Badeglede i rekordvarmen på Blindern

I dag kom temperaturen opp i 33,1 grader på Blindern. Det er ny julirekord. Studentar på Den internasjonale sommarskulen avkjølte seg i fontenen, medan andre slappa av på ein plen eller på ein mur.

BADEGLEDE: Studentane på Den internasjonale sommarskulen applauderer når ein av dei avkjøler seg under fontenen på Frederikkeplassen.

Foto: Martin Toft

Meteorologisk institutt registrerte rekordvarme på Blindern i dag. 33,1 grader er ny julirekord.

Studentane på Den internasjonale sommarskulen brukte fontenen på Frederikkeplassen til å avkjøla seg, medan andre hoppa av sykkelen og la seg på ein mur for å ta ein lur og lesa meldingar på mobilen.

 

Skal levera doktoravhandling

Doktorstudentane Rana Issa og Ida Tolgensbakk kan ikkje ta sommarferie.  Dei skal  begge levera avhandlingane sine til Det humanistiske fakultetet  i midten av september.Uniforum treffer dei på plenen utanfor P. A. Munchs hus.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- Det er for varmt å sitja inne på kontoret. Difor må me ta ein kombinert drikke- og pustepause ute på plenen. Den varmaste tida på dagen er det nesten uuthaldeleg på kontoret, er dei einige om.  Men dei vil gjerne ha kunna avkjølt seg endå meir.  - Me etterlyser fleire stader der me kan bada i friluft i nærleiken av Blindern. Bassenget i Domus Athletica er eit innebasseng, så det reknar me ikkje med, seier dei.

Den varmaste arbeidsplassen

Når det gjeld å halda ut i varmen, må dei truleg sjå seg slått av steinleggjarane utanfor Niels A. Treschows hus. Ein av dei arbeider i bar overkropp, medan dei to andre arbeider med litt meir klede på seg. Rett nok jobbar dei under ein teltduk, men dei har truleg likevel den varmaste arbeidsplassen på Blindern.

Om det blir for heitt, kan dei fylgja dømet til studentane på Den internasjonale sommarskulen og kasta seg ut i fontenen på Frederikkeplassen.

 

 

Emneord: Studentforhold, Studentliv Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 24. juli 2014 15:03 - Sist endra 24. juli 2014 15:48

De er ikke studenter på Den internasjonale sommerskolen, men snarere ph.d.-studenter ved Oslo Summer School in Comparative Social Science Studies. :) http://www.sv.uio.no/english/research/doctoral-degree/summer-school/index.html

tronht@uio.no - 25. juli 2014 13:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere