UiO-rektor møter Dalai Lama

UiO-rektor Ole Petter Ottersen møter Dalai Lama og ynskjer han velkommen til Arne Næss-symposiet i Chateau Neuf torsdag 8. mai. – Det offisielle Noreg burde også ta imot Dalai Lama på ein verdig måte, seier han til Uniforum.

DALAI LAMA TIL UiO: UiO-rektor Ole Petter Ottersen helsar Dalai Lama velkommen når han kjem til Chateau Neuf på UiO 8. mai.

Foto: dalailama.com

Vinnaren av Nobels fredspris frå 1989, Dalai Lama er hovudgjest under Arne Næss-symposiet i Chateau Neuf på Universitetet i Oslo torsdag 8. mai. UiO-rektor Ole Petter Ottersen vil ta imot han og halda velkomstale for fredsprisvinnaren, som ingen frå regjeringa vil møta under Noregsbesøket. Frykta er at det dårlege forholdet til Kina, skal bli endå dårlegare om det skjer.

– Vil ikkje boikotta nokon

– Kvifor har du takka ja til å møta Dalai Lama og halda velkomstord for han, Ole Petter Ottersen?

– Jo, fordi det er vår politikk ikkje å boikotta nokon. Me vil ynskja Dalai Lama velkomen. Det er i pakt med hevdvunnen akademisk tradisjon og prinsipp å gi personar ein talarstol på universitetet, sjølv om dei er omstridde. Så blir det høve til debatt og kritiske innspel etter foredraget, også etter beste akademisk tradisjon, seier Ottersen.

Ueinig i avgjerda til regjeringa

Han synest også den norske regjeringa burde ha takka ja til å møta Dalai Lama.

– Politikk er ofte å balansera mellom interesser og verdiar. Her burde det offisielle Noreg ha landa nærare på verdiar og vald å ta imot Dalai Lama på ein verdig måte.

– Kva inntrykk har du av Dalai Lama?

– Eg har aldri møtt han sjølv. Han er ein fredsprisvinnar som har jobba med grunnlag i menneskerettane. Eg veit at mange meiner han som fredsforkjempar er kontroversiell. Det skal likevel ikkje hindra han i å få ein talarstol i Chateau Neuf på Universitetet i Oslo, slår han fast.

– Fryktar du ikkje at UiO vil merka fylgjene dersom du møter Dalai Lama?

– Me har klart å oppretthalda det gode nettverket med akademiske partnarar, forskarar og interesseorganisasjonar i Kina, og er interesserte i at dialogen og samarbeidet skal halda fram.

Buddhismen inspirerte Arne Næss

På Arne-Næss-symposiet skal Dalai Lama både halda ein eigen tale om å ta ansvaret for morgondagens framtid og delta i ein samtale med Arne Næss-professor David Abram og studentrepresentantar. Arrangørar er Senter for utvikling og miljø ved UiO og Kulturutvalet ved Studenthuset Chateau Neuf.

Fakta om Dalai Lama:

Tenzin Gyatso (fødd 6. juli 1935 i Taktser i Amdo-provinsen i Tibet) er den fjortande og noverande Dalai Lama,

-blei innsett som Tibets statsoverhovud i 1950, då han var 15 år gammal, samtidig som Tibet var okkupert av Folkerepublikken Kina.

-flykta til India i 1959, der han har budd i fjellbyen Dharamsala i Nord-India fram til i dag.

-blei tildelt Nobels fredspris i 1989 for den ikkje-valdelege kampen han har ført for det tibetanske folket sitt krav om frigjering og auka sjølvstyre innanfor Kina.

-er hovudgjest på Arne Næss-symposiet i Chateau Neuf torsdag 8. mai.

-den norske regjeringa har fått beinhard kritikk for å ha avvist å møta Dalai Lama under Noregsbesøket.

(Kjelder: Wikipedia, Det norske Nobelinstituttet, NRK, VG, Dagbladet, Aftenposten)

Dei har invitert Dalai Lama til Arne Næss-symposiet fordi Arne Næss var inspirert av buddhismen og har skrive eit essay om buddhisme og gestalttenking. Arne Næss var også med i komiteen som inviterte Dalai Lama til Noreg i 2000. Dalai Lama er ein forkjempar for den kulturelle og språklege arven i Tibet, og for dei individuelle rettane til det tibetanske folket i Kina.

Kina nektar å møta Dalai Lama, og den kinesiske regjeringa krev at regjeringar i andre land ikkje skal ha møte med fredsprisvinnaren, som er det fremste symbolet på kampen tibetanarane fører for å ta vare på sine kulturelle rettar og menneskerettar. For Kina er han ein separatist, som vil skilja Tibet ut frå Kina. Sjølv seier han at han berre jobbar for at Kina respekterer menneskerettane og dei kulturelle rettane til tibetanarane innanfor Kina.

Alle billettane til arrangementet med Dalai Lama i Chateau Neuf er allereie delte ut.

 

 

 

 

Emneord: Kina, Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 29. apr. 2014 16:27 - Sist endra 29. apr. 2014 17:09

Riktig avgjørelse av rektor og universitetet. Når det er sagt bør nok ikke Ottersen planlegge noen tur til Kina med det første.

Erland Nettum - 6. mai 2014 16:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere