Står fast på sjokkrekninga til UiO

Kravet om å auka festeavgifta til Universitetet i Oslo frå 371 250 kroner i året til over 54 millionar kroner i året står framleis fast. Det stadfestar advokat Tim V. Midgaard i Opplysningsvesenets fond overfor Uniforum. UiO er ueinig i kravet.

PÅ FESTA GRUNN: Store delar av Fysikkbygningen, Kjemibygningen og ZEB-bygningen ligg på festa grunn på Nedre Blindern. Tomteeigar er Opplysningsvesenets fond som krev ei festeavgift på 54 millionar kroner i året frå UiO for eit areal på 46 000 kvadratmeter.

Foto: UiO/Francesco Saggio

Det var før helga Uniforum kunne fortelja at fondet som eig ein stor del av eigedomane til Den norske kyrkja, hadde kome med eit krav om at UiO skulle auka den årlege festeavgifta frå 371 250 kroner i året til 54,375 millionar kroner i året. UiO avviste kravet. 46 000 kvadratmeter av universitetsbygningane på Nedre Blindern ligg på grunn som Opplysningsvesenets fond eig. Dette er eit fond som eig og forvaltar  eigedomane og finanskapitalen til Den norske kyrkja.

Festeavtale frå 1920

Festeavtalen mellom UiO og Opplysningsvesenets fond blei inngått i 1920, for at det skulle byggjast nye universitetsbygningar på området. Partane blei einige om at usemja skulle avgjerast i retten. I Oslo byrett kom UiO med eit tilbod om at dei ville godta at festeavgifta auka til 1,2 millionar kroner i året. Dette blei blankt avvist av Opplysningsvesenets fond. Oslo tingrett avgjorde rett før jul i fjor at festeavgifta skulle setjast til 7,4 millionar kroner i året.

– Ubalanse

Denne avgjerda er blitt anka inn for Borgarting lagmannsrett av Opplysningsvesenets fond, stadfestar advokat Tim V. Midgaard. Han forsvarar kravet om at festeavgifta skal hevast med 145 gonger den summen UiO har betalt sidan 1980.

– Leiga er blitt regulert to gonger tidlegare. Derimot har det vore prisføreskrifter for tomtefeste, som har vore med på å halda festeavgifta kunstig låg, i tillegg til at tomteverdien naturlegvis har auka ein god del. Dette har skapt ein ubalanse i det partane har forplikta seg til samanlikna med det som blei avtalt i 1920, slår han fast.

I avtalen går det fram at festeavgifta skal aukast kvart 30 år. Den siste gongen skjedde det i 1982, då avgifta blei auka frå 110 000 kroner i året til 371 250 kroner i året.

– Tomteverdien må leggjast til grunn

Midgaard meiner difor det er på sin plass å auka festeavgifta no.

– Leiga skal derfor auka ganske mykje ved regulering no. Når ein leiger noko, er utgangspunktet i norsk rett at ein betalar leige i samsvar med verdien av det ein leiger. Slik var det også ved inngåinga av avtalen i 1920. Då blei tomteverdien lagt til grunn for festeavgifta, viser han til.

– Ikkje mogleg å få til reelle forhandlingar

Etter hans meining har UiO vore lite samarbeidsvillig i denne saka.

– Når me no skulle regulera festeavgifta, har vi forsøkt å ha ein dialog med universitetet for å bli einige om ny festeavgift utanomrettsleg. Dessverre har det ikkje vore mogleg å få universitetet med på reelle forhandlingar om dette. Universitetet har vist til at leiga ikkje skulle regulerast, berre korrigerast for endringar i pengeverdien, slik at festeavgifta i realiteten ville vera den same som i 1982 og i 1962. Dette har ført til at saken har måtta finna si løysing i retten. Det kom klart fram i avgjerda til tingretten at universitetet sin argumentasjon var feil, går det fram av ein e-post Midgaard har sendt til Uniforum.

– UiO er ueinig i kravet

Ikkje uventa er Universitetet i Oslo heilt ueinig i kravet frå Opplysningsvesenets fond. Det gjer universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe heilt klart.

– Denne saka er under handsaming og den endelege avgjerda er enno ikkje tatt i rettsvesenet. Me kjem ikkje til å førehandsprosedera denne saka i pressa. Det som er klart, er at me er ueinige i Opplysningsvesenets fonds krav, svarar Bjørneboe i ein e-post til Uniforum.

Medan Opplysningsvesenets fond i Oslo tingrett sette tomteverdien til 750 millionar kroner, avgjorde tingretten at ein meir rimeleg verdi var 160 millionar kroner. Det var utslagsgjevande for avgjerda om at UiO skulle betala 7,4 millionar kroner i året i festeavgift, og ikkje 54 millionar kroner, slik det opphavlege kravet til Opplysningsvesenets fond var på.  Det blei rett nok moderert til 47 millionar kroner i året, etter at fondet  hadde trekt frå 100 millionar kroner av tomteverdien for verdien av infrastrukturen i området. Dermed landa Opplysningsvesenets fond på ein tomteverdi på 650 millionar kroner.

Førebels er det ikkje klart når saka kjem opp i Borgarting lagmannsrett. Mest truleg vil det skje tidleg hausten 2014.

Dette er Opplysningsvesenets fond:

 

Ei stifting som eig og forvaltar eigedomane og finanskapitalen til Den norske kyrkja

Fram til 1955 var ikkje prestane statslønna og var avhengige av inntekter frå prestegardane, som blei forvalta av Opplysningsvesenets fond.

Til saman har eigedomane og finanskapitalen ein verdi på sju milliardar kroner

Dette inngår i eigarskapen:

  • 600 eigedomar fordelte på 357 kommunar
  • Samla areal:1 million dekar: 860 000 dekar skog og utmark og 8000 festetomter.
  • 400 preste- og bispebustader og 163 landbrukseigedomar, til saman 1000 bygningar
  • Fondets finanskapital er plassert i norske og utanlandske verdipapir og utlån til kyrkjelege formål.

(Kjelde: Opplysningsvesenets fond)

Om UiO skulle tapa saka og Opplysningsvesenets fond vinna fram med kravet på 54 millionar kroner i året i festeavgift i 30 år, vil det få store økonomiske konsekvensar for universitetet.

Eit lite reknestykke kan gi ein liten peikepinn:

54 millionar x 30 år = 1,512 milliardar kroner

1,512 milliardar = 54 professorstillingar i 30 år med dagens lønnsnivå

1,512 milliardar = 3 gonger prisen for Georg Sverdrups hus

1,512 milliardar =  ein halv milliard over prisen for Ole-Johan Dahls hus (Informatikkbygningen)

1,512 milliardar = drift av 10 senter for framifrå forsking i 10 år, dersom årleg pris er 15 millionar kroner

 

 

Historia bak festekontrakten:

I 1919 vedtok Stortinget å kjøpa opp 60 000 kvadratmeter frå Aker kommunes eigedom, Marienlyst og 140 000 kvadratmeter av gardbrukar Arnesens eigedom, Øvre Blindern og «den fornødne grunn av Vestre Akers prestegård …». Området skulle brukast til bygging av nye universitetsbygningar. Dette var bakgrunnen for at soknepresten i Vestre Aker den 2. juli 1920 festa ein parsell  på om lag 34 mål på Vestre Aker prestegård til «UNIVERSITETET».

Kyrkje- og undervisningsdepartementet godkjente den 17. august bortfestet ved å skriva under på den kontrakten som blei laga for dette festet. Festeområdet blei utvida med 13 mål nokre månader seinare, og tre år etterpå blei også den avtalen godkjent av departementet.  I kontrakten går det fram at festeavtalen er uoppseieleg og at den årlege avgifta blir sett til 200 kroner pr. mål, altså 6500 kroner i året, som skal betalast til soknepresten i to årlege avdrag. Kvart 30. år skal det forhandlast på nytt om den årlege festeavgifta skal aukast. Då det var lagt til 13 mål ekstra frå november 1920, blei den årlege festeavgifta sett til 9 400 kroner. I 1962 blei den årlege festeavgifta auka til 110 000 kroner, medan den blei auka til 371 250 kroner frå juli 1982. I 2010 fekk Universitetet i Oslo ei melding frå Opplysningsvesenets Fond om at det ville forhandla om ny festeavgift.  Året etter kom det eit krav på 16,640 millionar kroner i årleg festeavgift. Den nekta UiO å betala. Då blei partane einige om å få avgjort denne saka i retten.

(Kjelder: Oslo tingrett og Opplysningsvesenets fond)

Les også UiO fekk sjokkrekning

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. feb. 2014 16:41 - Sist endra 27. feb. 2014 17:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere