Opprør mot Uppsala-rektor – verna av styret

Uppsala-rektor Eva Åkesson opplevde eit ope opprør mot leiarstilen sin frå tre viserektorar og åtte dekanar. Dei kravde at ho måtte gå. Etter at fleirtalet i styret for Uppsala universitet tok henne i forsvar, har fleire av opprørarane trekt seg frå verva sine.

NEKTAR Å GÅ AV: Rektor Eva Åkesson nektar å gå av som rektor ved Uppsala universitet, trass i at tre viserektorar og åtte dekanar krev det.

Foto: Mikael Wallerstedt

Det var for rundt ein månad sidan misnøya med rektor Eva Åkesson ved Uppsala universitet braut ut i eit ope opprør. Då sende tre viserektorar og åtte dekanar eit brev til universitetsstyret der dei kravde at Uppsala universitets første kvinnelege rektor måtte få sparken. Tidlegare hadde dei sendt eit likelydande brev til det svenske kunnskapsdepartementet.

Problem i leiinga og styringa

– Det finst problem i leiinga og i styringa av Uppsala universitet,  sa Britt Skogseid, professor og viserektor for vitskapsområdet medisin og farmasi, og ein av dei som hadde underteikna brevet, ifylgje det svenske telegrambyrået TT. Den same dagen gjorde rektor Eva Åkesson det heilt klart at ho ikkje var inne på tanken om å trekkja seg frå rektorvervet. Nokre dagar seinare bestemte styreleiar Carola Lemne å ta opp saka på eit utvida møte i styret for Uppsala universitet. Då møtet var ferdig, var Eva Åkesson framleis like bestemt på at ho ikkje ville trekkja seg frå rektorvervet.

Vil utvikla leiarskapen sin

– Eg presenterte mitt syn på saka. Deretter har eg lytta til kritikken frå viserektorane .Eg tar sjølvsagt kritikken alvorleg. Eg er villig til å utvikla leiarskapen min, sa Åkesson til Dagens Nyheter. Ho gjorde det klart at ho ville tenkja over det som hadde kome fram på møtet: – Eg kjem til å analysera dette. På det neste møtet med styret kjem eg til å kommentera den kritikken som er blitt retta mot meg. Eg går ikkje av på grunn av den kritikken som er blitt presentert for meg, sa ho til fleire svenske aviser etter styremøtet.

Heller Uppsala enn Paris

Seinare stemte fleirtalet av styret for at dei framleis hadde tillit til universitetsrektoren. Ifylgje lokalavisa Uppsala Nya Tidning var rundt 60 prosent av styremedlemane for å gi henne vidare tillit, medan 40 prosent stemte blankt. Rektoren hadde full støtte frå studentrepresentantane.

Lokalavisa Uppsala Nya Tidning avslørte rett før styremøtet i februar at styreleiar Carola Lemme hadde mislykkast i å prøva å overtala Eva Åkesson til å gå av som rektor og

Organiseringa av Uppsala universitet:

Konsistoriet/styret, ekstern styreleiar

Rektor, tilsett av regjeringa

Tre viserektorar som leiar kvar sine vitskapsområde:

Vitskapsområdet for medisin og farmasi (to fakultet)

Vitskapsområdet for humaniora og samfunnsvitskap (seks fakultet)

Vitskapsområdet for teknikk og naturvitskap (eitt fakultet)

Dei tre viserektorane sit også i rektors leiarråd saman med prorektor, universitetsdirektør og tre studentrepresentantar, inkludert ein ph.d.-student.

stilla som kandidat til ei ledig stilling ved UNESCO-hovudkvarteret i Paris.

Ingen av kritikarane hennar kan svara konkret på kvifor dei krev at rektor Eva Åkesson må gå. Den klaraste kritikken kjem mot leiarstilen hennar. Ifylgje University World News har dekan Jan Lindegren på Det humanistiske fakultetet forklart at veremåten hennar skremmer livskiten ut av mange av medarbeidarane. Han har også sagt til studentavisa Ergo at Eva Åkesson står for ei New Public Management-tenking som ikkje tener Uppsala universitet.

Tre viserektorar og ein dekan går av

I førre veke utspelte det førebels siste kapitlet i dramaet på Uppsala universitet seg. Då trekte dei tre viserektorane seg, og dekan Jan Lindegren ved Det humanistiske fakultetet  gjorde det klart at han ville gjera det same.

Rektor Eva Åkesson sit dermed framleis på vervet som rektor ved Uppsala universitet. Og det er berre regjeringa ved det svenske kunnskapsdepartementet som kan gi henne sparken. Så langt har den svenske regjeringa halde si vernande hand over henne.

UPPSALA UNIVERSITET: Museum Gustavanium ligg i ein av dei eldste bygningane til Uppsala universitet (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: Norden, Sverige, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. mars 2014 15:29 - Sist endra 25. mars 2014 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere