Statsminister Erna Solberg lova ingenting om livsvitskapsenteret

- Ein budsjettprosess er ein budsjettprosess, svarte statsminister Erna Solberg då Uniforum spurte henne om livsvitskapssenteret ville bli realisert i hennar regjeringstid. I formiddag trefte ho universitetsleiinga i Ole-Johan Dahls hus på UiO.

FORMIDLING: Statsminister Erna Solberg får ei innføring i teknologien som skal lokka fleire studentar til realfag på UiO. Førstelektor Roger Antonsen ved Institutt for informatikk syner fram teknologien til statsministeren.

Foto: Ola Sæther

Statsminister Erna Solberg kom til Institutt for informatikk i Ole-Johan Dahls hus i formiddag og blei tatt imot av nesten heile universitetsleiinga, med rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i spissen.

I litt over ein time fekk ho både høyrt om UiOs universitetspolitiske strategiar, sett formidling av realfag og fått demonstrert korleis forsking også kan gi praktiske løysingar. Først fekk ho høyra Ole Petter Ottersen fortelja om korleis UiO kan bidra til auka konkurransekraft gjennom innovasjon, nye næringar og arbeidsplassar. Han viste spesielt til milliardsuksessen Algeta, som nyleg blei selt til selskapet Bayer for 17 milliardar kroner.

- Kva er UiOs utbytte av dette? lurte statsminister Erna Solberg på.

- Ikkje pengar til aksjekjøp

UiO-rektoren brukte spørsmålet til å visa til korleis inntekter av nye forskingsbaserte produkt blir fordelte med ein tredel til innovatøren, ein tredel til fagmiljøet og ein tredel til innovasjonsselskapet, som for UiOs del er Inven2.

- UiOs integrering i selskapet blir ganske fort utvatna etter kvart som aksjekapitalen blir utvida. Me har ikkje pengar som me kan kjøpa aksjar for, understreka Ole Petter Ottersen.  Han fekk også fortalt statsministeren kor viktig det var for framtidig medisinsk og naturvitskapleg forsking at det blir bygd eit nytt forskings- og undervisningsbygg for llivsvitskap.

Statsminister Erna Solberg gjorde det seinare heilt klart overfor Uniforum at ho ikkje kunne seia noko om kvar i løypa det prosjektet ligg no. - Ein budsjettprosess er ein budsjettprosess, slo ho fast.

Realfagsformidling

Statsministeren blei også losa vidare til formidlingsrommet til Institutt for informatikk. Der fekk ho ein introduksjon frå førstelektor Roger Antonsen ved Institutt for informatikk i korleis dei prøver å skapa interesse for realfag gjennom å forska på sentrifugalkrafta i berg- og dalbana i Tusenfryd, og gjennom å programmera ein dinosaurfigur  til å bevega seg rundt og ta imot kjærteikn.

Førsteamanuensis Tone Bratteteig frå Institutt for informatikk fortalde om korleis dei saman med sosialantropologar deltar i eit prosjekt på Kampen som skal  gjera det betre for eldre å bruka hjelpemidlar som er betre tilpassa den teknologien dei er vane med å bruka frå før.  Difor vil dei bruka brytarar på radioar, i staden for eit touch-system.

- Dessutan vil me bruka nettbretta slik at Oslo kommune kan gi beskjed til brukarane sine når heimesjukepleiaren kjem og kven som kjem.  Og me vil også ha ein liten skrivar på plass, slik at dei kan få papirkopi av slike beskjedar, fortalde Tone Bratteteig til statsminister Erna Solberg.

Lektorutdanning og universitetsskular

Dekan Berit Karseth på Det utdanningvitskaplege fakultetet fortalde om både lektorutdanninga og pedagogisk-praktisk utdanning. Ho viste til at dei kvart år uteksaminerte 500 lærarar til ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i Noreg.  Statsministeren Erna Solberg uttrykte stor interesse for samarbeidet mellom fakultetet og dei 13 universitetsskulane.  Ho fekk også klar beskjed frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen at det ikkje var gratis å ha eit slikt tilbod.

- Lærarutdanninga hos oss krev store ressursar og stor arbeidsinnsats. UiO investerer meir pengar i dette enn det me strengt tatt har. Samarbeidet vårt med Oslo-skulen er difor svært viktig,  peika han på.

Og Erna Solberg var også opptatt av situasjonen til lærarane. - Karrierevegen for lærarane er svært viktig for oss, sa ho. Solberg ville også vita kva tilbod lektorstudentane innanfor realfaga får på UiO.

-  Lektorstudentane innanfor realfag får, slik som dei andre studentane ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet nytte av prosjektet Beregningsorientert utdanning - Computing in Science Education. Studentane får gjennom dette prosjektet praktiske kunnskapar både i det å bruka ferdig programvare for utrekningar og sjølv å programmera utrekningar. Dette gir eit høve til å eksponera  studentar  for samfunnsrelevante problemstillingar frå den aller første dagen på studiet, fortalde dekan Berit Karseth.

Statsminister Erna Solberg gjekk igjen utan å ha lova noko anna enn at ho skulle koma tilbake til UiO og halda eit foredrag om økonomisk politikk seinare denne veka.

TOPPMØTE: Statsminister Erna Solberg møtte både rektor Ole Petter Ottersen, prorektor Ruth Vatvedt Fjeld, viserektor Ragnhild Hennum universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, og assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen på Institutt for informatikk, UiO i formiddag. Lengst til venstre kommunikasjonsrådgjevar Camilla Ryste frå Statsministerens kontor. Lengst bak: Gabrielle Legrand Gjerdset, leiar for Studentparlamentet. (Foto: Martin Toft)

Emneord: Informatikk, Undervisning, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. mars 2014 15:22 - Sist endra 19. mars 2014 10:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere