemma den rette prisen på opsjonar, fortel han.

– Fekk skulda for finanskrisa

– Det vil seia at matematikarane også kan gjera nytte for seg?

– Absolutt. Det morosame er at den forskinga me driv med, er teoretisk matematikk som er blitt til svært bruksretta matematikk. Det var til og med dei som gav oss matematikarar skulda for finanskrisa i 2009 fordi våre modellar blei brukte av finansnæringa. For meg er det like dumt å gi matematikarar skulda for finanskrisa, som det er for ein sjåfør som kjører Mercedesen sin utfor vegen, å gi bilfabrikanten skulda for det. Kort fortalt er det mange som brukar modellane våre på ein heilt feil måte, fordi dei ikkje sjekkar om føresetnadene for bruken er oppfylte, understrekar Øksendal.

Forskinga hans har fått stort gjennomslag over heile verda. Eit døme på det er at Øksendal har over 200 vitskaplege publikasjonar i internasjonale forskingstidsskrift, og han er eine- eller medforfattar av meir enn ti matematikkbøker.

Lovprisar arbeidsmiljøet

I 2009 fekk Bernt Øksendal eit forskingsstipend (Advanced Research Grant) på 16 millionar kroner frå det europeiske forskingsrådet (ERC) for å få høve til å skapa nye gjennombrot innanfor denne forskinga.

– Desse pengane har me snart brukt opp, men dei var til stor nytte for meg og forskargruppa mi her på Matematisk institutt. For Bernt Øksendal er både pengane frå ERC og forskingsprisen på 250 000 kroner ei påskjøning til heile forskargruppa. – Forskinga blir ikkje til i eit vakuum. Eit godt forskingsmiljø og eit godt sosialt miljø utan personlege konfliktar er viktig for at me skal gjera vårt beste. Då kan me konsentrera oss om fagfeltet vårt, og då jobbar me gjerne dag og natt med det.

– Korleis går de fram reint konkret når de brukar og lagar nye analysar for å bestemma aksje- og opsjonskursar?

– Heilt kort kan me seia at me først reknar med, på bakgrunn av data frå marknaden, at aksjekursen oppfører seg som løysinga til ei stokastisk differensiallikning, der koeffisientane i likninga er rekna ut frå observasjonar av kursen gjennom ein lengre periode, forklarar Øksendal. Han kjem også med ei meir vitskapleg definisjon av kva det går ut på.

– Med dette som utgangspunkt kan ein ved bruk av stokastisk analyse og eit likevektsargument, basert på ikkje-eksistens av arbitrasje (børs- og banktransaksjonar som utnyttar kursskilnaden på valuta og verdipapir på dei ymse børsstadene: RED. MERKNAD), rekna seg fram til ein likevektspris, akseptabel for både kjøpar og seljar, på verdipapir i denne marknaden, til dømes opsjonar, seier han.

I dag samarbeider han med matematikarar over heile verda. For kort tid sidan heldt han foredrag i Sør-Korea, men han har også god kontakt med fagmiljøet ved Noregs handelshøgskule i Bergen og Handelshøyskolen BI. Det går tydeleg fram at han òg set pris på samarbeidet med landa i det sørlege Afrika.

Grunngjeving for forskingsprisen:

«Professor Øksendal fungerer som et forbilde i sitt daglige virke ved instituttet. Hans entusiasme og arbeidsglede smitter over på resten av miljøet. Han deler sin kunnskap med andre uten tanke på egen vinning, og er en genuin nysgjerrighetsdrevet forsker. Komiteen ønsker gjennom sin innstilling å anerkjenne en kandidat som gjennom en årrekke har bidratt til å sette norsk naturvitenskapelig forskning og Universitetet i Oslo på verdenskartet.»

– Med støtte frå NORAD hjelper me til med å byggja opp matematikkforskinga i mellom anna Zimbabwe, Tanzania, Mosambik, Botswana og Sør-Afrika. Eg sit i styret for dette prosjektet, og me passar alltid på å leggja styremøta våre til konferansane som dette samarbeidet er eit frukt av, fortel han.

– Matematikk er spennande, nyttig og inspirerande

I Noreg ropar mange varskû fordi mange elevar vel bort matematikken i den vidaregåande skulen. Bernt Øksendal trur at løysinga på problemet er gode og inspirerande lærarar.

– Både faren min, som var realfagslærar, og dei andre lærarane mine var opptatt av å visa oss kor viktig og nyttig matematikken er. Mi

Bernt Karsten Øksendal:

Fødd i Fredrikstad i 1945

Etter cand.real. frå Matematisk institutt ved UiO under Otto Hustad tok han ph.d. ved University of California, Los Angeles i 1971.

Arbeidde som førsteamanuensis ved Agder distriktshøgskule frå 1973 til 1983

I 1983 kom han tilbake til UiO og blei utnemnd til professor ved Matematisk institutt i 1991.

Aktuell: Får utdelt UiOs forskingspris på 250 000 kroner på årsfesten 2. september

(Kjelder: UiO og Wikipedia)

røynsle er at matematikk er spennande, nyttig og inspirerande, konstaterer han. Matematikkprofessoren veit kva som er grunnen til at matematikken har tapt terreng overfor andre fag i den norske skulen. – På 1970- og 1980-talet var det mange politikarar som meinte at matematikken skapte taparar, og difor burde ikkje faget prioriterast. Den haldninga gjekk utover matematikkutdanninga til lærarane på den tida, meiner han. No ser han langt lysare på situasjonen.

– I dag er det heldigvis ei heilt anna haldning hos politikarane. Dei ser no klart kor viktig det er med matematikk i det moderne samfunnet vårt. På konferansen til «International Mathematical Union (IMU) i Seoul i Sør-Korea no i august, presenterte eg Noregs samarbeidsprogram med det sørlege Afrika. Der blei det sterkt understreka av mange kor viktig det er å heva matematikknivået i undervisninga for at faget kan bli eit fundamentalt verkemiddel for økonomisk vekst og betring av levestandarden. Difor trur eg det også vil bli meir attraktivt å bli matematikklærar, sjølv om mange av mine studentar ofte føretrekkjer jobb i Oljefondet og i finanssektoren. Lønnsnivået kan vera ein av grunnane, trur han.

Om eitt år blir Bernt Øksendal 70 år og går av for aldersgrensa. – Då skal eg halda fram med forskinga mi, men eg vil truleg få endå betre tid til å reisa og sjå ville dyr i Afrika, smiler han.

 

 

 

 

Emneord: UiOs priser, Realfag, Matematikk Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2014 16:58 - Sist endra 22. aug. 2014 17:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere