28 språkforskarar mister jobben frå nyttår

Dei 28 språkforskarane i Norsk Ordbok har fått varsel om at dei mister jobben frå nyttår.  – Me er likevel nøgde med at prosjektet er i hamn til avtalt tid og pris, seier prosjektdirektør Åse Wetås.

MÅ PÅ JOBBJAKT: 28 språkforskarar i Norsk Ordbok mister jobben frå nyttår. – Men kva tid band 12 blir ferdig, er avhengig av kor mange redaktørar som finn seg anna arbeid og sluttar før bandet er vel i hamn, seier prosjektdirektør Åse Wetås.

Foto: Ola Sæther

Når det tolvte bandet i  Norsk Ordbok 2014 er ferdig i desember, vil dei 28 språkforskarane som er knytte til prosjektet vera utan jobb. Fire av dei arbeider ved NTNU i Trondheim. Før helga fekk alle varsel om oppseiing frå Universitetet i Oslo.  – Sjølvsagt var me klar over at denne dagen ville koma.  Alle prosjekt tar slutt ein gong. Likevel er det spesielt at me no ser slutten på det, seier prosjektdirektør Åse Wetås. Ho er ein av dei 28 språkforskarane som snart må starta jakta på ny jobb. Førebels har ho ikkje begynt å senda jobbsøknader.

– No ventar me i spenning på om Kulturdepartementet vil gi oss ei ekstra finansiering fram til mars 2015. Tida etter at band 12 har gått i trykken treng me nemleg til å fylgja verket fram til lansering av den aller siste boka i serien og til å gjera naudsynt sluttarbeid med verket. Men kva tid band 12 blir ferdig, er avhengig av kor mange redaktørar som finn seg anna arbeid og sluttar før bandet er vel i hamn, seier ho.

To har fått ny jobb

Det ho fryktar mest er at den vitskaplege kompetansen på ordbokarbeidet skal forsvinna før bandet er klart for lansering.

-Ja, to av dei tilsette har allereie fått jobb andre stader, ein på Institutt for lingvistiske og nordiske studium og ein på Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dessutan vil to av redaktørane bli pensjonistar ved utgangen av året, og dei kjem ikkje til å bli erstatta, opplyser Wetås til Uniforum. Ho ser også lagnaden til Norsk Ordbok i samanheng med den manglande avklaringa i spørsmålet om kva som skal skje med språksamlingane til Universitetet i Oslo.  – Dei som arbeider med Norsk Ordbok har spisskompetanse på ordboksarbeid, og det ligg mange uløyste oppgåver på dette feltet framover. Om ikkje denne saka snart får ei avgjerd, vil UiO kunne risikera å sitja igjen med språksamlingar som manglar fagpersonar, spår Åse Wetås.  – Det tar kort tid å byggja ned eit fagområde, men lang tid å byggja det opp, legg ho til.

Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen opplyser til Uniforum at universitetet enno ikkje har fått klare signal frå Kulturdepartementet om at det blir løyvd pengar til sluttfinansiering av Norsk Ordbok inn i dei første månadene av 2015.

Etterlyser plan for drift av ordbokstenesta

I eit brev Kulturdepartementet har sendt til Det humanistiske fakultetet ber avdelingsdirektør Heidi Karlsen universitetet  om å skissera ei mogleg alternativ løysing for vidare drift av Norsk Ordbok som digital ordboksteneste etter februar 2015. Det står det vidare: «Vi ser dette som det mest presserande spørsmålet og legg til grunn at det kan bli aktuelt å vurdera dette som ei avgrensa sak med tanke på ei minimumsløysing for framhald av den digitale ordbokstenesta aleine»  Kulturdepartementet etterlyser i det same brevet kostnader for ei slik minimumsløysing og dei andre spørsmåla som må løysast dersom den skisserte løysinga inneber at basen må overførast til ei verksemd utanfor universitetet.

Opnar for digitalisering av dei første banda

Kulturdepartementet opnar også opp for ei digitalisering av dei første banda av Norsk Ordbok. «Vi ber også universitetet konkretisera føresetnadene for eit alternativt

Norsk Ordbok

  • UiO er vertskap for prosjektet Norsk Ordbok 2014,  og sørgjer for infrastruktur, utstyr og lokale.
  • Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i Trondheim var dei fyrste til å finansiera Ivar Aasen sitt arbeid med å dokumentera det norske folkemålet, frå 1842 til 1851
  • Når Norsk Ordbok er fullført, vil verket innehalde 300 000 ord frå nynorsk og norske dialektar (målføre).
  • Verket blir på tolv band. Band 12 kjem ved årsskiftet 2014/2015.
  • Dei fire første banda blei laga før dataalderen. Tekstane i desse banda er difor ikkje tilgjengelege i ordbokdatabasen.
  • Nettadresse: no2014.uio.no

organisatorisk opplegg for digitalisering av dei første banda av Norsk Ordbok i tilfelle det skulle bli aktuelt å setja av budsjettmidlar til dette no eller seinare. Vi legg til grunn at eit slikt prosjekt måtte gjennomførast over mange år, og ber om ei vurdering av kva minimumsomfang det i første omgang måtte ha på årsbasis», går det fram av brevet.

Samtidig strekar Kulturdepartementet under at ein ikkje kan rekna med at det blir sett av midlar til desse tiltaka over Kulturdepartementet sitt budsjett for 2015 eller seinare. Dei treng likevel opplysningane som grunnlag for vidare vurderingar, står det i brevet.

- Oppseiingane må utsetjast til 1. mars

Styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok meiner at oppseingsvarselet bør utsetjast til 1, mars 2015.

- Fyrst vil eg seia at utsiktene til finansiering dei to fyrste månadene i 2015 er så gode at oppseiingar ikkje bør skje med verknad frå 1. januar. Styret for Norsk Ordbok 2014 har i lengre tid drøfta korleis vi kan greia å halde på medarbeidarane fram til prosjektet skal vera sluttført, 1. mars 2015., seier Magnus Rindal til Uniforum. Han viser til at dette spørsmålet heng nøye saman med kva som vil henda med dei norske språksamlingane.

- Det er no meir enn to år sidan me fremja ei sak om ei nasjonal vurdering av framtida for desse samlingane. Men UiO har ikkje ynskt ei slik vurdering. Heller ikkje har UiO vilja ta eit ansvar for ei framtidig digital ordboksteneste. Og oppslaga i Uniforum i det siste har synt at UiO i dag ikkje har noka meining om framtida for språksamlingane, seier Rindal.

Forslaget frå styreleiar Magnus Rindal om å utsetja oppseiinga av dei tilsette i Norsk Ordbok med to månader, kommenterer UiO-rektor Ole Petter Ottersen slik: - Svaret må bli som før: Me må venta på  tilbakemeldingane frå instituttet før me kan seia noko meir om denne saka.

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Nynorsk, Forskningspolitikk, Språk Av Martin Toft
Publisert 26. mai 2014 16:32 - Sist endra 12. juni 2014 16:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere