Hav, klima og nye teknologiar mellom seks prioriterte forskingsområde

Hav, klima og nye teknologiar er mellom dei seks forskingsområda regjeringa vil prioritera i langstidsplanen for forsking og høgare utdanning, avslørte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i dag.

KLARE VAL: – Politikarar må ta klare val, understreka kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då han kunngjorde dei seks prioriterte forskingsområda til regjeringa.

Foto: Ola Sæther
  • Hav
  • Klima, miljø og miljøvennleg energi
  • Mogleggjerande teknologiar
  • Betre og meir effektive offentlege tenester
  • Eit innovativ og omstillingsdyktig næringsliv
  • Verdsleiande fagmiljø

– Det er dei seks  forskingsområda Noreg må prioritera i framtida, kunngjorde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på ein konferanse i regi av NIFU (Nordisk institutt for forsking på innovasjon, forsking og utdanning)  i Litteraturhuset i Oslo tidlegare i dag. Prioriteringane vil bli presentert endå grundigare i langtidsplanen som  blir lagt fram til hausten. Den handlar om korleis forsking og høgare utdanning skal vera med på å leggja grunnlaget for arbeidsplassane og samfunnet i tida framover.

Må ta klare val

– Politikarar må ta klare val. Det vil sjølvsagt vera ideologiske skilnader mellom dei vala som blir gjorde, men det går ikkje an å velja bort å ta klare val, understreka  Røe Isaksen, då han hadde kunngjort prioriteringane til regjeringa. I 1962 fekk den dåverande norske regjeringa tilbod frå det amerikanske oljeselskapet  Philips Petroleum om å få lisens til å driva oljeleiting i den norske delen av Nordsjøen. Det skulle selskapet betala 160 000 dollar for i månaden. Heldigvis sa regjeringa nei. Eit anna slikt viktig val, var ideen til tidlegare kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun om å etablera senter for framifrå forsking.  Ingen ynskjer å avvikla den ordninga i dag. I 2005 lanserte forskingsminister Kristin Clemet «Kunnskapsløftet». Ingen stiller spørsmål ved den satsinga i dag, konstaterte kunnskapsministeren.

–  På 1960-talet var det også ein geolog som etablerte si eiga sedimenteringsgruppe. Det fekk mykje å seia då Noreg skulle henta olje opp frå Nordsjøen, slo Røe Isaksen fast.

 

– Må prioritera tydeleg og langsiktig

Statsråden kom også inn på kvifor regjeringa hadde prioritert nettopp desse seks forskingsområda.

 

– Noreg og verda står overfor store utfordringar som klimaendringane, eldrebylgja og korleis me skal oppretthalda konkurransekrafta  vår. Men utfordringane gir også store moglegheiter. Forsking og høgare utdanning av framifrå kvalitet kjem til å vera nøkkelen for å  klara  å utnytta desse moglege vegane. Derfor må me prioritera tydeleg og langsiktig. Det  vil likevel ikkje seia at me ikkje skal forska på andre område, men at me satsar mest ressursar på desse seks prioriterte satsingane, sa Røe Isaksen.

For han og regjeringa er kunnskap eit av hovudsatsingsområda.  Regjeringa  vil gjennom langtidsplanen satsa på nokre område der me anten har strategiske fortrinn, behov for meir kunnskap eller for å stimulera til nye idear, nye næringar og solid og omstillingsdyktig kompetanse.

Vil ha fram fleire toppforskingsmiljø

 

– Desse seks prioriteringane skal  bidra til å byggja kapasitet, sikra fleksibilitet og gi oss fleire moglege bein å stå på  når olja ein gong tar slutt, sa Røe Isaksen.  Han har store voner til kva framtidas forskingsmiljø kan få til.

 

– Eitt av måla med langtidsplanen er å få fram endå fleire av dei verkelege  toppmiljøa innanfor forsking, dei som kan løysa kreftgåta eller finna nye energikjelder. Framifrå forskingsmiljø er ein viktig inngangsport til store gjennombrot andre stader, sa Røe Isaksen.

Emneord: Forskningspolitikk, Forskning Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 23. mai 2014 16:17 - Sist endra 23. mai 2014 17:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere