– Norske universitet kan læra av NTNUs talentsatsing

For to år sidan takka lingvisten Terje Lohndal ja til førsteamanuensisstilling ved NTNU og nei til postdoktorstilling ved UiO. – Eg har fått det endå betre enn eg våga å håpa på, seier den 28 år gamle førsteamanuensen i engelsk lingvistikk  til Uniforum.

SATSAR UNGT: Førsteamanuensis i lingvistikk Terje Lohndal er med i ei gruppe på 17 yngre forskarar som NTNU i Trondheim gir spesielt gode vilkår. – Norske universitet kan læra av dette, meiner Terje Lohndal.

Foto: Ola Sæther

I år blei den banebrytande forskinga hans i lingvistikk krona med Nils Klim-prisen som går til yngre, lovande forskarar i Norden. – Det har ført til større merksemd rundt lingvistikken, og så har det sjølvsagt bringa litt ære til NTNU, seier Terje Lohndal. Han er full av lovord om korleis han blei tatt imot etter at han begynte som førsteamanuensis i lingvistikk ved NTNU.

– God støtte frå toppleiinga

– Eg fekk straks gode samarbeidsrelasjonar til dei forskarane eg kjende frå før. Men det aller mest positive var at eg også fekk eit nært og godt forskingssamarbeid med fleire som eg blei kjent med etter at eg kom hit. Heile tida har eg fått god støtte frå toppleiinga ved NTNU, fortel han til Uniforum.

Før han kom til NTNU, tok Terje Lohndal doktorgraden ved prestisjeuniversitetet University of Maryland i USA. Etter hans meining har universitetet det aller fremste fagmiljøet i den typen lingvistikk han har spesialisert seg på. I 2008 tok han bachelorgraden i lingvistikk ved UiO. Han bestemte seg tidleg for å ta doktorgrad.

I ein artikkel i Uniforum frå juni 2012 går det fram at Terje Lohndal i doktoravhandlinga si har presentert teoriar som bryt med den tradisjonelle tenkemåten innanfor grammatikken. Det tradisjonelle synet innanfor formell grammatikk er at eit verb spesifiserer om det skal ha eit objekt eller subjekt. Avhandlinga argumenterer for at grammatikken ikkje tar omsyn til slik informasjon. Dette er ei vidareutvikling av ein teori som først blei foreslått av språkfilosofen Donald Davidson.

– Eit verb som kjøpa spesifiserer ikkje at det må vera nokon som kjøper, som er subjektet, og noko som blir kjøpt, som er objektet. I staden kan det argumenterast for at slike verb berre har ei tyding som er knytt til ei handling, forklarte Terje Lohndal den gongen. Det nære, faglege samarbeidet han har hatt med den verdskjende lingvisten Noam Chomsky, ser han som svært verdifullt.

Med i stjernegruppe på NTNU

Terje Lohndal set svært stor pris på at NTNU har vist at dei vil satsa på yngre, lovande forskarar. – Det er flott at NTNU har plukka ut 17 forskarar inkludert meg sjølv til å vera med i ei slik stjernegruppe. For oss er det fantastisk at NTNU vil satsa så mykje ressursar på så få personar, og gi oss så gode vilkår. Norske universitet har mykje å læra av NTNU på dette området. Samtidig kan det vera vegen å gå for at NTNU skal få fleire forskarar til å hala inn forskingspengar frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Så langt har UiO vore langt betre til det enn NTNU, konstaterer han.

Skal forska på språkleg kompleksitet

No er han svært opptatt av fleire store prosjekt. – Eg er med på å byggja opp ei stor tverrfagleg satsing på Det humanistiske fakultetet på NTNU. Det handlar om språkleg kompleksitet, og me skal sjå på det frå tre ulike perspektiv. Det første handlar om grammatikk, det andre om korleis barn lærer norsk og det tredje handlar om korleis språk blir brukt i samfunnet. Me skal mellom anna sjå på korleis innvandrarar lærer norsk og kor viktig det er at dei også får undervisning i morsmålet. Og så vil me vurdera kva pedagogiske konsekvensar funna våre vil få. Til saman vil seks vitskaplege tilsette og 12 ph.d.-kandidatar arbeida med dette prosjektet, fortel han.

Terje Lohndal er svært opptatt av at yngre forskartalent skal motiverast til å halda fram med forskinga.

– Eg er difor glad for at eg er leiar for eit ph.d.-program ved NTNU. Sidan eg er yngre enn dei fleste andre i den posisjonen, trur eg det også verkar positivt inn på deira inntrykk av forsking, og eg ser kanskje også lettare kva problem og utfordringar dei har, trur han. Midt i alle dei andre forskingsprosjekta, får han også tid til eige arbeid. – Forskinga på forholdet mellom grammatikken og det fleirspråklege, er utruleg spennande. På dette forskingsfeltet har eg samarbeidt med andre forskarar på tvers av heilt ulike fag, fortel han. Og han har ingen snarlege planar om å forlata Trondheim. – Eg har det svært fint og godt som forskar her.

 

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 11. apr. 2014 13:30 - Sist endra 11. apr. 2014 13:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere