Usikker framtid for språksamlingane

Språksamlingane med norske ord, stadnamn og dialektar må vurderast etter kor viktige dei er for forsking og undervisning, understrekar UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

FAGLEG PRIORITERING: - Saman med fakultetet og instituttet skal me bestemma kva som vil vera ei naturleg forvalting av språksamlingane framover. For oss er det viktig at kvar fagleg prioritering må tilpassast strategiane til fakultetet og instituttet, presiserer UiO-rektor Ole Petter Ottersen .

Foto: Ola Sæther

Språksamlingane til UiO har i stor grad både blitt samla av og brukte av dei vitskaplege tilsette i prosjektet Norsk Ordbok 2014. Når det siste bandet er ferdig i mars 2015, er heile prosjektet avslutta.

– Etter denne datoen er ordboksprosjektet ved UiO nedlagt, gjer UiO-rektor Ole Petter Ottersen heilt klart i ein epost til Uniforum. Han viser til at Det Norske Samlaget, som gir ut Norsk Ordbok,  fekk det same svaret i eit brev frå november i fjor. – Me er klare over prosjektet sitt eige ynskje om vidare drift lokalisert til UiO, men for oss er det viktig at prosjekt blir avslutta i samsvar med intensjonane, understrekar Ottersen.

 

Tar ikkje på seg vedlikehaldsarbeidet

UiO-rektoren kan heller ikkje lova at universitetet skal ta seg av arbeidet med oppdateringa av banda til Norsk Ordbok.

– Det er heller ikkje naturleg at UiO eventuelt skal husa eit reint oppdateringsarbeid eller vidare digitalisering. Eit slikt arbeid – dersom aktuelt – må primært sjåast på som ein type vedlikehaldsarbeid som UiO utifrå dei lovpålagde oppgåvene me har, ikkje skal ta ansvar for, slår han fast.

 

Vurderer framtida til språksamlingane

Ole Petter Ottersen er opptatt av å skilja mellom arbeidet med Norsk Ordbok og ansvaret for språksamlingane.

– Når det gjeld språksamlingane, viser me til instituttet si eiga arbeidsgruppe som skal vurdera kor viktige språksamlingane er for forsking og undervisning. Når resultatet av dette arbeidet ligg føre, vil me sjølvsagt sjå på vurderingane til arbeidsgruppa. Saman med fakultetet og instituttet skal me bestemma kva som vil vera ei naturleg forvalting av språksamlingane framover. For oss er det viktig at kvar fagleg prioritering må tilpassast strategiane til fakultetet og instituttet, peikar han på.

 

Krev klarare svar frå UiO

Styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok er ikkje nøgd med svaret frå UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

– UiO seier heilt klart frå om at universitet ikkje tar noko ansvar for å oppgradera band 1 til 5 av Norsk Ordbok. Om UiO også vil ta ansvaret for språksamlingane i framtida, har universitetsleiinga enno ikkje gitt noko svar på. Det er eit uhyre viktig spørsmål, for det handlar om universitetet reknar studiet av norske stadnamn, studiet av norske dialektar og norsk ordtilfang som ein del av ansvarsområdet til universitetet. For meg ville det vera svært overraskande om universitetsleiinga skulle koma fram til at UiO ikkje har noko ansvar for forsking og formidling av norske stadnamn, norske dialektar og norsk ordtilfang.

– Kva bør UiO gjera for å redda desse samlingane for ettertida?

– Det viktigaste for meg er at universitetet gjer opp status her og dannar seg ei meining om kva samlingane er og kva verdi dei har.

Ynskte nasjonal vurdering av samlingane

Magnus Rindal viser til at styret for Norsk Ordbok allereie for to år sidan tok opp spørsmålet om framtida til språksamlingane med prosjekteigaren Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN). – Me ynskte då at Universitets- og høgskulerådet skulle setja ned ein nasjonal komité som skulle sjå på dimensjonering, finansiering og organisering av samlingane. Dessutan foreslo me at det burde sjåast i ein nordisk samanheng. Dette blei det aldri noko av, konstaterer han.

Rindal er klar over at det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe på instituttet som arbeider med dette spørsmålet.

– Ja, men den har eit svært avgrensa mandat, og skal berre sjå på korleis språksamlingane kan tena andre fag på instituttet, som om ikkje leksikografi og namnegransking var eigne akademiske fagdisiplinar.

 – Kva løysing ser du føre deg?

– Eg håpar at arbeidet med språksamlingane i budsjettsamanheng kan bli definert som samfunnskontakt og samlingar, slik som musea, for dei har ikkje som formål å produsera studiepoeng, slik som Institutt for lingvistiske og nordiske studium og andre institutt, seier han.

– Sverige og Danmark satsar

Magnus Rindal er uroleg over at det skjer ei sterk nedbygging, kanskje avvikling, av fagfelta leksikografi og namnegransking ved UiO. Ved andre norske universitet er det heller ingen vitskaplege stillingar på desse områda. Han har rekna ut at  i 2020 vil det ikkje vere nokon stillingar att ved UiO i namnegransking og leksikografi.

– Den manglande prioriteringa i Noreg står i sterk kontrast til satsinga på Gøteborgs universitet med 50 vitskaplege tilsette i leksikografi og på universiteta i København og Uppsala som har 14 vitskaplege stillingar kvar i namnegransking, viser han til.

 

KLART SVAR: Styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok krev at UiO gir eit klart svar på kva som skal skje med språksamlingane. (Foto: Halvard  Dyb, NOVA/HiOA)

Emneord: Forskning, Språk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2014 13:37 - Sist endra 13. feb. 2014 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere