Trur bioøkonomien kan bli den nye olja

Når oljeeventyret er slutt, kan bioøkonomien bli den nye vekstnæringa i Noreg. Oppskrifta har prosjektet BioVerdi, som har UiO-rektor Ole Petter Ottersen som styreleiar. I dag lanserte dei sin eigen rapport.

BIOØKONOMI: UiO-rektor Ole Petter Ottersen overrekkjer rapporten om bioøkonomi til statssekretær Lars Jacob Hiim i Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Ola Sæther

Danning av eit nasjonalt bioøkonomisk innovasjonssystem med lokale og regionale innovasjonssenter Collaborative Innovation Centres ( CIC) er eitt av tiltaka prosjektet rår staten til å oppretta. Det skal vera senter der alle kritiske intellektuelle, teknologiske, materielle og økonomiske ressursar frå næring, kapital, akademia og offentlege verkemiddel kan gjerast attraktive og tilgjengelege for både nye og etablerte selskap. Dette er selskap som driv med utvikling av bioteknologiske produkt og tenester. Målet er at alle sentra skal koplast saman regionalt og nasjonalt og med internasjonale partnararar. Det går fram av rapporten som prosjektet BioVerdi la fram i dag. Bak den står universiteta, forskingsmiljøa og næringslivet.

– Ny vind

– Det blæs ein ny vind over verda og over Noreg som handlar om bioøkonomi. No må me halda same trykk på utdanning og nyskaping som i USA. Og eg registrerer at entreprenør-ånda er på veg oppover. For 15 år sidan var det ikkje mogleg å snakka om innovasjon på UiO. Dagens studentar ventar eit trykk på innovasjon, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Han er styreleiar for BioVerdi, og han tykte at det viktigaste dei har oppnådd er at dei 50 aktørane som har deltatt, har klart å bli einige om eit godt kompromiss.

–Staten er viktigast

– Den viktigaste aktøren i all innovasjon er staten. Det var det også då Iphonen blei utvikla i USA. Difor må staten med i all innovasjon, sa Ottersen. Prosjektet trekkjer inn både helse, marin sektor, landbruket og industrien. UiO-rektoren er svært optimistisk. – Våre doktorstudentar må satsa alt dei kan for å få pengar frå Horisont 2020. Og ein viktig del av det forskingsprogrammet handlar om innovasjon. For meg er det beste dømes akkurat no, den nære kontakten det er mellom forsking, næringsliv, lærarpersonell og tilsette ved den vidaregåande skulen dei byggjer i tilknyting til Oslo Cancer Cluster på Montebello, slo han fast. Ottersen let ikkje vera å nemna at dei største veikskapane i norsk innovasjon er det manglande samarbeidet mellom næringsliv og forsking, Han viste også til det var har vore ein svak vekst av nystarta bedrifter dei siste åra.

Kunnskapsnav

I rapporten kjem også universiteta med sine tilrådingar til Nærings- og handelsdepartementet. Det er altså fire næringar som blir trekte fram. Det er helse, marin, landbruk og industri. UiO-rektor Ole-Petter Ottersen understrekar også i tilrådinga at sjukehusa må koplast sterkare opp mot denne strategien. Det må leggjast til rette for ein målretta, heilskapleg, og koordinert strategi. Innanfor den marine sektoren rår rapporten til at utdannings- og talentaktiviteten må stimulerast for å kunna oppretthalda Noregs ambisjon om global leiarskap som kunnskapsnav.

Ifylgje rapporten må det til auka samarbeid mellom næringsliv og forsking. Det blir også lista opp andre døme som t.d.: nye avlsregime på nye artar, nye fôrkjelder, fiskehelse, førebygging av rømming og andre miljøimplikasjonar. Dessutan ser dei på ny teknologi for marin offshore akvakultur, ny fiskeriteknologi for smartare og meir berekraftige fangsregime. Både innanfor landbruket og industrien blir det rådd til å etablera prosjekt som stimulerer til omstilling av klassisk papirindustri til høgverdiprodukt som kjemi og bioaktive forbindelsar og biomaterialar gjennom mellom anna avansert biokatalyse.

 – Håpet vårt er at tilrådingane i denne rapporten også kan koma med i regjeringa sin langtidsplan for forsking, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen før han gav rapporten til statssekretær Lars Jacob Hiim i Nærings- og fiskeridepartementet.

– Grunnleggjande einig

– Regjeringa har gjort mykje allereie, og eg er grunnleggjande einig i innhaldet i rapporten. Det er rett at oljepengane vil vera ein viktig del av økonomien også i åra framover, men det er viktig å ha fleire bein å stå på, og då er bioteknologi eitt av dei, sa statssekretæren.

– Kunnskap og elevar er det aller viktigaste me kan satsa på. Difor har me også løyvd pengar for at 3500 lærarar kan ta etterutdanning i år. Dessutan veit me at verkemiddelapparatet vårt heilt sikkert kan bli betre, slo han fast.

Bilettekst:

 

Emneord: Næringsliv, Forskning, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2014 17:20 - Sist endra 20. mai 2014 17:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere