Nytt tidsskrift om nyskaping i media

Eit nytt elektronisk, vitskapleg tidsskrift om nyskaping i media har sett dagens lys på Institutt for media og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

TIDSSKRIFT OM MEDIA: Professor Charles M. Ess er hovudredaktør for medietidsskriftet The Journal of Media Innovations som blir gitt ut på Institutt for media og kommunikasjon ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Tidsskriftet The Journal of Media Innovations har medieprofessor Charles M. Ess som hovudredaktør, og han har med seg forskarane Karoline Andrea Ihlebæk, Terje Colbjørnsen og Anders Fagerjord som gode støttespelarar.

– Den første artikkelen er skriven av medieforskaren Lars Nyre frå Universitetet i Bergen,  og den er allereie lasta ned 1100 gonger på internett. I gjennomsnitt er dei artiklane me har publisert, blitt lasta ned 473 gonger, fortel Charles M. Ess. Han ser på det som svært godt for eit slikt nisjetidsskrift, sidan gjennomsnittet for vitskaplege artiklar i papirversjon ofte er sju registrerte lesarar, medan 30 er fantastisk for ein vitskapleg artikkel.

– Målet med tidsskriftet er å publisera artiklar både om nyskaping i media og artiklar om nye media. Alle artiklane blir fagfellevurderte, og tidsskriftet er ope tilgjengeleg på nett. Me trudde at dette berre ville interessera eit fåtal personar, men det viser seg at interessa er mykje større enn me hadde trudd, seier han nøgd. – Og dette blir ein UiO-publikasjon, forsikrar Charles Ess, og skryter over Institutt for media og kommunikasjon ved UiO som har lagt forholda til rette for at ideen om tidsskriftet kunne realiserast.

 

Emneord: Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2014 17:17 - Sist endra 17. juni 2014 17:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere