Stadnamnprofessor Tom Schmidt: – Eg nektar å flytta

– Eg flyttar ikkje, seier stadnamnprofessor Tom Schmidt . Dei faste vitskaplege tilsette i Norsk Ordbok og i språksamlingane kan bli overførte til Nasjonalbiblioteket og bli forskingsbibliotekarar.

KRITISKE: Stadnamnprofessor Tom Schmidt vil heller lata seg pensjonera enn å bli flytta til Nasjonalbiblioteket. Hovudredaktør Oddrun Grønvik i Norsk Ordbok vil fylgja med språksamlingane, men trur ikkje IKT-løysingane til Nasjonalbiblioteket vil vera gode nok.

Foto: Ola Sæther

Etter det Uniforum kjenner til, er det blitt diskutert om dei sju fast vitskaplege tilsette i Norsk Ordbok og språk- og namnesamlingane skal overførast til Nasjonalbiblioteket. Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen på Institutt for lingvistiske og nordiske studium stadfestar at Nasjonalbiblioteket er blitt nemnt som eit alternativ i drøftingane.

– Eg har ikkje føreslått å overføra samlingane til Nasjonalbiblioteket. Språk- og namnesamlingane er eit verdifullt materiale, men instituttet kan vanskeleg ta vare på og vidareutvikla desse i framtida, ettersom våre hovudoppgåver skal vera å drive forsking og undervisning. Eg har derfor i to omgangar invitert dei tilsette på språk- og namnesamlingane til ein diskusjon om korleis framtidig forvaltning og vidareutvikling kan skje. I denne diskusjonen har eg presentert Nasjonalbiblioteket som eit alternativ.

– Korleis stiller Nasjonalbiblioteket seg til forslaget?

Sidan dette ikkje er eit konkret forslag, men eit alternativ me på Institutt på lingvistiske og nordiske studium diskuterer internt for tida, har det sjølvsagt ikkje vore formell kontakt med Nasjonalbiblioteket om denne saka, svarar Kristoffersen.

 

– Må vera nær universitetet

Nasjonalbiblioteket er ikkje eit alternativ som er særleg attraktivt for dei faste vitskaplege tilsette som Uniforum har vore i kontakt med:

– Eg ønskjer å arbeida  der språksamlingane er. Tilknytingsform og organisering er i støypeskeia, men IKT-løysingar, nærleik til forskinga og behovet for rekruttering tilseier at språksamlingane bør vera nær universitetet, seier hovudredaktør Oddrun Grønvik i Norsk Ordbok til Uniforum.

– Språksamlingane ved UiO utgjer ein del av den nasjonale infrastrukturen, som er ein del av grunnlaget for at landet har ein faktabasert språkpolitikk. Dette er for stort til å bli skusla bort, legg ho til.

Blir heller pensjonist

Stadnamnprofessor Tom Schmidt er ikkje særleg glad for at han kan risikera å bli flytta til Nasjonalbiblioteket saman med språk- og namnesamlingane. – I dag har eg ei forskingstid på mellom 40 og 50 prosent. Eg veit ikkje korleis det er på Nasjonalbiblioteket, men på Universitetsbiblioteket har dei mellom 10 og 15 prosent. Min plan er ikkje å bruka resten av tida til å ta bøker inn og ut av hyllene. Då let eg meg heller pensjonera, seier Tom Schmidt til Uniforum.

Vil ta det opp

Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen har ikkje oppfatta at fleire av dei tilsette seier dei heller vil pensjonera seg enn å bli forskingsbibliotekarar. – Dette er noko eg gjerne vil diskutera med dei tilsette, om dei seier det same til meg. Eg reknar med at du forstår at eg ikkje ynskjer å gjera det gjennom Uniforums spalter.

– Kan ikkje skilja databasane

Oddrun Grønvik meiner at det ikkje går an å skilja språksamlingane frå ordboksdatabasane.

– Prosjektet Norsk Ordbok 2014 kan ikkje skiljast frå underlagstilfanget sitt, kvar artikkel i ordboksdatabasen er henta frå samlingane og har tilfang knytt til seg. Samlingane og ordbøkene er ein heilskap av databasar som er utvikla for å hengja saman. Ein kan ikkje plukka ut bitar og senda hit eller dit utan å øydeleggja måten heilskapen fungerer på. For språksamlingane, inkludert namnesamlingane, ordbøkene og andre språkverktøy, snakkar me om fleire hundre årsverk. – Dette arbeidet er utført på den måten som det er gjort, på oppdrag frå UiO. Det har heile tida vore ein premiss at IKT-løysingane for Norsk Ordbok skal kunna gjenbrukast til andre føremål, understrekar Grønvik. Ho viser til at no ligg Bokmålsordboka og Nynorskordboka i same databaseformatet som Norsk Ordbok gjer. Grønvik presenterer tal som syner at i 2013 hadde nettutgåvene av Bokmålsordboka 58,7 millionar søk, medan Nynorskordboka hadde 29,8 millionar. Kvar dag er det i snitt 10 000 oppslag i bøyingsskjemaet i Nynorskordboka, som byggjer på samankoplinga mellom handordbøkene og Ordbanken.

– Å flytta språksamlingane over i andre elektroniske format, ville vera dyrt, arbeidskrevjande og lite funksjonelt. Det mest rasjonelle er å halda fram med samarbeidet med Eining for digital dokumentasjon ved HF, som er samarbeidspartnaren til Prosjekt NO2014 når det gjeld IKT-løysingar, synest ho.

 

Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen meiner at dette er noko som må drøftast vidare.

– Dette er i så fall eitt av spørsmåla som må diskuterast grundig dersom ei overføring til Nasjonalbiblioteket skulle bli noko meir enn eit alternativ som me diskuterer internt ved ILN. I så fall kjem eg gjerne tilbake til spørsmålet, seier Kristoffersen.

 

 

Emneord: Språk, Personalpolitikk, Universitetetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. mars 2014 14:58 - Sist endra 13. mars 2014 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere