Bernt Hagtvet: - Ein skandale at me ikkje får utanlandske aviser på UiO

– Det er ein skandale at UiO ikkje lenger har ein kiosk på Blindern der studentane kan kjøpa utanlandske aviser og magasin, synest UiO-professor i statsvitskap Bernt Hagtvet .

SKANDALØST: Kiosken Beatween blei stengt rett før jul. Statsvitskapsprofessor Bernt Hagtvet er sjokkert. – Det er skandaløst at me ikkje får kjøpt utanlandske aviser og magasin på Noregs største universitet, synest han.

Foto: Martin Toft

Rett før jul stengde Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus kiosken Beatween i Frederikkebygningen. Dermed er det ikkje lenger mogleg å kjøpa utanlandske aviser og magasin på Blindern. Professor Bernt Hagtvet ved Institutt for statsvitskap tykkjer at tilbodet må koma tilbake igjen.

– Om det ikkje er økonomisk berekraftig for Studentsamskipnaden å driva kiosken, må det vera mogleg for SiO å kunna stilla lokalet gratis til disposisjon for Narvesen, foreslår han.

– Dette er rett og slett ein forørkningsprosess, legg han til.

– Kvifor er det så viktig for studentane å få tak i internasjonale papiraviser, når dei får tak i det meste på nettet?

– Det er absolutt ikkje alt som er tilgjengeleg på nettet. Og det er nettopp den viktigaste perioden i livet studentane er på universitetet, og då er det viktig at dei blir internasjonalt orienterte. Dei skal jo læra kritisk tenking, læra å søkja etter informasjon frå ulike kjelder. Dei fleste blir utdanna til gode statsborgarar og ikkje til forskarar eller spesialistar. Ikkje gløym at på UiO blir det undervist både i engelsk, spansk, tysk, fransk, russisk og i andre slaviske språk. For UiO er det viktig å ha ein puls, og eit godt tilbod av utanlandske aviser og magasin er ein viktig del av den pulsen. Eg brukar å seia det så sterkt: Eit universitet utan aviser er som eit kjemisk laboratorium utan reagensrøyr, seier han.

– Flott universitetsbibliotek

Bernt Hagtvet er likevel nøgd med det meste av livet rundt studia og forskinga på Universitetet i Oslo. – Georg Sverdrups hus er eitt av Nordens flottaste universitetsbibliotek, og det er flott å sjå korleis studentane tar med seg PC-en sin og sit og studerer der. Og Kafé Trygve på Det samfunnsvitskaplege fakultetet er også eit glimrande tilbod både for studentar og tilsette. Nettopp difor er det så synd at SiO øydelegg det gode inntrykket med å leggja ned kiosken med internasjonale aviser i Frederikkebygningen, gjentar han.

– Reis til Oxford!

Så kjem han med ein gratis idé til korleis det kan skapast meir liv i bokhandelen Akademika og meir trivsel for studentane.

– Reis til Blackwells i Oxford og sjå korleis denne fantastiske bokhandelen har inkludert ein kafé midt mellom alle bokhyllene. Der sit folk og les og brukar PC-en sin og har det hyggeleg, med masse bøker kring seg. Eg er viss på at dette kjem til å stimulera kjøpelysta for bøker. Etter det eg høyrer, vil ikkje dei som har ansvaret for Frederikkebygningen eller Georg Sverdrups hus ha dette tilbodet fordi det trugar omsetninga der. Det meiner eg er feil. Ein slik triveleg bokkafé kjem til å auka omsetninga begge stader, trur Bernt Hagtvet, som gjerne skryter over medarbeidarane i Akademika. – Eg får alltid ein fantastisk service frå dei.

Ingen planar for tomme lokale

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus har ingen planar om å opna kiosken Beatween igjen, slik den står i dag. Det opplyser konstituert direktør for mat og drikke Gunn Kirsti Løkka til Uniforum. – Me ser no på nye planar for anna bruk av lokala til Between, seier Løkka.

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Studentforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2014 17:03 - Sist endret 13. feb. 2014 17:13

Univeristetsbiblioteket er ikke alene en flottt bygning. Her finner man også de utenlandske aviser, som Bernd Hagtvet etterlyser:

Lenke til UBs avissamling

Henrik Keyser Pedersen - 21. feb. 2014 09:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere