Rock og klassisk på grillfest

Oslo ESS og Oslo fagottkor var mellom artistane som deltok då UiO arrangerte grillfest for studentar og tilsette på fredag.  Dei som møtte opp fekk ei rik konsertoppleving.

TRANGT OM PLASSEN: Oslo ESS trekte mange studentar til Realfagsbiblioteket under grillfesten på fredag.

Foto: Martin Toft

Dei nye kometane i norsk rock, Oslo ESS og humorkoret Oslo fagottkor var mellom dei som stilte opp då UiO inviterte tilsette og studentar til eit stort grillparty på Blindern sist fredag.  I Realfagsbiblioteket var det rockeklubb, medan det var klassisk bar i Georg Sverdrups hus. På den siste staden var det også innslag med Quartetto Testosterone og det var mogleg å høyra operaperler med glimt i auget.

Og i Realfagsbiblioteket kunne folk også høyra moderne rock med gruppene Highasakite og Loveshack.

Mellom slaga gjekk folk rundt og åt hamburgarar, pølser og kjøtrettar frå kjøtforretninga Strøm Larsen i Oslo.

Dei som kom, hadde god plass både i Realfagsbiblioteket og i Georg Sverdrups hus. Folk håpa at det første felles grillpartyet vil bana veg for fleire party med rock og klassisk musikk i skjønn foreining.

 

 

Emneord: Persojnalpolitikk, Studentforhold, Kultur Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 12. mai 2014 15:06 - Sist endra 12. mai 2014 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere