Kinesiske studentar får undervisning i menneskerettar av UiO

To nye studentar frå Kina kjem til UiO til hausten for å ta eit masterkurs i menneskerettar. Det stadfestar Cecilie Figenschou Bakke som leier Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar (SMR). Også i Kina held samarbeidet fram.

MENNESKERETTAR I KINA: Norsk senter for menneskerettar underviser kinesiske studentar både i Kina og i Noreg. Frå venstre direktør Inga Bostad , førsteamanuensis Maria Lundberg , Tibet-ekspert Francoise Robin frå Inalco i Paris og leiar for Kina-programmet Cecilie Figenschou Bakke .

Foto: Ola Sæther

Det er ein avtale mellom Det juridiske fakultetet ved UiO og Renmin University Law School i Kina, som gjer dette mogleg. Dei to studentane kjem til UiO til hausten for å bli utvekslingsstudentar på masterprogrammet «Theory and Practice of Human Rights» på Norsk senter for menneskerettar. Cecilie Figenschou Bakke er leiar for Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar, og stadfestar at avtalen blei underskriven i Beijing i april.

Menneskerettssamarbeidet med Kina held fram

Men at kinesiske studentar kjem til SMR er ikkje noko nytt. Førsteamanuensis Maria Lundberg ved Norsk senter for menneskerettar peikar på at gjennom NORADs kvoteprogram har det kome kinesiske studentar til senteret sidan 1999. Mange arbeider i dag med menneskerettar i Kina.  Bakke og Lundberg stadfestar også at ein del av menneskerettssamarbeidet mellom Kina og Noreg held fram, trass i at det ikkje har vore kontakt på høgt politisk nivå mellom dei to landa etter at den kinesiske menneskerettsaktivisten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010.  – Heilt sidan 1997 har senteret medverka til å byggja opp undervisning i menneskerettar ved kinesiske universitet og høgskular. Dette samarbeidet har halde fram også etter at forholdet mellom det offisielle Noreg og det offisielle Kina har kjølna, seier Bakke. Dette kom også fram på eit eige pressemøte som Norsk senter for menneskerettar nyleg skipa til.

– Støttar menneskerettsutdanning

Sjølv om det ikkje er full akademisk fridom på kinesiske universitet, viser Bakke og Lundberg til at både studentar og professorar fører ein open dialog og diskusjon om mange sider ved menneskerettane.

– Det er framleis store utfordringar, men menneskerettar er blitt mindre sensitive i Kina. Det er i år ti år sidan menneskerettane blei skrivne inn i grunnlova, noko som har gitt auka legitimitet til slikt arbeid. Styresmaktene støttar også offisielt opp under menneskerettsutdanning på universiteta. I fråvær av eit fullt utvikla sivilt samfunn er akademikarar viktige røyster i samfunnsdebatten, seier Bakke.

– I Tibet står det derimot langt dårlegare til med den akademiske fridomen.  I løpet av den tida me har drive med menneskerettsundervisning i Kina, har meir enn 400 kinesiske juristar og lærarar fått opplæring i alt som har å gjera med både politiske og sivile rettar, ytringsfridom, kulturelle og sosiale rettar og minoritets- og urfolksrettar. Mange underviser i dag den nye yngre generasjonen som utdannar seg.

Håpar på vidare støtte

– Så du meiner at Utanriksdepartementet må halda fram med å finansiera Kinaprogrammet?

– Ja, absolutt. Det er framleis behov for samarbeid.  Det faktum at norske styresmakter har prioritert å støtta utdanning og forsking på menneskerettar over så mange år, er relativt unikt. Ikkje mange utanlandske gjevarland støttar slikt langsiktig arbeid. Det er Noreg og dei andre nordiske landa som har prioritert dette. Eg meiner det er ei svært god og nyttig investering. Det har vore mykje kritikk av dialogen, men for oss gav den ein unik tilgang til sentrale miljø i Kina. Nokon må bringa dei høgtflygande FN-standardane inn i ein kinesisk kontekst, understrekar Bakke.

– Ingen land bør kunna unndra seg internasjonal kritikk, men me tar innover oss at reelle endringar må koma innanfrå. Derfor er det så viktig at ulike delar av det kinesiske samfunnet kjenner til menneskerettane, bidrar i debattar, med politiske råd og forslag til løysingar for samfunnsutviklinga. Eg kjenner meg ikkje igjen i skildringane av Kina dei siste vekene. Landet er mykje meir mangfaldig og samansett enn det me får inntrykk av. Det går føre seg store og viktige debattar om menneskerettar. Desse debattane må me prøva å lytta til og prøva å forstå.

Underviser i styresett og minoritetsrettar

Førsteamanuensis Maria Lundberg er ein av dei som driv menneskerettsundervisning i Kina på vegner av Norsk senter for menneskerettar. Ho har hatt eit  tett samarbeid med kinesiske forskarar på styresett og minoritetsrettar heilt sidan 1999. Då starta Kina-autonomiprogrammet som er finansiert av NORAD.

– For meg er det viktig å bruka prinsippet «share and care». Gjennom å visa til døme frå Norden, der me ikkje har respektert menneskerettane heilt etter boka, kan me samanlikna det med forholda i Kina. Eit slikt døme er dei nordiske landa si behandling av det samiske urfolket. I mange år fekk dei ikkje lov til å bruka språket sitt på skulen, og dei hadde også svært liten påverknad på forvaltinga av landområda på dei stadene der dei bur. No er mange av desse problema blitt løyste, men det gjeld å vera litt audmjuk og ikkje berre hamra laus om brot på menneskerettar i Kina. Respekt mellom partane er svært viktig. Når me har dialog med studentar og forskarkollegaer klarer me også å heva vårt eige kunnskapsnivå om det som går føre seg i Kina. Det finst ingen hurtigverkande medisin for å betra situasjonen for menneskerettane i Kina. Me må ta tida til hjelp, meiner Lundberg.

Kina skal grillast i Geneve

Både Lundberg og Figenschou Bakke, er glade for at dei no er med på å driva menneskerettsundervisning på fleire universitet over heile Kina.

– Landet har faktisk skrive under på over 20 av FNs menneskerettskonvensjonar. Den 8. mai, same dag som Dalai Lama besøkjer Oslo, skal Kina igjen grillast av FN i Geneve  om korleis det står til med dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane i landet. Der har FNs ekspertkomité stilt fleire konkrete spørsmål om situasjonen i Tibet. Representantar frå Norsk senter for menneskerettar vil saman med kinesiske forskarar vera til stades for å observera.

Emneord: Menneskerettar, Studentforhold, Kina Av Martin Toft
Publisert 2. mai 2014 12:46 - Sist endra 2. mai 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere