UiO fekk sjokkrekning for festetomter

Stiftinga som eig store delar av eigedomane til Den norske kyrkja kravde at UiO skulle betala 54 millionar kroner i året i festeavgift i staden for 371 000 kroner. Oslo tingrett sette i november leiga til 7,4 millionar kroner. Avgjerda er anka til lagmannsretten.

MILLIONREKNING: UiO har fått krav om å betala 47 millionar kroner i festeavgift for 46 000 kvadratmeter på Nedre Blindern. Halvparten av Kjemibygningen og 85 prosent av Fysikkbygningen ligg på desse tomtene. Det gjer også Geologibygningen, ZEB-bygningen, Farmasibygningen og Helga Engs hus.

Foto: Ola Sæther

Ein stor del av bygningane til Universitetet i Oslo på Blindern ligg på festa grunn. Det vil seia at UiO ikkje eig tomta, men betalar ei årleg leige for den. 83 prosent av Fysikkbygningen, litt over halvparten av Kjemibygningen, 95 prosent av Helga Engs hus,  heile Farmasibygningen, heile Geologibygningen, og heile ZEB-bygningen ligg på festa grunn. Det gjer også Bamsebo barnehage. Til saman utgjer dette nesten 46 000 kvadratmeter. Frå 1962 har UiO betalt rundt 110 000 kroner i leige for dette arealet. Dette blei auka til 371 250 kroner frå 1982.

Kjemperekning

Tomteeigaren er stiftinga Opplysningsvesenets fond, som eig alle eigedomane til Den norske kyrkja. Tidlegare var stiftinga ein del av staten. I 2001 fekk Opplysningsvesenets fond eit eige styre og ei eiga forvalting uavhengig av Kyrkjedepartementet. I praksis blei Opplysningsvesenets fond ei stifting som eig seg sjølv. Samtidig blei det ein av Noregs største grunneigarar.

Etter at stiftinga hadde gått gjennom porteføljen og kontraktane sine, fann dei ut at svært mange betalte festeavgift for tomtene deira for ein svært låg pris. Det var bakgrunnen for at UiO den 30. juni 2011 fekk ei kjemperekning på 16,640 millionar kroner i året for dei 46 000 kvadratmetrane tomteareal som universitetsbygningane på Nedre Blindern stod på. Dette var ei rekning som UiO nekta å betala, men både UiO og Opplysningsvesenets fond blei einige om å lata retten avgjera denne saka.

Tilbaud 1,2 millionar

I retten tilbaud Staten v/UiO å betala Opplysningsvesenets fond ei årleg leige på rundt 1,2 millionar kroner i festeavgift. Opplysningsvesenets fond hadde auka kravet sitt til 54,375 millionar kroner i året. Utrekninga var basert på ei festerente på 7,25 prosent på eit tomteareal på 46 000 kvadratmeter som dei verdsette til 750 millionar kroner. I løpet av rettssaka gjekk Opplysningsvesenets fond med på å seinka kravet til 47 millionar kroner, fordi det ikkje hadde trekt i frå infrastruktur på tomtene, som til saman utgjorde ein verdi på rundt 100 millionar kroner. Dermed blei festeavgifta rekna frå ein tomteverdi på 650 millionar kroner.

Staten ved Universitetet i Oslo meinte at ein evigvarande festeavtale for desse areala som ikkje skulle overdragast vidare, måtte regulerast etter pengeverdien. Det ville best oppretthalda balansen i avtalen, var argumentet til UiO. Difor kravde universitetet at festeavgifta skulle setjast til endringa i pengeverdien rekna frå siste regulering fram til tidspunktet for ny regulering, det vil seia frå 1. juli 2010. UiO aksepterte også at perioden blei rekna frå 1980. Med eit slikt reknestykke ville den årlege festeavgifta altså koma på 1,2 millionar kroner.

Skal betala 7,4 millionar

Skjønnsmedlemane i Oslo tingrett ville ikkje verdisetja tomteareala til høgaste marknadspris, som er prisen ein ville fått om alle tomtene kunne bli brukte til bygging av blokker med husvære. Skjønnsmedlemane  meinte det var meir rimeleg å ta utgangspunkt i tomteprisane som må betalast for å byggja i villastrok.

Avgjerda blei at den samla verdien på tomtene blei sett til 165,6 millionar kroner. Den årlege festeavgifta blei sett til 4,5 % av denne prisen. Konklusjonen blei at Staten ved UiO dermed skulle betala 7,452 millionar kroner i årleg festeavgift til Opplysningsvesenets fond frå og med 1. juli 2010. Denne avgjerda er anka vidare til Borgarting lagmannsrett av Opplysningsvesenets fond.

Dette er Opplysningsvesenets fond:

Ei stifting som eig og forvaltar eigedomane og finanskapitalen til Den norske kyrkja

Fram til 1955 var ikkje prestane statslønna og var avhengige av inntekter frå prestegardane, som blei forvalta av Opplysningsvesenets fond.

Til saman har eigedomane og finanskapitalen ein verdi på sju milliardar kroner

Dette inngår i eigarskapen:

  • 600 eigedomar fordelte på 357 kommunar

  • Samla areal:1 million dekar: 860 000 dekar skog og utmark og 8000 festetomter.

  • 400 preste- og bispebustader og 163 landbrukseigedomar, til saman 1000 bygningar

  • Fondets finanskapital er plassert i norske og utanlandske verdipapir og utlån til kyrkjelege formål.

(Kjelde: Opplysningsvesenets fond)

 Kapra økonomidirektøren til Opplysningsvesenets fond

I 2012 hadde Opplysningsvesenets fond driftsinntekter på 314 millionar kroner. Om fondet får medhald i lagmannsretten for å senda ei rekning på 47 millionar kroner i året til UiO, vil det åleine auka driftsinntektene til fondet med 18 prosent, om me legg rekneskapen frå 2012 til grunn. På nyåret tok denne saka ei interessant vending. Den 22. januar  blei det nemleg kjent at økonomidirektør Knut Riksen i Opplysningsvesenets fond var tilsett som direktør for Verksemds- og økonomistyring ved UiO. Om UiO får ei rekning på 47 millionar kroner i året frå den tidlegare arbeidsgjevaren hans, kan det bli ein vanskeleg jobb for han å finna ut kvar på universitetsbudsjettet desse pengane skal takast frå.

 

Historia bak festekontrakten:

I 1919 vedtok Stortinget å kjøpa opp 60 000 kvadratmeter frå Aker kommunes eigedom, Marienlyst og 140 000 kvadratmeter av gardbrukar Arnesens eigedom, Øvre Blindern og «den fornødne grunn av Vestre Akers prestegård …». Området skulle brukast til bygging av nye universitetsbygningar. Dette var bakgrunnen for at soknepresten i Vestre Aker den 2. juli 1920 festa ein parsell  på om lag 34 mål på Vestre Aker prestegård til «UNIVERSITETET».

Kyrkje- og undervisningsdepartementet godkjente den 17. august bortfestet ved å skriva under på den kontrakten som blei laga for dette festet. Festeområdet blei utvida med 13 mål nokre månader seinare, og tre år etterpå blei også den avtalen godkjent av departementet.  I kontrakten går det fram at festeavtalen er uoppseieleg og at den årlege avgifta blir sett til 200 kroner pr. mål, altså 6500 kroner i året, som skal betalast til soknepresten i to årlege avdrag. Kvart 30. år skal det forhandlast på nytt om den årlege festeavgifta skal aukast. Då det var lagt til 13 mål ekstra frå november 1920, blei den årlege festeavgifta sett til 9 400 kroner. I 1962 blei den årlege festeavgifta auka til 110 000 kroner, medan den blei auka til 371 250 kroner frå juli 1982. I 2010 fekk Universitetet i Oslo ei melding frå Opplysningsvesenets Fond om at det ville forhandla om ny festeavgift.  Året etter kom det eit krav på 16,640 millionar kroner i årleg festeavgift. Den nekta UiO å betala. Då blei partane einige om å få avgjort denne saka i retten.

(Kjelder: Oslo tingrett og Opplysningsvesenets fond)

 

 

 

 

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. feb. 2014 12:26 - Sist endra 21. feb. 2014 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere