I Norden kjem NTNU på tredjeplass etter Københavns Universitet og Lunds universitet. Trondheimsuniversitetet klatrar opp seks plassar på verdsstatistikken samanlikna med den førre målinga frå det spanske rankingbyrået Webometrics. Det gir NTNU ein 38. plass i Europa, medan UiB og UiO kjem på høvesvis 47. plass og 53.plass. Universitetet i Tromsø er nummer 183 i Europa.
Webometrics
* Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab, som er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).
* I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.
Vekting av indikatorar:
Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.
Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.
Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.
Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.
(Kjelde: Universitetsavisa)
UiO ramlar ned 64 plassar samanlikna med målinga til Webometrics frå juli i fjor. Det er interessant å merka seg at Karolinska Institutet i Sverige får ei dårlegare plassering enn NTNU, og berre ligg 13 plassar over UiO. Helsingfors universitet som mange gonger har tatt førsteplassen i Norden på denne målinga, må denne gongen ta til takke med å bli nummer 60 i Europa. I Norden kjem universitetet på tiandeplass, rett bak UiO på niandeplass.
Skeptisk
UiO-rektor Ole Petter Ottersen uttrykkjer stor skepsis både til denne universitetsrangeringa og liknande målingar. Han viser til Uniforums artikkel frå februar 2011, som viste at Universitetet i Oslo var best i Norden.
http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2011/02/universitetet-i-oslo-best-i-norden.html
- No har me altså falle over 2000 plassar på omfanget av nettsider berre på eit halvt år. Det er klart at denne konklusjonen fell på sin eigen urimelegheit. Så store endringar kan ikkje skje nærmast over natta, understrekar Ole Petter Ottersen.
- Kvar gong ei rangering slår inn over oss seier eg det same - uansett om UiO rykkjer opp eller ned: Rangeringar har store metodeproblem. Og dersom me fell eller rykkjer opp mange plassar fra eitt år til eit anna er det spesiell grunn til skepsis.
Sjeldan har eg sett så stor grunn til skepsis som denne gongen, slår han fast. Ottersen viser til at UiO har rast over 2000 plassar på parameteret som måler omfanget av nettsider, trass i at UiO har det same talet nettsider som ved førre måling.
- I fylgje målinga er Universitetet i Bergen på 15. plass i verda i talet på nettsider, og har visstnok i underkant av 20 millionar av dei. Sjølv oppgir UiB at dei har noko i underkant av 400 000 nettsider. UiO har i underkant av 500 000. Fortrøystingsfullt ser eg fram til neste kapittel i soga om universitetsrangeringar, seier Ole Petter Ottersen til Uniforum.
Den siste rangeringa blei publisert før helga, og den er den første av dei to årlege rangeringane frå den spanske forskingsgruppa. Webometrics er nært knytt til Spanias forskingsråd, og måler i hovudsak i kor stor grad universiteta er til stades på nettet, både med offisiell informasjon og med forskingsartiklar.
Harvard og MiT best
Det er dei to amerikanske toppuniversiteta Harvard og Massachusetts Institute of Technology (MiT) som tar dei to øvste pallane på verdsrangeringa, tett fylgde av Stanford University på tredjeplass. Europas beste universitet, University of Cambridge kjem på 10. plass i verda med rivalen University of Oxford på 11. plass. Først på 29. plass kjem det første universitetet utanfor den engelskspråklege verda. Det er Sao Paulo-universitetet i Brasil.
Verdsrangeringa til Webometrics
Europarangeringa til Webometrics
(Oppdatert kl. 16.41)
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere