– Prorektorvervet kan bli eit sidespor

– Prorektorvervet blir ofte eit sidespor, seier styrerepresentant Kristian Gundersen i ein kommentar til at Ruth Vatvedt Fjeld valde å trekkja seg som prorektor. Studentrepresentantane står fast på at konsekvensen burde vera nytt rektorval.

RØYSTAR FOR NYVAL: Studentrepresentantane Ådne Hindenes  (med ryggen til) og Eva Holthe Enoksen røystar for at det skal haldast nytt rektorval etter at Ruth Vatvedt Fjeld har trekt seg som prorektor.

Foto: Ola Sæther

Det var ingen av medlemane i Universitetsstyret som tok ordet etter at rektor Ole Petter Ottersen hadde kunngjort at prorektor Ruth Vatvedt Fjeld ville trekkja seg frå vervet sitt.  Uniforum har tatt kontakt med alle representantane i Universitetsstyret for å høyra kva dei synest om avgangen til prorektor Ruth Vatvedt Fjeld.

Kristian Gundersen representerer dei vitskaplege tilsette, og han er lei seg for at prorektor  Ruth Vatvedt Fjeld går av midt i valperioden.

– Det var trist og leitt at ho valde å gå og at me måtte bruka naudløysingar for å sleppa å gjennomføra eit nytt rektorval, så kort tid etter det førre.

– Eit systemproblem

– Kva trur du er grunnen til at ho valde å trekkja seg?

– Prorektorvervet blir ofte eit sidespor og ei slags ventestilling.  Det viser også tidlegare erfaringar.  Eg ser det som eit systemproblem at prorektor av den grunn ofte føler seg litt utanfor.

– Kva sa du på styremøtet om denne saka?

Eg sa at eg slutta meg til forslaget om å sjå bort frå valreglementet i denne saka for å unngå eit nytt rektorval. Det ville vera som  å skyta sporv  med kanoner, slår han fast.

Karin Widerberg representerer også dei vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. – Ingen kommentar, svarar ho når me spør henne kva ho meiner om avgangen til prorektor Ruth Vatvedt Fjeld.

 – Burde fylgt spelereglane

Studentrepresentantane er litt meir snakkesalige.

Eva Holthe Enoksen seier fylgjande: – Eg har ikkje noko anna å seia enn det som eg sa på møtet i Universitetsstyret.

Ådne Hindenes seier litt meir:

– Eg støttar argumentasjonen som Eva Holthe Enoksen brukte i Universitetsstyret.  Det er viktig for universitetsdemokratiet at me fylgjer dei spelereglane som er sette. Utover det ser eg saka som avslutta.

– Overraskande og leitt

Ole Martin Nodenes er representant for dei teknisk-administrative tilsette i Universitetsstyret.  Han har ingenting imot å kommentera avgangen til prorektor Ruth Vatvedt Fjeld:

– Det var overraskande og leit at ho gav seg etter så kort tid.

– Forstår du kvifor ho trekkjer seg?

– Eg har ikkje hatt mykje kontakt med henne i min periode som styremedlem. Ho har ikkje hatt noko framskoten  rolle i styret, verken formelt eller uformelt.  Eg veit ikkje korleis rektoratet har arbeidt, men utifrå  dette er det kanskje forståeleg at ho ynskjer å bruka kompetansen sin på ein annan måte.

– Hadde det vore mogleg å handtera saka annleis?

– Det hadde det sikkert, men saka blei handsama i ope møte nettopp for at det skulle vera openheit i denne saka. Fjeld var til stades då rektor orienterte, og sidan ho sjølv ikkje kommenterte rektors innleiing, var det ikkje naturleg å stilla utdjupande spørsmål, svarar Ole Martin Nodenes.

 

– Skal ta «til etterretning»

Ekstern styrerepresentant Idar Kreutzer forklarar det som har hendt slik:

– Som kjent har styret inga rolle i tilsetjinga  av prorektor, som på vanleg måte blei vald av studentar og tilsette ved universitetet etter ein ordinær prosess. Når prorektor no har valt å trekkja seg, så er det noko  styret berre skal ta til etterretning. Det spørsmålet me har tatt stilling til,  er spørsmålet om suksesjon (etterfylgjing red. merknad). Den løysinga styret fall ned på, i samsvar med innstillinga frå valstyret, er å konstituera viserektor i stillinga ut valperioden. Denne løysinga sikrar kontinuitet i leiinga  i ei viktig tid for UiO, og er etter mitt skjønn tilfredsstillande. Utover dette vil eg visa til styreleiar, som på vegner av styret kommenterer  arbeidet til styret, seier Idar Kreutzer.

 

Anne Aasheim er også ekstern representant i Universitetsstyret. Ho har eit kort svar til Uniforum i denne saka: – Eg har ingen ytterlegare kommentarar utover det som blei drøfta og vedtatt på UiOs styremøte.

 

Uniforum har også bede  representanten for dei mellombels vitskaplege tilsette, Liv-Elisif Queseth Kalland, og dei to eksterne representantane Kjetil  Trædal Thorsen og Anne Marie Engel om ein kommentar  til avgangen til prorektor Ruth Vatvedt Fjeld. Dessverre lykkast det ikkje Uniforum å få tak i dei, før avisa gjekk i trykken.

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 14. mai 2014 16:14 - Sist endra 14. mai 2014 16:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere