Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen: – Språksamlingane er grunnlaget for vern av språket

Språkrådet vil no drøfta framtida til dei nasjonale språksamlingane med Kulturdepartementet. Det opplyser direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet til Uniforum.

ANSVAR: – UiO har framleis ansvaret for språksamlingsarbeidet som deira vitskaplege tilsette driv med. Om dei finn det vanskeleg å ta på seg dette ansvaret, må det bli opp til den politiske leiinga i Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet å bestemma kven som skal ta vare på desse samlingane, seier direktør for Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen.  (Foto: Ola Sæther, Uniforum, UiO)

Foto: Ola Sæther

Språkdirektør  Arnfinn Muruvik Vonen deler i stor grad uroa styreleiar Magnus Rindal i Norsk Ordbok føler for framtida til språksamlingane ved Universitetet i Oslo.

– Me er opptekne av språksamlingane fordi dei legg grunnlaget for det som trengst for å kunna ta vare på eit språk i eit samfunn. Om det norske språket skal vera relevant til all slags bruk i samfunnet, må det vera godt dokumentert, legg språkdirektør Muruvik Vonen vekt på. Han peikar på at språksamlingane også er viktige for andre delar av språkarbeidet i Noreg. – For å kunna driva eit godt språknormeringsarbeid, er me avhengige av desse samlingane. Også for å visa korleis språk avspeglar norske kulturuttrykk, er dette viktig.

– Korleis ser du på Universitetet i Oslos behandling av språksamlingane?

– Universitetet i Oslo har framleis ansvaret for språksamlingsarbeidet som deira vitskaplege tilsette driv med. Om dei finn det vanskeleg å ta på seg dette ansvaret, må det bli opp til den politiske leiinga i Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet å bestemma kven som skal ta vare på desse samlingane og syta for at språksamlingsarbeidet held fram, seier Muruvik Vonen til Uniforum. Språkrådet vil no drøfta framtida til dei nasjonale språksamlingane med Kulturdepartementet, opplyser han til Uniforum.

"Et særdeles nyttig fag"

Også Klagenemnda for stadnamn har engasjert seg i det dei ser som ei nedbygging av namnegranskingsarbeidet på Universitetet i Oslo. I eit felles brev peikar noverande leiar, jussprofessor Marit Halvorsen, saman med tidlegare leiar, jussprofessor Kirsti Strøm Bull og nestleiar, jussprofessor Dag Michalsen på kor viktig det er at dette arbeidet held fram med like høg aktivitet som før:

Språksamlingane:

- er sette saman av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.

- Dei best kjende produkta frå språksamlingane er Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Alle desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.

(Kjelde: Norsk Ordbok 2014)

«Norge har tradisjonelt hatt et sterkt navnefaglig miljø, og gjennom arbeid i Klagenemnda ser vi betydningen av den forskning på stedsnavn som er gjennomført og som er tilgjengelig i publikasjoner og arkiver. Nemndas virksomhet er helt avhengig av oppdatert forskning. At feltet får de nødvendige stillinger for å opprettholde et aktivt forskningsmiljø er faktisk av direkte betydning for rettssikkerheten. Navnegransking er med andre ord et særdeles nyttig fag», står det i brevet som er sendt til dekan Trine Syvertsen ved Det humanistiske fakultetet. Også dei viser til korleis universitet i Finland, Sverige og Danmark satsar mykje meir på namnegransking enn det som blir gjort i Noreg i dag. «Det er vel liten grunn til at navneforskning skal prioriteres dårligere i Norge», skriv dei.

Klagenemnda slår også eit slag for namnearkivet. «Det er av uvurderlig betydning å ha et navnearkiv med forskningsmessig standard tilgjengelig der forskningen foregår. For Klagenemnda er enkel tilgang til oppdatert arkiv selvsagt av stor betydning. For oss som jurister og rettshistorikere er fysisk nærhet en forutsetning. Det universitetsmiljø som mister sine primærkilder, blir utarmet», slår dei tre jussprofessorane fast.

Førebels veit ingen når Universitetet i Oslo bestemmer seg for om det vil halda fram med å ta ansvaret for språksamlingane.

 

 

 

Emneord: Språk, Universitetspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2014 13:53 - Sist endra 13. feb. 2014 14:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere