Oslobenken innvigde Oslobenken i Botanisk hage

Mest heile Oslobenken med tidlegare statsminister Jens Stoltenberg i spissen, innvigde i formiddag den nye Oslobenken i Botanisk hage på Tøyen. Etterpå tok styreleiar Kristin Halvorsen  i Naturhistorisk museum ved UiO dei med på omvising.

OSLOBENKEN PÅ OSLOBENKEN: Oslos stortingspolitikarar fekk alle plass på Oslobenken i Botanisk hage.

Foto: Ola Sæther

Då Oslobenken hadde sett seg på Oslobenken inne i Oldemors hage, tok UiO-rektor Ole Petter Ottersen ordet. – Det er ei stor glede for meg som rektor å kunna tala til nesten heile Oslobenken samtidig. Å klara å få samla dykk alle, er ikkje alltid like lett, sa Ottersen.

800 000 besøkjande i året

Både UiO-rektor Ole Petter Ottersen og direktør Arne Bjørlykke ved Naturhistorisk museum la fram sine visjonar og planar for det framtidige veksthuset i kombinasjon med eit Viten-senter og vidare utbygging på Tøyen. – Når Veksthuset står ferdig, håpar me at me har klart å utvikla ein attraksjon som vil trekkja 800 000 betalande personar til museet årleg. Eg er viss på at det også vil bli ein attraksjon for folk i dei andre nordiske landa, sa direktør Arne Bjørlykke.

– Like stort som Frognerparken

Oslo kommune var representert med bystyrepresentant Marianne Borgen frå SV og kulturbyråd Hallstein Bjercke frå Venstre.

– Når me får eit samanhengjande parkområde med Naturhistorisk museum, veksthus, Viten-senter og ein badepark, vil me få eit samanhengjande parkområde som er like stort som Frognerparken, fortalde Tøyen-prosjektets mor Marianne Borgen  til dei frammøtte.

Ferdig i 2019

Og kulturbyråd Hallstein Bjercke var heilt einig: – Her trur me både barn og vaksne vil koma og læra om naturen. Marianne Borgen var svært nøgd med at dagens regjering står fast på avtalen som den førre regjeringa gjorde at om Oslo kommune går inn med 25 millionar til Tøyen-prosjektet vil staten plussa på med 25 millionar til øyremerkt til Tøyen bydel. Om alt går som dei håpar, trur dei at både nytt veksthus, Viten-senter og badelandet vil vera på plass i 2019.

Etter innføringa i planane for eit nytt veksthus, blei politikarane losa vidare til paleontologen Jørn Hurum for å sjå kor langt han og kollegaene hans var komne med å setja saman bitane i dinosaurpuslespelet frå Svalbard.

Det siste punktet på det offisielle programmet var ein tur inn på utstillinga «Sexus « i Zoologisk museum. Den viser korleis mennesket og andre organismar har utvikla seg gjennom mange millionar år, og korleis utviklinga av to kjønn har vore utslagsgjevande for at det ikkje lenger berre lever amøbar på jorda.

Ingen politikarar kunne lova meir pengar til UiO i denne omgang. I alle fall ikkje under open himmel. Etter omvisinga tok Kristin Halvorsen dei med til eit møterom. Planen var å diskutera budsjett og tal med Oslobenken der.

 

Emneord: Naturhistorisk museum, Museene, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. mars 2014 16:11 - Sist endra 21. mars 2014 16:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere