Guantanamo-advokatar søkte råd frå UiO-forskarar

Dei amerikanske advokatane til Guantanamo-fangen Mustafa Al-Hawsawi kom nyleg til PluriCourts - Senter for forsking om internasjonale domstolar sin legitimitet ved UiO for å få gode argument til forsvaret av klienten sin.

SØKTE RÅD: Advokatane til Guantanamo-fangen Mustafa Al-Hawsawi bad om råd frå forskarane ved Pluricourts - Senter for forsking om internasjonale domstolar sin legitimitet, ved UiO. PhD Mitch Robinson (i midten) har vore gjesteforskar ved Norsk senter for menneskerettar. Lengst til høgre jussprofessor Mads Andenæs . Heilt til venstre Joey Barefield, det amerikanske luftforsvaret.

Foto: Martin Toft

Er det mogleg å bruka Geneve-konvensjonen og hevda at Mustafa Al-Haswawi er ein krigsfange? Korleis passar krigen mot terrorisme inn i internasjonal lovgjeving på dette området? Går det an å skulda klienten vår for å delta i ei internasjonal samansverjing? Dette var ein del av spørsmåla forsvarargruppa til Guantanamo-fangen Mustafa Al-Hawsawi kom til PluriCourts – Senter for forsking om internasjonale domstolar sin legitimitet ved UiO nyleg for å få svar på.

Guantanamo-fangen arrestert i Pakistan

Klienten deira Mustafa Al-Hawsawi frå Saudi-Arabia blei arrestert i Pakistan 1. mars 2003 saman med Khalid Sheikh Mohammed. USA skuldar Al-Hawsawi for å vera medlem av Al-Quaida, og for å ha organisert og finansiert terroråtaka på USA 11. september 2001. Begge mennene blei overførte til ein hemmeleg fangeleir i Afghanistan, før Mustafa Al-Hawsawi seks månader seinare blei send til den militære fangeleiren på Guantanamo. I mars året etter blei han frakta ut av Guantanamo igjen og sendt på nytt til ein av dei hemmelege fangeleirane til CIA. Over to år seinare, i september 2006 kom han tilbake til den militære fangeleiren på Guantanamo. Sidan har han sete der som fange. Saka mot han vil koma opp for ein militær domstol på Guantanamo, den amerikanske basen som ligg på Cuba.

Geneve-konvensjonen

Forsvararteamet som besøkte UiO er sett saman av Walter Ruiz, som er forsvarar for Al-Hawsawi, teknisk sersjant Joyey Barefiled frå Det amerikanske luftforsvaret og ph.d. i internasjonal rett, Mitch Robinson. Då dei hadde møtet med forskarane på PluriCourts hadde dei også med seg jurist Suzanne Lachelier frå Den amerikanske marinen på Skype frå Washington.

På møtet deltok heile den vitskaplege staben til Pluricourts, supplert med Gro Nystuen frå International Law and Policy Institute i Oslo og jussprofessor Mads Andenæs og Kjetil M. Larsen frå Norsk senter for menneskerettar. Rundebordskonferansen blei leidd av visedirektør Geir Ulfstein ved PluriCourts. Uniforum fekk som einaste avis vera til stades under den første delen av konferansen.

Det første spørsmålet dei stilte, fekk dei eit klart svar på frå Gro Nystuen. – Nei, det går ikkje an å bruka Geneve-konvensjonen i dette tilfellet og krevja at klienten dykkar blir behandla som ein vanleg krigsfange. Hovudårsaka er at han er frå Saudi-Arabia, konstaterte ho. Nystuen viste til at han var frå eit land som ikkje var part i den væpna konflikten , viss det no var ein konflikt mellom USA og Afghanistan, noko ein for så vidt godt kan hevda – i alle fall til Taliban fall, slik ho tolka det. – Altså: mannen sin statsborgarskap er hovudgrunnen til at han ikkje kan klassifiserast som krigsfange etter artikkel 5 i Geneve-konvensjonen III (GK III), understreka Nystuen.

Tidlegare gjesteforskar visste om PluriCourts

Etter kvart blei dei juridiske detaljane så innfløkte, at det ville vera naudsynt å ha ein doktorgrad i jus for å få med seg dei viktigaste punkta i diskusjonen. Derfor kunne direktør Andreas Føllesdal i PluriCourts utan fare for å gå glipp av noko, ta ein tur på gangen og fortelja kvifor dei amerikanske advokatane kom til forskingssenteret for å få råd som dei kan bruka i forsvaret sitt for Guantanamo-fangen Mustafa al-Hawsawi.

– Hovudgrunnen er at juristen Mitch Robinson var gjesteforskar ved Norsk senter for menneskerettar. Då oppdaga han at me hadde dette store forskingssenteret som mellom anna ser på dei internasjonale straffedomstolane.

– Var det vanskeleg å få i stand eit slikt møte?

– Den dagen me fekk denne førespurnaden, helsa me den sjølvsagt velkommen. Det er ein form for samfunnsnytte , og me vil gjerne brukast når me blir spurde om slike råd, seier direktør Andreas Føllesdal i PluriCourts ved UiO.

 

 

 

Emneord: Jus, Internasjonalisering, USA Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2014 15:26 - Sist endra 13. mars 2014 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere