Fransk Tibet-ekspert:- Den norske regjeringa bør møta Dalai Lama

– Den norske regjeringa må anten møta Dalai Lama eller krevja at Kina må ta opp igjen dei politiske forhandlingane med Tibets eksilregjering. Det seier den franske Tibet-eksperten Francoise Robin til Uniforum.

MÅ MØTA DALAI LAMA: – Den norske regjeringa må møta han for Noreg er eit så rikt land at det har råd til å trassa Kina. Om regjeringa likevel let vera å møta han, må dei stilla to heilt klare krav til Kinas regjering, meiner den franske Tibet-eksperten Francoise Robin.

Foto: Ola Sæther

Det var på eit pressemøte hos Norsk senter for menneskerettar ved Universitetet i Oslo, professor Francoise Robin frå det nasjonale instituttet for orientalske språk (Inalco) i Paris kom med sine råd om kva den norske regjeringa bør gjera når tibetanarane sin andelege leiar Dalai Lama kjem på Noregsbesøk den 8. mai.

Teikn på veikskap å bøya seg for kinesisk press

Etter hennar meining vil Kinas regjering og Kinas innbyggjarar ta det som eit teikn på veikskap om Noreg bøyer seg for kinesisk press og ingen frå den norske regjeringa møter Dalai Lama under Noregsopphaldet.

– Den norske regjeringa må møta han for Noreg er eit så rikt land at det har råd til å trassa Kina. Om regjeringa likevel let vera å møta han, må dei stilla to heilt klare krav til Kinas regjering. For det første må Noreg krevja at Kina tar opp igjen dei politiske forhandlingane med Tibets eksilregjering om ei felles løysing på situasjonen i Tibet. Noreg kan samtidig tilby seg å hjelpa til med å leggja forholda til rette for at desse samtalane kan kom  i gang igjen etter at dei avbrotne for seks år sidan, fortel Francoise Robin til Uniforum etter at pressemøtet er over.

– Best for Kina å forhandla med Dalai Lama

Ho er overtydd om at den beste sjansen Kina har til å få til ei politisk løysing i Tibet, er å forhandla med Dalai Lama, og bruka godt den tida som er igjen før han døyr.

– Dalai Lama er fødd i 1935 og er fylt 79 år. Det som er sikkert, er at også han kjem til å døy ein gong. Han er ein sann, fredeleg person som aldri har tydd til vald. Og det var noko han lærte av Gandhi etter at han måtte flykta til India og bu i eksil der. Folk i Tibet har ikkje alltid drive med den ikkjevaldslinja som han står for. Før Tibet blei innlemma i Folkerepublikken Kina, hadde dei også eigne militære styrkar i Tibet, minna ho om. 

– Kina vil utnemna Dalai Lamas etterkomar

–Truleg vil Kina sjølv gå ut på leiting etter eit gutebarn som dei vil skal erstatta dagens Dalai Lama når han døyr. Difor har Kina også innført ei lov frå 2007 som seier at det ikkje er lovleg å få til ein reinkarnasjon av ein åndeleg buddhist lama viss den er organisert av ein utanlandsk organisasjon eller person utanfor Kina. I klartekst vil det seia at den kinesiske regjeringa ikkje vil støtta anerkjenninga av Dalai Lamas reinkarnasjon i Tibet, viss heile denne prosessen blir gjennomført av tibetanarar i eksil. Dalai Lama kan truleg svara på dette utspelet med å peika ut sin eigen arvtakar før han døyr eller gi løyve til å finna eit slikt gutebarn i eksil utanfor Tibet.

– Kva vil skje om Kina utnemner sin eigen Dalai Lama?

– Då kan det tibetanske folket  mista endå meir tillit til Kina, og truleg vil dei koma til å demonstrera mot dei kinesiske makthavarane. Tibetanarane vil sjå på den nye Dalai Lama som ei nikkedokke for Kina. Men Kina kan svara med militærmakt og halda fram med å undertrykkja dei, trur Francoise Robin.

– Ein demokratisk stat ville ha sett at det er god grunn til å forhandla fram ei fredeleg løysing om Tibet med Dalai Lama, medan det framleis er tid til det.

Den tibetanske kulturen lever best utanfor den autonome regionen Tibet

Inne på pressemøtet peikar Francoise Robin også på at Tibet handlar om meir enn den autonome regionen Tibet. Også i naboområda til Tibet, bur det mange tibetanarar.

– Faktisk så bur over halvparten av alle tibetanarar utanfor Tibet. Dei bur i andre delar av Kina, i Nepal og i India. Ingen  utanlandske journalistar eller forskarar slepp inn i Tibet om dei søkjer om visum til å jobba der. Men i dei tibetanske regionane utanfor den autonome regionen Tibet, lever den tibetanske kulturen utan den same undertrykkinga. Så der går det an å læra seg det tibetanske språket og dyrka den tibetanske kulturen ganske ope. Og om de ser på eit kart over Tibet, utgjer regionen over ein firedel av Kina. Det er også eit viktig strategisk område. For det er frå dette fjellandet alle dei store elvane i Kina og i India startar si lange vandring mot havet, slår ho fast.

Francoise Robin viser også til at kinesarane meiner tibetanarane har grunn til å vera takksame for det dei har gitt dei.

– Regionen er blitt modernisert, og tibetanarane kjem lettare inn på universitet og høgskular enn Han-kinesarane. Denne positive diskrimineringa meiner kinesarane at tibetanarane må vera takksame for. Samtidig vil tibetanarane sjølve, både i Kina og i eksil, peika på at morsmålsundervisninga tar slutt når barna fyller 11 år. Samtidig brukar alle ungdomsskular i den autonome regionen Tibet kinesisk som hovudspråk i undervisninga, men elevane får tilbod om å delta i ein klasse i tibetansk litteratur og kultur midt i den vidaregåande utdanninga.

– På lang sikt vil dei ved ikkje å ha tilgang til det skrivne tibetanske språket, som har ei 1400 år gamal rik litteraturhistorie, mista ein viktig del av deire tibetanske identitet, fortel Francoise Robin.

På møtet kom det også fram at tibetanske elevar har demonstrert mot forslag om å forby tibetansk som undervisningsspråk på ungdomsskular i Quinghai-provinsen der det bur mange tibetanarar. Resultatet har blitt at tibetansk har halde fram som undervisningsspråk på desse ungdomsskulane, stadfestar Francoise Robin.

 

Emneord: Kina, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2014 23:20 - Sist endra 25. apr. 2014 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere