Kjemi og rock på UiO-festival

CocaCola-kjemikarane i EepyBird og UiO-formidlarane Andreas Nakkerud og Anders Hafreager trekte både barn og vaksne til UiO-festivalen på laurdag. Men rockegruppa The Dogs hadde høgast desibelnivå.

GLEDE: Kjemiformidlarane Anders Hafreager og Andreas Nakkerud skapte glede hos dei yngste då dei viste morosame kjemieksperiment i festivalteltet.

Foto: Ola Sæther

Fleire tusen personar kom til UiO-festivalen på Blindern på laurdag. Eit stort fleirtal var foreldre med barn og besteforeldre med barnebarn. 

Dei som kom, fekk sett informatikaren Andreas Nakkerud og fysikaren Anders Hafreager ta dei med inn i vitskapen. Røykringar som kunne brukast til å fjerna eit plastglas frå hovudet til ein av dei unge publikummarane var svært populært i eit fullsett festivaltelt. 

RØYKRINGAR MED ENERGI: Kjemiformidlarane Anders Hafreager og Andreas Nakkerud demonstrerer korleis røykringar kunne velte eit plastglas frå hovudet til ein av dei unge festivalpublikummarane. (Foto: Ola Sæther))

 

Flasker med sprut i

To gonger i løpet av festivaldagen kunne folk også observera at CocaCola og andre kolsyrehaldige drikkar kan brukast til andre ting enn å setja prikken over I-en i eit barneselskap. Den amerikanske duoen EepyBird viste korleis den rette kjemiske blandinga kunne få innhaldet i dei spesialkonstruerte colaflaskene deira til å flyga nesten opp på taket til Matematikkbygningen på Blindern. Amerikanarane Fritz Grobe og Stephen Voltz var tidlegare høvesvis profesjonell sjonglør og advokat. I USA har dei deltatt i TV-showa til David Letterman og Ellen de Generes. På YouTube har 100 millionar sett dei to colaglade mennene. Det var tydeleg at dei også trefte publikum heime på Blindern. 

EKSPLOSIVE COLAFLASKER: Ein av mennene i Eepy Bird viser kor eksplosivt innhaldet i ei colaflaske kan bli. (Foto: Martin Toft)

Politikarane må bestemma dei store forskingssatsingane

Dei som valde å gå inn i auditoria på Blindern, kunne høyra kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen diskutera universiteta i det 21. hundreåret med UiO-rektor Ole Petter Ottersen, Venstre-leiar Trine Skei Grande, Ap-politikar Marianne Aasen, SV-politikar Torgeir Knag Fylkesnes og Gabrielle Legrand Gjerset, som er leiar for Studentparlamentet. Dei var einige om at det var viktig at politikarane var med på å bestemma dei store satsingane innanfor forsking, medan Ole Petter Ottersen stod åleine i  kritikken mot Forskingsrådet, som han meinte var altfor detaljorientert og for opptatt med å leggja føringar på kva dei store forskingsprogramma skal innehalda. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen forsvarte Forskingsrådet og politikarane sin rett til å bestemma hovudsatsingane i norsk forsking. 

PÅ VEG TIL DEBATT: Debattleiar Erik Wold, leiar for Studentparlamentet Gabrielle Legrand Gjerset, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, Ap-politikar Marianne Aasen,rektor Ole Petter Ottersen og SV-politikar Torgeir Knag Fylkesnes. Bak Ottersen og Fylkesnes går kommunikasjonsdirektør Marina Tofting. (Foto: Ola Sæther)

– Men innanfor eit forskingsprogram skal me ikkje leggja oss inn i korleis forskarane løyser desse oppgåvene og i funna dei gjer, understreka han. 

Gav skryt til UiO-rektor

SV-politikar Fylkesnes var einig med Torbjørn Røe Isaksen i at det er naudsynt å sjå på organiseringa av universiteta og høgskulane og oppfordra nokre av dei til å slå seg saman.  Marianne Aasen meinte også at det var viktig å diskutera om universiteta og høgskulane fekk rekruttert dei beste leiarane. – Eg vil likevel seia at Ole Petter Ottersen er eit godt døme på ein universitetsleiar som har markert seg og deltar aktivt i samfunnsdebatten,  slo ho fast.

Ulik definisjon av fridom

Gabrielle Legrand Gjerset peika på at ho som student i Europastudiar, aldri fekk treffa ein einaste professor frå ARENA – Senter for Europastudiar ved UiO. - Det synest eg var rart, sa ho. Trine Skei Grande var overtydd om at universitetsleiarane var mest opptatt av å få fridom frå politikarane til å styra universiteta slik dei vil. – Derimot er det ikkje alltid dei gir like stor fridom til dei tilsette i akademia. Når 90 prosent av forskarane som sender søknader om økonomisk støtte til Forskingsrådet, får avslag, viser det at det er eit enormt byråkrati i forskingssektoren, sa Skei Grande.

Dei som ville høyra meir om denne diskusjonen, kunne gå vidare og høyra statsvitskapsprofessor Arild Underdal snakka om akademisk fridom, medan professorkollegaen hans Tom Christensen tidlegare på dagen hadde stilt spørsmål om akademisk fridom er truga.

Dansa til The Dogs

Etter mange akademiske foredrag og debattar, var det mogleg å få musikalsk innsprøyting frå gitaristen Knut Reiersrud med den iranske musikaren Javid Afsari Rad. Seinare heldt forfattar og pianist Ketil Bjørnstad eit konsertforedrag om Edvard Munch. 

MUSIKALSK HISTORIETIME: Forfattar og pianist Ketil Bjørnstad gir eit portrett av Edvard Munch gjennom eit foredrag ved klaveret. (Foto: Ola Sæther)

Men for dei som verkeleg ynskte å slå ut håret og få ut endå meir energi, gjekk turen til festivalteltet. Der slo bandet The Dogs med Kristopher Schau som vokalist til med heidundrande rock med eit lydsjokk på grensa til lovleg desibelnivå.  Eitt barn og ein vaksen trassa varmen og dansa til den energiske hardrocken frå The Dogs. Litt seinare på kvelden var det konsert med Håkon Kornstad Ensemble og The Brazz Brothers i Universitetets aula i Oslo sentrum.  

RÅ ROCK PÅ BLINDERN: Eitt barn og ein vaksen trassa varmen og dansa til rockerytmene frå The Dogs under konserten i festivalteltet på Blindern. (Foto: Martin Toft)

Emneord: Forskningsformidling, Kultur Av Martin Toft
Publisert 25. mai 2014 12:17 - Sist endra 25. mai 2014 13:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere