Uruguay er Latin-Amerikas beste land

Uruguay er det aller beste landet å bu i i Latin-Amerika. Grunnen er at det er landet som har det mest grunnfesta demokratiet, opplyser Marta Lagos som leier statistikkbyrået Latinobarómetro i Chile. Dei har undersøkt økonomi, demokrati og livskvalitet i Latin-Amerika.

DEMOKRATISK RÅD: – Om folk skal slutta endå meir opp om demokratiet, er det viktig at statsrådar, politikarar og millionærar blir straffa like hardt for sine brotsverk som ein statsfunksjonær eller ein vanleg statsborgar, meiner Marta Lagos, som leier statistikkbyrået Latinobarómetro i Chile.

Foto: Martin Toft

Undersøkinga stadfestar at det siste tiåret har vore ei god tid for Latin-Amerika. Over seks millionar personar er blitt førte ut av fattigdomen. Desse positive tala var ein del av statistikken Marta Lagos presenterte då ho kunngjorde 2013-resultata frå Latinobarómetro på eit seminar i regi av Norsk Nettverk for Latin-Amerikaforskning (NorLARNet) på Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo. Då la ho likevel ikkje skjul på at over halvparten av dei nær 600 millionar innbyggjarane opplevde økonomiske tilbakesteg i den same perioden.

Misnøye i dei rikaste landa

– Det er to sider av den same medaljen. Og det er dei sistnemnde som går ut i gatene for å protestera, understrekar Marta Lagos.

– Kvifor det?

– Dei vil ha ein større del av det økonomiske kakestykket som i stor grad inneber å eiga hus og eigedom.

Bolivia er eit land som i eit makroøkonomisk perspektiv blir sett på som svært fattig av Verdsbanken, men der innbyggjarane likevel er svært nøgde med fordelinga av velferda. Chile er det motsette tilfellet. Makroøkonomisk blir det sett på som eit svært rikt land, men innbyggjarane er svært misnøgde med korleis denne rikdomen er fordelt, går det fram av undersøkinga.

– Derfor protesterer folk i Chile. Og det same er tilfellet i Brasil. Der opplevde folk ein stor økonomisk vekst medan Lula var president. Etter at han gjekk av, minka farten på den økonomiske veksten, og dei gjekk ut i gatene for å hindra at dei mista det dei allereie hadde oppnådd, fortel Lagos.

I Chile er det likevel berre 10 prosent av folket som vil ha ei autoritær styreform tilbake. 63 prosent gir full støtte til demokratiet. Det er også på tredjeplass mellom dei landa der innbyggjarane sin oppslutnad om demokratiet har auka mest dei siste åra.

Færre demokratitilhengjarar i Mexico

Venezuela og Ecuador har opplevd den største veksten i oppslutnaden om demokratiet, medan oppslutnaden om demokratiet har gått mest tilbake i Mexico.

– Det er svært interessant å leggja merke til. For det finst to typar Venezuela: Dei som støttar den avdøde presidenten Hugo Chávez sin politikk, og alle dei som er imot politikken han står for. Begge sider ser likevel positivt på omgrepet demokrati, sjølv om dei definerer det ulikt. Den sviktande støtta til demokratiet i Mexico, kan ha noko med å gjera med den økonomiske og politiske utviklinga i landet etter 2000, trur Marta Lagos.

Det året overtok Vicente Fox frå opposisjonspartiet PAN presidentvervet, etter at det statsberande partiet PRI hadde hatt makta samanhengjande i 72 år. Etter han overtok partifellen Félipe Calderón, før PRIs kandidat Enrique Peña Nieto vann presidentvalet i 2012, noko som innebar at dei gamle politikarane var tilbake i maktkorridorane. Samtidig er det berre 37 prosent av innbyggjarane som meiner at demokratiet er den beste styreforma. Men berre 16 prosent føretrekkjer ei autoritær styreform. For dei andre 37 prosenta er det akkurat det same om landet har ei demokratisk eller ei autoritær styreform, viser tala frå Latinobarómetro.

Etter to år med den første demokratisk valde presidenten, Vicente Fox, var det 62 prosent av innbyggjarane som meinte at demokratiet var den absolutt beste styreforma. PRIs tilbakevending til presidentembetet kan altså ha gitt demokratiet eit skot for baugen i Mexico, som i tillegg til økonomiske problem, også har store problem med vald og drap på grunn av krigen mot narkotikamafiaen.

Mest demokratisk

– Kva er det beste landet å leva i i Latin-Amerika?

– Uruguay er utan tvil det mest demokratiske landet. Uruguay har eit godt grunnfesta demokrati som 71 prosent av innbyggjarane sluttar opp om. Alle dei andre landa i regionen har grunnfesta, men ikkje perfekte demokrati. Berre åtte prosent av innbyggjarane i Latin-Amerika synest dei har eit fullverdig demokrati.

Tala viser også at folk i Ecuador er dei som er nest mest nøgde med korleis demokratiet fungerer i heimlandet sitt. Den internasjonale kritikken mot landet på grunn av president Rafael Correas kampanje mot pressa og opposisjonen, prellar av på fleirtalet av innbyggjarane. For dei er det viktigare at dei opplever at fattigdomen går tilbake og arbeidsløysa ned. Latinobarómetro tolkar dette som eit prov på at oppslutnaden om demokratiet går opp der folk får nok mat dagleg, medan færre støttar demokratiet om dei må gå svoltne til sengs fleire gonger i månaden.

– Må innføra likskap for lova

– Kva råd vil du gi til politikarane i Latin-Amerika for at det skal bli betre levekår for folk flest?

Fakta om undersøkinga:

I undersøkinga blei det gjort 20 204 kvalitative intervju i 18 land frå 30. mai til 30. juni 2013. Cuba er det einaste landet som ikkje er med.

Latinobarómetro starta statistikkarbeidet i 1995.

I 2013 har organisasjonen fått støtte frå mellom andre Utanriksdepartementet i Noreg, USAs utanriksdepartement, SIDA i Sverige og FN.

– Det er viktig å auka skattane for dei som tener mest. Gi mindre makt til dei som har mest makt i dag. Tilby betre sosiale tenester til fleirtalet av innbyggjarane. Det er mykje urettferd i desse samfunna i dag. Staten må bli i stand til å behandla alle likt etter lova. Ein som har råd til ein god advokat, skal ikkje sleppa unna straffa, medan ein som ikkje har råd til advokat må sona straffa. Om folk skal slutta endå meir opp om demokratiet, er det viktig at statsrådar, politikarar og millionærar blir straffa like hardt for sine brotsverk som ein statsfunksjonær eller ein vanleg statsborgar. I Europa ville dei ha hamna i fengsel uansett politisk eller økonomisk stand, konstaterer ho.

– Har den jamne latinamerikanar eit betre liv no enn det han eller ho hadde for ti år sidan?

– Ja, det er det ingen tvil om. Og dei fattige er faktisk litt mindre fattige enn dei var for ti år sidan. Me må likevel ikkje gløyma at det finst mange skjøre land som Nicaragua, Honduras, Guatemala og Den dominikanske republikken. I dei aller fleste landa finst det også store folkegrupper på landsbygda som ikkje får del i den positive økonomiske utviklinga. Dei kan utgjera opptil ein tredel av folketalet i nokre av desse landa. I lovprisinga av den positive økonomiske utviklinga, må me ikkje oversjå desse innbyggjarane.

Emneord: Latin-Amerika, Internasjonalisering, Globalisering Av Martin Toft
Publisert 12. feb. 2014 14:49 - Sist endra 27. aug. 2020 15:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere