Fridom som sprengjer grenser

Fri livsstil, seksuell fridom og mangel på fridom. Alt finst i jubileumsutstillinga ”Ja vi elsker frihet” på Kulturhistorisk museum. Den markerer 200-årsjubileet for Grunnlova.

HELVETESENGLANE:  Marcel Leliënhofs bilete av dagleglivet til Hells Angels på Alnabru er den mest omdiskuterte delen av jubileumsutstillinga.

Foto: Ola Sæther

Fotografen Lill-Ann Chepstow Lusty er kurator for jubileumsutstillinga og tar imot oss utanfor Historisk museum. Ho slepper oss inn og fører oss opp museumstrappa i Historisk museum.

Stairway to Heaven

Trappa har fått namnet ”Stairway to Heaven” (Himmeltrappa) og leier oss rett inn i eit røykekabinett.

– Dette er den aller siste plassen i Noreg, der det er mogleg å røyka inne, fortel kurator for utstillinga Lill-Ann Chepstow Lusty.  Ho går inn i kabinettet og viser oksygen-inntaket. – Truleg vil det vera den plassen med best utskifting av luft, så lenge utstllinga varer, smiler ho. Det finst  også ein baktanke med å stllla ut eit røykekabinett.

– Difor har me sett synspunkta til faren til røykelova, jussprofessor Asbjørn Kjønstad opp mot synspunkta til den austerrikske filosofen  Robert Pfaller. som meiner at både røykelova og Vinmonopolet  er  gode døme på den norske formyndarstaten eller ”the nanny state” som han kallar den for, fortel Chepstow-Lusty.

DET SISTE RØYKEROMMET:  Kurator Lill-Ann Chepstow-Lusty har laga jubileumsutstillinga «Ja vi elsker frihet» i Kulturhistorisk museum. Dette røykerommet skal visa fram debatten om røykelova i Noreg.

Gav full fridom til anarkist

For henne er jubileumsutstillinga ein fin måte å visa ulike typar fridom på.

– Eg er svært nøgd med at tidlegare direktør for Kulturhistorisk museum, Rane Willerslev, gav ein anarkist som meg høve til å laga ei utstilling rundt dette temaet, understrekar ho.  Chepstow-Lusty skisserte ein del tankar som ho tenkte kunne illustrera fridom.

– Så fekk eg eit møte med tidlegare prorektor Inga Bostad og dåverade viserektor Ragnhild Hennum forå høyra kor langt eg kunne gå i å strekkja omgrepet fridom.  ”Det finst ingen grenser”, sa dei til meg, og eg kunne nesten ikkje tru det eg høyrde. Difor måtte eg koma med eit kontrollspørsmål for å høyra om dei verkeleg meinte det dei sa: ” Kan eg stilla ut historia til sadomasochismen i Noreg også? spurde eg. ”Kjør i veg”, svarte dei.   Når det ikkje er noka utstilling om sadomasochisme her, er det på grunn av at det ikkja passa inn i strukturen til den eksterne arkitekten bak utstillinga.  Personleg vil eg seia at eg er stolt og godt nøgd med ei universitetsleiinga som gir meg støtte til å stilla ut fridom på min måte, seier Chepstow-Lusty.

 

Stolte homofile

Så viser ho oss rommet som er dedikert  historia til dei homofile i Noreg.   Den eine veggen er dominert av to bilete frå byrjinga av 1900-talet. Det eine av fotografen Wilse viser menn som dansar med kvarandre i snøen på Hardangerviddaa, og det andre viser to kvinner som har kledd seg ut som menn. Det er tatt av den kjente kvinnelege fotografen Marie Høegh og hennar kvinnelege partnar Bolette Berg. Brått peikar Lill-Ann Chepstow-Lusty mot vindauget som har utsyn mot Nasjonalgalleriet og litt av Stortinget.

– I samarbeid med ”Bamseklubben” som er ei foreining for overvektige, homofile menn, fekk fotografen  C.F. Wesenberg desse mennene til å stilla seg opp nakne i same positur som Eidsvollmennene på det berømte måleriet i Stortingssalen. Og han har også limt inn eit portrett av Erna Solberg,  som også er ei stor dame, og som er Noregs statsminister i jubileumsåret for Grunnlova.  Det blir kjempebra, lovar ho.

Utstillinga viser korleis homofili heilt opp til våre dagar blei sett på som ei psykatrisk liding til det no er ei allment akseptert seksuell legning.  – Forbodet mot homofil praksis bli oppheva i 1977, og det er ikkje så lenge sidan.  Det bør me hugsa på når me i dag kritiserer Russland for deir homolovgjeving. Det tar tid å oppnå fridom, konstaterer Chepstow-Lusty.

Fridomens ansikt

I eit anna rom er konservatorane Eivind Bratlie og Margunn Veseth i ferd med å stilla ut hovud frå den etnografiske utstillinga. Dei kjem frå ulike delar av verda, og blir blanda saman med hovudskulpturar frå antikken.  Mange andre gjenstandar frå  ulike tidsperiodar skal stillast ut der.

 

HOVUD MED ANSIKT:  Fleire hovud frå samlingane til Etnografisk samling står saman med steinhovud frå antikken i utstillingsrommet med namnet «Frihetens arena».

– For å hindra at gjenstandane skal bli øydelagde av tørr luft eller av for fuktig luft, har me fått nokre små matter som er innsett med små kuler som kan suga opp fukt, og gi fukt tilbake, slik at det passar nøyaktig inn med den lufta som desse gjenstandane toler, fortel konservator Eivind Bratlie.

Helvetesenglane

I neste rom har dei stilt ut den mest omdiskuterte utstillinga.  Det er  Marcel Leliënhofs sine bilete av Hells Angels. Helvetes engler har han kalla utstillinga. Han har fotografert desse eldre mennene på  motorsykkel, i klubbhus, med og utan skinndress, og med og utan familie.  Han har også fått tatt bilete av dei heilt nakne, med tatoveringar som dekkjer heiile kroppen.

– Moderne vikingar vil eg kalla dei. Dei dyrkar sin eigen livsstil, seier Lill-Ann Chepstow-Lusty, som ser fram til debatten mellom rektor Ole-Petter Ottersen og medlemane av Hells Angels torsdag 22. mai. – Då vil Hells Angels koma i motorsykkelprosesjon frå klubbhuset på Alnabru og hit,  fortel ho.  Utstillinga blei så omdiskutert at stortingsrepresentant Anders Werp frå Høgre stilte eit spørsmål til kunnskapsminister Torbjørn Røe-Isaksen om kva han ville gjera for å fortelja arrangørane at utstillinga var upassande. Røe-Isaksen kom med eit varm forsvar for utstillinga og for ytringsfridomen. – Denne ordvekslinga er no blitt ein del av utstillinga, seier Chepstow-Lusty.

Sensurerte forfattarar i eksil

Ytringfridom er ein av paragrafane i Grunnlova.  I ”Ja vi elsker frihet” viser dei også fram forfattarar frå andre land som har måtta lida for ytringsfridomen, og som no er i Noreg

som fribyforfattarar. Dei kjem frå Iran, Irak og Yemen.  Der får dei besøkande også tilgang til Beacon of Freedom,  arkivet over sensurert og forboden litteratur som finst i Biblioteket i Alexandria i Egypt.

Mangel på fridom  har også Noreg opplevd. – I fem år var Noreg okkupert av Tyskland og Grunnlova var sett ut av kraft.  I samarbeid med Terje Emberland og Holocaust-museet har me laga ei utstilling om denne tida av norsk historie, fortel ho.

Ein viktig del av den historia, er også oppdraget med å få sendt den norske gullbeholdninga ut av Noreg.  Den historia kan du sjå som teikneserie i Norges Bank-salen som tidlegare hadde namnet Myntkabinettet.  – Her finn me også gullmyntane pent ramma inn i eit gullfarga lysande skåp, seier Lill-Ann Chepstow Lusty.  Den blei opna av avgått prorektor Ruth Vatvedt Fjeld for ei veke sidan.

Hovudutstillinga opnar den 16. mai kl, 18.00 og vil stå ut året. Museet vil halda ope til kl 20 i heile denne perioden.

ANTIKT HOVUD: Dette hovudet frå antikken finst også på jubileumsstillinga saman med hovuda ovanfor.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Kulturhistorisk museum, Museer Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 15. mai 2014 15:17 - Sist endra 15. mai 2014 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere