Våren er i full blomst i Botanisk hage

Kirsebærblomstringa er i full gang i Botanisk hage. Andre påskedag tok mange turen dit for å beundra vårblomane som no er ferd med å springa ut.

BLOMSTRING: Dette kirsebærtreet i Botanisk hage blomstra i påska, og mange av dei besøkande stansa for å beundra det.

Foto: Martin Toft

Ein av dei flottaste utferdsstadane i Oslo i påska var Botanisk hage ved Naturhistorisk museum på Tøyen. Andre påskedag var praktblomstrane på  eitt av kirsebærtrea ein fryd for auget, og mange tok bilete av seg sjølv og andre under treet.

Den kvite snømagnoliaen (biletet under) frå Honshu i Japan blomstrar også, og håpet er at den raude magnoliaen skal blomstra når Naturhistorisk museum inviterer folk på omvising i Botanisk hage i morgon, onsdag 23. april klokka 18.00. Dei  som har lyst, kan møte opp framfor Botanisk museum (Lids hus). Universitetslektor Kristina Bjureke  ved Naturhistorisk museum vil leia omvisinga.

Emneord: Naturhistorisk museum, Museene Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 22. apr. 2014 10:54 - Sist endra 22. apr. 2014 11:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere