Kulturdepartementet krev klare svar frå UiO om språksamlingane

Kulturdepartementet stiller spørsmål ved om UiO har rett til å avvikla språksamlingane. Pengar til  drift av samlingane  ligg allereie i grunnløyvinga til universitetet, meiner departementet. UiO må svara innan 15. juni.

FÅR KRITIKK: Kulturdepartementet ber UiO om ei forklaring på kvifor universitetet planlegg å avvikla språksamlingane.

Foto: Ola Sæther

Det var rett før påske instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen gjorde det klart at Institutt for lingvistiske og nordiske studium ikkje kunne ta på seg det økonomiske ansvaret for språksamlingane ved UiO. Det var konklusjonen hans etter at rapporten frå ei arbeidsgruppe konstaterte at samlingane ved ILN har verdi både for forsking og undervisning for universitetet, men at det vil krevja store ressursar i form av tilsette og driftsmidlar å vidareutvikla og drifta samlingane.

Instituttleiaren slo fast at dette er ressursar instituttet i dag ikkje har. Grunngjevinga hans var at språksamlingane heller ikkje fell inn under dei sentrale oppgåvene til eit universitet, som er forsking, utdanning og formidling. Det er grunnlaget hans for å konkludera med at det er vanskeleg å sjå korleis instituttet kan ta vare på og vidareutvikla samlingane i framtida.

 

Stor nasjonal verdi

No får UiO ei skarp irettesetjing av Kulturdepartementet. Det viser til at samlingane også har stor nasjonal verdi sett i eit utvida språkpolitisk perspektiv, i tillegg til at dei har stor verdi for UiO innanfor forsking og undervisning. Departementet peikar på at den språkpolitiske nasjonale verdien handlar om formidling, dokumentasjon og forsking på norsk språk og språkutvikling.

Dessutan inneber det verdien det har for forvalting av språkrelatert lov- og regelverk, som til dømes skrivemåten av stadnamn og allmennspråkleg normering innanfor bokmål og nynorsk, skriv avdelingsdirektør Heidi Karlsen i Kulturdepartementet. Mykje av dette dreier seg om oppgåver eller funksjonar som tidlegare er lagde til eller overførte til ein institusjon gjennom politiske vedtak med tilhøyrande budsjettvedtak. Dette er tilfelle med fleire av dei aktuelle samlings- og ordboksoppgåvene ved UiO, blir det understreka.

 

Fekk overført 15 stillingar

Departementet viser til etableringa av Norsk leksikografisk institutt ved UiO i 1972, som straks overtok ansvaret for tre etablerte ordbokstiltak med tilhøyrande stillingar og samlingar. Det gjaldt Gammalnorsk Ordboksverk, Det norske litterære ordboksverk og Nynorsk Ordboksverk som til 1972 hadde ansvaret for Norsk Ordbok gjennom indirekte finansiering frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet , gjennom tilskott til Det Norske Samlaget.

Gjennom skipinga av Norsk leksikografisk institutt fekk UiO overført 15 stillingar frå desse ordbokstiltaka. Kulturdepartementet konstaterer tørt at store delar av det som UiO no ber om alternativ organisering og finansiering av, i stor grad svarar til oppgåver som UiO fekk serskilde pengar for å ta seg av.

 

Resultat av politiske prioriteringar

I brevet heiter det at " i samband med dette viser vi til dei føresetnadene som vart lagde til grunn da det noverande finansieringssystemet for universitet og høgskular vart innført med verknad frå 2003. Dette finansieringssystemet har både ein resultatbasert del og ein langsiktig og strategisk del" Og lenger ut i brevet står det:  «Vi forstår det slik at den langsiktige og strategiske delen av dei samla midlane universitet blir tildelt frå Kunnskapsdepartementet, er resultat av politiske prioriteringar som har utvikla seg over tid.» Kulturdepartementet viser til at dette vart omtalt slik i St.prp. nr 1 (2001-2002) for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet:

"Basiskomponenten av løyvinga for den enkelte institusjonen er m.a. eit uttrykk for ulik grad av særskilde oppgåver, av funksjonar og fagportefølje, av distriktsomsyn, institusjonsstorleik og husleigekostnader og av ulike politiske prioriteringar over tid."

Etter Kulturdepartementets overtyding, må dette tolkast slik at universitetet i ikkje utan vidare kan avvikla langsiktige oppgåver som det er gitt særskild finansiering av. Kulturdepartementet etterlyser difor ein plan frå UiO om dette temaet:  «Vi tillèt oss på denne bakgrunn å be universitetet gjera greie for korleis dette er vurdert i samband med seinare nedbygging av dei oppgåver som opphavleg vart lagde til universitet ved etableringa av Norsk leksikografisk institutt.»

 

Må gjera greie for framtida til stadnamnsamlingane

Kulturdepartementet vil også ha eit innspel frå UiO om korleis dei kan ta vare på stadnamna og stadnamnsamlingane. «Vi tillét oss på denne bakgrunn å be universitetet gjera ei

Språksamlingane:

- er sette saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.

- Dei best kjende produkta frå språksamlingane er Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Alle desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.

(Kjelde: Norsk Ordbok 2014)

vurdering av den framtidige forvaltinga av stadnamnsamlingane og av korleis ein ser for seg at samfunnet skal få dekt behovet for framtidig forsking og undervisning knytt til samlingane som grunnlag for rekruttering av fagkyndig personale til stadnamnforvaltninga.

Frist til 15. juni

UiO har fått frist fram til 15. juni med å svara på spørsmåla frå Kulturdepartementet. Den fristen lovar instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium å halda.  – Det første instituttet skal gjera no er å setja seg inn i innhaldet i brevet frå Kulturdepartementet. Deretter skal me svara på departementet sine spørsmål innan 15. juni, opplyser Kristoffersen til Uniforum.

Styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok synest dette er eit svært interessant brev.

– Eg har no blitt gjort kjend med at Kulturdepartementet i eit lengre brev har bede om UiOs vurdering av ei rad spørsmål knytte til samlingane, med svarfrist 15. juni. Eg reknar då med at UiO ikkje vil seia opp dei tilsette ved ordboka, før vi veit noko om det framtidige behovet for deira kompetanse.

 

 

 

 

 

Emneord: Forskning, Språk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. mai 2014 14:09 - Sist endra 28. mai 2014 00:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere