Med Bamseklubben og Hells Angels på utstillingsopning

Både foreninga Bamseklubben for homofile menn og Hells Angels var på plass då jubileumsutstillinga "Ja vi elsker frihet" opna i Kulturhistorisk museum før helga.

MODELLAR: Medlemane i Bamseklubben blei fotograferte som om dei var Eidsvollsmennene i fotografiet til C.F. Wesenberg. Her står ein del av hovudpersonane framfor biletet.

Foto: Martin Toft

Det var tett i tett med folk då Kulturhistorisk museum ynskte velkomen til opninga av jubileumsutstillinga "Ja vi elsker frihet" fredag 16. mai.  Rektor Ole Petter Ottersen heldt opningstalen, medan Shabana Rehman var konferansier. Medlemar i motorsykkelklubben Hells Angels på Alnabru kom for å sjå bileta fotografen Marcel Leliënhof hadde tatt av dei i kvardag og fest med og utan motorsykkel.

 Også representantar for Bamseklubben, ei foreining for homofile menn, kom til museet for å kika nærmare på det alternative måleriet av Eidsvollsmennene. På fotografiet til C.F.Wesenberg er Eidsvollsmennene skifta ut med dei halvnakne mennene i Bamseklubben, medan dagens statsminister Erna Solberg er portrettert i eit fotografi bak dei.  Seksjonen har fått namnet "Pride."

I jubileumsutstillinga finst det også seksjonen "Minus fem" som viser dei fem åra under Den andre verdskrigen då Noreg var utan ytringsfridom, og samtidig viser dei "Den forbudte salong" som viser bøker som er blitt sensurerte i Noreg, men også forfattarar som er blitt forfylgde i heimlandet sitt og blitt fribyforfattarar i Noreg. I "Frihetens arena" viser utstillinga korleis Noregs lover og sjølvstyre er blitt til gjennom mange fasar og mange ulike kongar. Der viser dei også ulike hovud frå antikken og av urfolk frå ulike kontinent henta frå den etnografiske samlinga til Kulturhistorisk museum. På opninga var det også fleire som nytta seg av høvet til å bruka Noregs siste innandørs røykerom. Det er blitt ein del av utstillinga, og er tema for ein debatt mellom røykelova sin far Asbjørn Kjønstad og den austerrikske filosofen Robert Pfaller. Sistnemnde meiner dette er eit godt døme på den norske formyndarstaten. Det norske gullet som blei smugla ut av Noreg under krigen, har fått plass i seksjonen "Den tunge bagasjen" i det tidlegare Myntkabinettet, som no er omdøypt til Norges Bank-salen.

Utstillinga i Historisk museum skal stå heilt til nyttår.

Les også "Fridom som sprengjer grenser"

 

Emneord: Kulturhistorisk museum, Museer, Forskningsformidling Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 19. mai 2014 14:11 - Sist endra 21. mai 2014 11:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere