Forstår at formidlingsprofessoratet er lagt på is

– Eg har stor forståing for at det blei vanskeleg å tilsetja nokon i formidlingsprofessoratet, seier biologiprofessor og universitetsstyrerepresentant Kristian Gundersen. – Det er trist, synest professor i sakprosa,  Johan Tønnesson.

STØTTAR AVGJERDA: – Eg trur ikkje Universitetsstyret og universitetsleiinga hadde ei klar oppfatning av kva type professorat dei ynskte seg, då det blei vedtatt oppretta, seier biologiprofessor og universitetsstyrerepresentant Kristian Gundersen. Han støttar difor avgjerda om å trekkja utlysinga av formidlingsprofessoratet.

Foto: Ola Sæther

Det var i går Uniforum melde at universitetsleiinga hadde avgjort å leggja det planlagde formidlngsprofessoratet på is.Vedtaket blei grunngitt med at det var for stor spreiing i kvalifikasjonar og fagområde mellom dei 28 søkjarane. Det ville difor ikkje vera mogleg å kunna gi dei ei rettferdig handsaming i tilsetjingsprosessen som ville vera i samsvar med vanlege akademiske prinsipp.

Medieprofessor Jostein Gripsrud, som var ein av søkjarane, meinte utlysinga var dårleg førebudd. – Det er pinleg at utlysinga ikkje var betre førebudd. Mange folk har kasta bort mange timar på å skriva søknader, slo han fast.

Trekte utlysinga i samråd med dekanane

I går gjorde UiO-rektor Ole Petter Ottersen det klart at etableringa av eit formidlingsprofessorat hadde vore ein kongstanke hos han og resten av universitetsleiinga.

– For at me ikkje skulle få ein urettferdig evalueringsprosess som ikkje ville vera i samsvar med vanlege akademiske prinsipp, måtte me trekkja heile utlysinga. Dette skjedde i samråd med dekanane. Det var for stor fagleg spreiing mellom søkjarane til at me kunne få til ei likeverdig behandling, fortalde Ottersen. Han gjorde det også klart at om dei skulle diskutera ei slik utlysing på nytt, ville dei også drøfta nærmare kva ei ny utlysing skulle innehalda. – Viss me startar på nytt, må me løysa utfordringa ei søkjarliste med personar med vidt forskjellig fagbakgrunn og ulike kvalifikasjonar gir, meinte Ottersen.

Støttar avgjerda

Biologiprofessor og styrerepresentant Kristian Gundersen støttar avgjerda om å trekkja heile utlysinga og ikkje tilsetja nokon i formidlingsprofessoratet no. – Eg trur ikkje Universitetsstyret og universitetsleiinga hadde ei klar oppfatning av kva type professorat dei ynskte seg, då det blei vedtatt oppretta. Difor forstår eg godt at rektor Ole Petter Ottersen har tatt denne avgjerda, seier Gundersen.

– Trist

Ein av dei som synest det var svært leitt å høyra at det førebels ikkje blir noko av professoratet i forskingskommunikasjon, er sakprosaprofessor Johan Tønnesson. Han er ein av dei fem som har arbeidd fram innhaldet i dette professoratet. – Dette er veldig trist. Det var ein god idé og eit godt initiativ frå rektor Ole Petter Ottersen, meiner han. Tønnesson peikar også på at initiativet var ein fin oppfylging av eitt av forslaga som kom fram i meldinga «En ny formidlingspolitikk»,  som blei leidd av sosiologiprofessor Ragnvald Kalleberg og som hadde han sjølv som sekretær.

– Målet var at den som blei tilsett, både kunne vera ein fagperson i formidling og samtidig gjera andre forskarar dyktige i formidling og kunna forska på det. Meininga var at professoren skulle vera ein del av eit fagmiljø, men samstundes ta del i forskarutdanning på heile universitetet, understrekar Tønnesson. Han viser til at det finst formidlingsprofessorat på amerikanske universitet. – Ei stund var eg ikkje sikker på kor stor interesse det ville vera for eit sånt professorat, men då det kom inn søknader frå 28 personar, mange av dei godt kvalifiserte, steig optimismen hos meg, fortel han.

– Håpar på ny utlysing

Etter hans meining bør UiO gjera eit nytt forsøk.

– Eg håpar at saka snart kjem opp på nytt og at dekanane i fellesskap klarer å finna fram til ei ny utlysing med eit litt anna innhald, og med betre prosedyrar for korleis tilsetjinga skal gå føre seg, seier han. Når det gjeld spørsmålet om kva fakultet som skal ha formidlingsprofessoratet, meiner han at svaret på det er lett.

– Det bør leggjast til det fakultetet der den som blir tilsett har fagbakgrunnen sin frå, understrekar han. – No håpar eg at flest mogleg at dei 28 søkjarane sender inn ny søknad når stillinga blir lyst ut på nytt. Det som er viktig er at personen har god kunnskap om vitskaplege metodar og vitskapsteori, i tillegg til at vedkommande har masse kunnskap om forskingsformidling. Dette vil verken bli journalistikk eller marknadsføring, slår Johan Tønnesson (biletet) fast. – God vitskapskommunikasjon er noko anna, legg han til.

Dette var UiOs definisjon av formidlingsprofessoratet i utlysingsteksten:

«Den som tilsettes, skal forske, veilede, undervise og selv formidle både egen og andres

forskning og vitenskapsformidling. Virksomheten skal være tverrfaglig orientert, og den som tilsettes, bør delta i samfunnsdebatten når vitenskapsformidling står på dagsordenen.

For å dyktiggjøre unge forskere i forskningsformidling skal hoveddelen av undervisningen

tilknyttet professoratet inngå i PhD-utdanningen. Det hører også til stillingen å utvikle nye og

velegnede fora for kommunikasjon mellom forskere fra spesialiserte fagområder og

institusjoner og allmennheten.» (Fra stillingsannonsen «Professorat i formidling av forsking og vitenskap»)

Ei åremålsstilling?

Etter biologiprofessor Kristian Gundersen si meining er ikkje løysinga på manglande formidling nødvendigvis å etablera eit eige professorat i emnet. – Dessutan er det ein myte at UiO er så dårleg på formidling. Kvar dag er det over 40 oppslag om UiO i norske media, og då har eg ikkje tatt med innslaga i radio og fjernsyn. Det blir formidla mykje og mykje bra av UiO-forskarar i media, meiner Gundersen. Han foreslår at eit eventuelt nytt formidlingsprofessorat må organiserast på ein litt annan måte enn andre professorat. – Det burde kanskje lysast ut på åremål, seier han.

Les også UiO skrinlegg formidlingsprofessorat

 

 

 

 

Emneord: Forskningsformidling, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 20. mars 2014 12:39 - Sist endra 23. juni 2014 19:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere