Ikkje pålegg om passordskifte på UiO

Studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo får ikkje pålegg om å skifta passord etter avsløringa av sikringsholet i programvaren OpenSSL. Det går fram av ei melding frå Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT).

INGEN PASSORDSKIFTE: Studentar og tilsette ved UiO får ikkje pålegg om å skifta passord etter holet i sikringa av dataprogrammet OpenSSL.

Foto: Ola Sæther

Mange offentlege nettstader kan ha blitt råka av eit hol i sikringa av programvaren OpenSSL. Men IT-tenesta ved UiO (USIT) opplyser at dei har ingen grunn til å tru at passord er på avvege på UiO. Men dei  viser til at tenester som behandlar passord er blitt utsette for dette sikringsholet, så difor har dei ingen garantiar, skriv USIT i ei melding som ligg på UiOs nettsider.

Det blir peika på at det akkurat no ikkje er noko grunnlag for å påleggja studentar og tilsette på UiO om å skifta passord.  Dei som likevel vil gjera det, kan gå inn på UiOs passordsskifteteneste på https://brukerinfo.uio.no/account/password.php  medan studentar også kan gjera det på tenesta for gløymt passord https://brukerinfo.uio.no/forgotten/password/mobile.php  Alle blir også oppfordra til å skifta passorda sine hos andre tenester dei brukar, dersom dei får beskjed om det. Samtidig blir alle bedne om å vera på vakt mot falske meldingar med pålegg om å skifta passord.

Straks USIT veit noko meir, vil dei koma tilbake med meir informasjon, lovar dei.

Les heile meldinga frå USIT.

Emneord: Arbeidsforhold, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 11. apr. 2014 11:11 - Sist endra 11. apr. 2014 11:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere