UiO skrinlegg formidlingsprofessorat

Det blir likevel ikkje oppretta noko formidlingsprofessorat ved Universitetet i Oslo. Dei 28 søkjarane til stillinga fekk beskjed denne veka. – Ei dårleg førebudd utlysing, meiner medieprofessor Jostein Gripsrud , som søkte jobben.

TREKKJER UTLYSING: UiO har skrinlagt professoratet i forskingskommunikasjon. - For at ikkje me skulle få ein urettferdig evalueringsprosess som ikkje ville vera i samsvar med vanlege akademiske prinsipp, måtte me trekkja søknaden, seier rektor Ole Petter Ottersen,

Foto: Ola Sæther

UiO-rektor Ole Petter Ottersen kunngjorde  i forskning.no i september i fjor at Universitetet i Oslo for første gong skulle oppretta eit professorat i forskingskommunikasjon.  – Me må bli betre på å kommunisera forsking, sa han til forskning.no.

Etter planen skulle det tilsetjast ein person i professoratet i 2014. Ynsket frå universitetsleiinga var at komande forskarar raskt skulle koma i gang med å tenkja formidling.

– Professoratet skal hjelpa nye forskarar til å koma tidleg i gang, sa Ottersen til forskning.no.  Professor i nordisk sakprosaforsking Johan Tønnesson og pensjonert sosiologiprofessor Ragnvald Kalleberg var mellom dei fem som har arbeidd fram det nye professoratet.

 – Ein kongstanke

Med eit pennestrok har altså universitetsleiinga skrinlagt heile professoratet.

I eit brev som er sendt til alle søkjarane og som Uniforum har fått tilgang til, grunngjev UiO avgjerda om å trekkja heile utlysinga med at «det er store utfordringer med en forsvarlig, faglig og forvaltningsmessig korrekt prosess.»  Det er underteikna av både rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa.  Bjørneboe.

– Det var ein kongstanke for både meg som rektor og for universitetsleiinga å få etablert eit professorat i forskingsformidling ved UiO, seier Ole Petter Ottersen.  Han viser til at det var stor interesse for stillinga og at dei fekk ein lang søkjarliste med mange gode kandidatar, men søkjarane hadde vidt forskjellige kvalifikasjonar og bakgrunn.

– For at me ikkje skulle få ein urettferdig evalueringsprosess som ikkje ville vera i samsvar med vanlege akademiske prinsipp, måtte me trekkja heile utlysinga.Dette skjedde i samråd med dekanane. Det var for stor fagleg spreiing mellom søkjarane til at me kunne få til ei likeverdig behandling, fortel Ottersen. 

– Vil dette seia at det har gitt opp heile ideen om å etablera eit formidlingsprofessorat ved UiO?

– No vil me diskutera om me skal starta på nytt, og om kva me då skal leggja inn i utlysingsteksten, Viss me startar på nytt, må me løysa utfordringa med ei søkjarliste med personar med vidt forskjellig fagbakgrunn og ulike kvalifikasjonar, meiner Ottersen.

– Underleg prosess

Ein av dei 28 søkjarane er medieprofessor Jostein Gripsrud frå Universitetet i Bergen.  Han er ikkje imponert over framgangsmåten til UiO i denne stillingsutlysinga.

– Det har vore ein underleg prosess. Då eg sende inn søknaden min i haust fekk eg ei automatisk melding om at søknaden var mottatt.  Midt i februar fekk eg så ein epost der ein person, som i strid med engelsk rettskriving kalla seg "advicer", opplyste at dei hadde store problem med å finna ut korleis dei skulle handtera prosessen rundt tilsetjinga,  fortel Jostein Gripsrud til Uniforum. 

Vanlegvis får dei som søkjer ledige stillingar tilsendt ei liste over alle søkjarane. – Det skjedde ikkje i mitt tilfelle. I går fekk eg så brevet som informerte om at heile formidlingsprofessoratet var skrinlagt, seier Gripsrud.

– Det er pinleg at utlysinga ikkje var betre førebudd. Mange folk har kasta bort mange timar på å skriva søknader, slår han fast.

 Internasjonal interesse

Mellom dei 28 søkjarane var det personar både frå Noreg, Frankrike, Nederland og USA.  Mellom søkjarane var også professor Nina Witoszec frå Senter for utvikling og miljø, UiO, forskar Bjørn Samset frå Cicero, sivilingeniør Jo Røislien frå Discovery Channel og NRK, førstekonservator Vidar Enebakk frå Teknisk museum og førsteamanuensis Harald Hornmoen frå Høgskulen i Oslo og Akershus.

Emneord: Forskningsformidling, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 18. mars 2014 17:20 - Sist endra 19. mars 2014 01:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere