Populært med påskeope museum

Folk kom både for å sjå tropiske plantar, utstoppa dyr og dinosaurar, då Naturhistorisk museum ved UiO for andre gong på rad hadde opne dører på ein måndag i påskeveka. 286 personar steig innanfor dørene til museet i går. Museet vil  halda ope alle dagar i påska.

PÅSKEFERIE I MUSEET: Tor Karlsen frå Ensjø tok med seg dottera Øyvor og dei to sønene sine og besøkte Naturhistorisk museum måndag i påskeveka.

Foto: Ola Sæther

I Victoriahuset var det fullt av liv i går, då førsteklassen frå ei av skulefritidsordningane i Oslo kom på besøk. Dei store og flytande plantane i dammen, vekte stor interesse. Og barna måtte svara på spørsmål om korleis peparplanten ser ut.

 

Litt lenger borte,  i Zoologisk museum, møter med Tor Karlsen frå Ensjø med dottera Øyvor. – Eg likar å gå i museum, og eg har også med meg dei to sønene mine. Måndagsope museum er eit veldig bra tilbod for oss no i påskeferien, synest han. Ute var det fleire barn på besøk i Botanisk hage saman med foreldre og besteforeldre.

 

2200 besøkjande tok turen innanfor portane til Botanisk hage i går. 286 av dei gjekk inn i musea. Det er 40 prosent fleire enn måndag i påskeveka i fjor. Det opplyser Hanne Lene Skjeklesæther i Seksjon for utoverretta verksemd ved Naturhistorisk museum på Universitetet i Oslo. Og det var 70 prosent fleire enn fjor som besøkte Botanisk hage. – Påska 2013 låg snøen her, medan hagen no viser seg frå si vakraste side med tidleg vårblomstring, forklarar ho. Naturhistorisk museum vil halda ope alle dagar i påska, også  måndag 2. påskedag.  Botanisk hage held ope frå kl. 07.00 til 21.00, medan musea opnar dørene klokka 11.00 og stengjer dei klokka 16.00.

 

 

 

 

Emneord: Natushistorisk museum, Museene, Forskningsformidling Av Martin Toft (tekst) og Ola Sæther (foto)
Publisert 15. apr. 2014 09:56 - Sist endra 15. apr. 2014 12:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere