Ber om 10 millionar i året til senter for europaforsking

ARENA Senter for europaforsking – treng 10 millionar kroner i året i grunnfinansiering for å få ei stabil drift. Det meiner UiO-rektor Ole Petter Ottersen og SV-dekan Fanny Duckert som ber regjeringa setja av ein eigen post på statsbudsjettet til ARENA.

TRENG PENGEINNSPRØYTING: ARENA Senter for europarforsking treng meir pengar for å unngå å skjera ned på aktivitetane. UiO-leiinga ber regjeringa setja av ein fast post på statsbudsjettet til ARENA, der Erik Oddvar Eriksen (biletet) er senterleiar.

Foto: Martin Toft i Uniforum

Det er i eit brev til europaminister Vidar Helgesen det går fram at UiO-rektor Ole Petter Ottersen og SV-dekan går i forbønn for ARENA Senter for europaforsking og ber om at senteret får ei fast årleg løyving på 10 millionar kroner i ein eigen post i statsbudsjettet.

Går med underskot

UiO-rektoren og SV-dekanen viser til at senteret no går med underskot på grunn av svingingar i inntektene frå eksternt finansierte prosjekt.  Dei peikar på at dette er hovudgrunnlaget i det som senteret held på med. Begge peikar på at ARENA står i fare for å måtta redusera aktiviteten på grunn av at senteret ikkje har fått dei inntektene det hadde kalkulert med.   Dei appellerer til europaminister Vidar Helgesen om å  få regjeringa med seg på å setja av ein eigen post på statsbudsjettet til ARENA med ei fast løyving på 10 millionar kroner. Slik vil det vera mogleg å sikra ei stabil grunnfinansiering av ARENA, går det fram av brevet.

Verdsleiande forskingsmiljø

I argumentasjonen sin trekkjer dei fram at ARENA er eit verdsleiande forskingsmiljø innanfor Europa-forsking, bygd opp av UiO-forskarar. Etter deira meining er det også svært relevant på grunn av Noregs status overfor eit EU i endring. Dei reknar også med at ARENA vil vera eit avgjerande verkemiddel i Europa-ministeren sitt arbeid med å sikra auka kunnskap og formidling om Noreg og EU og dei europeiske endringsprosessane.

Om senteret må redusera aktivitetane på grunn av underskotet, fryktar dei to universitetsleiarane at viktig kompetanse som er bygd opp over mange år, kan forsvinna over natta. « En slik nedbygging vil ikke være i tråd med regjeringspartienes uttrykte målsetting om en mer aktiv og kunnskapsbasert Europapolitikk», står det i brevet.  Dessutan blir det understreka at eit fagleg, vitalt ARENA er i samsvar med UiOs langsiktige strategiar for å bli eit internasjonalt leiande universitet.

Uniforum har prøvd å få ein kommentar frå Utanriksdepartementet til ynsket frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen og SV-dekan Fanny Duckert.  Ingen i UD har hatt høve til å kunna kommentera denne saka i dag.

Emneord: Økonomi, EU, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 15. apr. 2014 13:41 - Sist endra 15. apr. 2014 23:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere