Diskuterte etikk i petroleumsforsking bak stengde dører

Den nasjonale forskingetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (Nent) ville ikkje opne møtet då dei i går diskuterte etikken i petroleumsforsking. Og deler av sakspapira er hemmelege.

OLJEFORSKING: Er det etisk rett å driva med petroleumsforsking? Det spørsmålet var oppe  i Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitskap og teknologi (Nent) i går. Diskusjonen gjekk føre seg bak stengde dører.

Foto: Øyvind Hagen/StatoilHydro

På Høyden har i samarbeid med Morgenbladet, forskning.no, Universitetsavia, Khrono og Uniforum bede om at møta i alle Dei nasjonale forskingsetiske komiteane skal vere opne. Men spørsmålet blei først diskutert etter at saka om etikken rundt petroleumsforsking har vore oppe på Nent-møtet i går.

Å gjere om på dagsorden viste seg å vere vanskeleg av trivielle grunnar:

– Saka om petroleumsetikk går først slik det er lagt opp til no, fordi komitemedlemma som er inhabile først kjem seinare, fortalde komiteleiar Øyvind Mikkelsen før møtet. Han er til dagleg er kjemiprofessor ved NTNU.

– Vi har lagt det slik først og fremst for å ivareta komitemedlemma. Det er meir av praktiske årsaker, forklarer Mikkelsen overfor På Høyden.

Diskusjonen om møta skal vere opne skjedde først seinare på møtet.

– Kva komiteen vil komme fram til er litt vanskeleg å svare på. Det finst moment både for og imot. Eg ønskjer at det skal vere ein diskusjon om det i komiteen, sa Mikkelsen.

Feilaktig og ufullstendig
På Høyden har og bede om å få innsyn i sakspapira, og har fått oversendt ein del av papira som gjeld petroleumsforskinga. Men papira som gjeld opne møte har Nent vald å halde hemmelege. Slik svarer sekretariatsleiar for Nent, Helene Ingierd:

«Notatet som er skrevet til behandlingen av saken om møteoffentlighet er et internt notat som komiteene skal bruke som et utgangspunkt for sine diskusjoner og avgjørelser (jf offentlighetsloven § 14). Som jeg forklarte på telefonen, er saken om møteoffentlighet satt opp på dagsorden i samtlige komiteer denne våren, og notatet vil ferdigstilles etter at komiteene har diskutert saken. Notatet pr i dag er altså et utkast og inneholder dermed ikke den endelige avgjørelsen i saken. Generelt er det ikke ønskelig at dokumenter gjøres kjent før de er ferdigstilt, da det vil kunne gi feilaktige og ufullstendige fremstillinger av en sak.»

På Høyden har klagd på saka, men klagen er enno ikkje avgjord. På Høyden meiner at det ikkje er heimel for å unnta slike dokument, og at Nent bryt lova. Av offentleglova §14 b følgjer det nemleg at «generelle retningslinjer for saksbehandlinga til organet» ikkje kan unntas som interne dokument.

Karbon-konklusjon
Når det gjeld diskusjonen om forskingsetikken rundt petroleumsutvinning og Statoils avtaler med norske universitet og høgskolar har Nent kome langt i arbeidet, fortel Mikkelsen.

– Det har vore ei arbeidsgruppe som har arbeidd med det og hatt to møter. Vi har òg lagt ein plan for hausten, med opne møte i Bergen og truleg Trondheim. Og så har vi leigd Litteraturhuset i Oslo for ein debatt der i haust, seier komiteleiaren.

Han reknar med at komiteen etter kvart vil kunne gi eit svar til UiB, som har stilt spørsmålet.

– Vi sit nok ikkje med eit ferdig, skrive svarbrev i dag, men utgangspunktet er at saka skal bli ferdig i løpet av mai, seier Mikkelsen.

Nent hadde ikkje planlagd fleire møte i vår, og noko av sakshandsaminga vil difor kunne skje i etterkant. Petroleumssaka blei ikkje ferdig diskutert ferdig i går, og Nent har difor planlagt eit ekstraordinært plenumsmøte, samt ei arbeidsgruppemøte.

Auka interesse for etikk
Nent og dei andre komiteane står fritt til å avgjere om dei vil opne eller lukke møta sine, men det har generelt vore lita interesse for å høyre på diskusjonane.

– Men det verkar som om det er eit auka fokus rundt etikk og forsking generelt framover, så det er noko som må takast opp til diskusjon, seier Mikkelsen.

Argumenta som blir brukt mot opne møte er mellom anna at det vil kunne gjere diskusjonen meir ufri og statisk, og at medlemmene i varierande grad er vande med media. På høyden har mellom anna argumentert med at diskusjonen i komiteane òg er av interesse, og at heile samfunnet bør delta i etikkdebatten, ikkje berre medlemmene i ei nemnd. Å lukke møta bryt med den gode praksisen, både i forsking og i eit demokrati, om å vere mest muleg opne.

Emneord: Realfag, Forskningspolitikk, Etikk Av Dag Hellesund i På Høyden
Publisert 29. apr. 2014 11:19 - Sist endra 29. apr. 2014 11:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere