Ei svær løve ståande på bakbeina er det første som møter deg når du kjem inn i gangen i huset til Kate og Morten Bronndal på Ammerud. På veggane heng det bøffel- og antilopehovud. Midt imellom alle dyra frå Afrika finst ein utstoppa rev og ein hubro. Fascinasjonen for jakt og Afrika pregar heile huset.
For tolv år sidan starta Kate og Morten Bronndal sitt eige jakt- og fotosafariselskap. Sidan den gongen har kontorsjefen og avdelingsleiaren for Dyreavdelinga på Institutt for biovitskap ved UiO reist til Afrika i alle feriane sine, som regel med reisegrupper på fem til ti personar.
– Det begynte med at me drog på ein jakttur til Zimbabwe og oppdaga at reisearrangøren ikkje hadde ordna dei jaktlisensane som han hadde lova at han skulle fiksa. Då fann me ut at dette kunne me organisera mykje betre på eiga hand. Slik danna me vårt eige selskap og begynte å senda folk til Sør-Afrika, Zimbabwe, Tanzania og Botswana, fortel Morten Bronndal. Kona gjennom 41 år, Kate Bronndal forklarar korleis dei to utfyller kvarandre. – Morten kan fortelja om alle dyra, korleis dei lever, kva dei lever av og kvar dei lever. Eg er den som organiserer, tingar alle billettar og syter for at rekningar blir betalte, og saman planlegg me turane i lag med deltakarane, seier ho.
Bryllaup i bushen
Begge er opptekne av at dei som melder seg på turane også får bestemma kva dei skal vera med på. Difor inviterer dei deltakarane heim til seg i huset på Ammerud. – På den måten blir dei godt kjende med kvarandre, og me finn ut kva dei er mest interesserte i å oppleva. Dei beste turane er venneturar for mellom fem og sju personar. Dei blir alltid vellykka, seier Morten Bronndal. – I fjor oppdaga me også ein ny nisje. Me organiserte eit bryllaup ute i bushen i Sør-Afrika. Bryllaupsfolket fekk sjå både løver, elefantar og bøflar, og dei fekk også oppleva folkedansane til zulufolket i ein landsby i regionen KwaZuluNatal, seier Kate.
Starta i Gambia
Det tok mange år frå dei drog til Afrika for første gong, til dei sjølve starta eit reiseselskap for å ta folk på jakt- og safariturar til det kontinentet. – I byrjinga av karrieren min på Dyreavdelinga ved Biologisk institutt på UiO, blei eg spurt om å leia eit studentkurs i økofysiologi. Då fekk eg lov til å tenkja alternativt, og landa på at me kunna dra til bushen i Gambia i Vest-Afrika. Alle måtte på ein obligatorisk overnattingstur i jungelen. Der samla me inn smådyr. På hotellet blei skuffer og skåp brukte til å oppbevara skorpionar, slangar og store varanar. Eg trur ikkje hotelleigaren blei så veldig glad i oss. Dei som budde i landsbyen blei derimot svært begeistra. Heile tida kom dei til oss med nye dyr frå den lokale faunaen. Ein dag kom dei med ei havskilpadde som me betalte godt for. Men den sleppte me ut i havet like etterpå, minnest Morten.
– Betre jaktforvalting enn i Noreg
– I dag sender de altså folk rundt halve jordkloden for at dei skal kunna jakta på ville dyr i Afrika. Er ikkje det litt gammaldags, og kanskje eigentleg litt imot den politisk korrekte oppfatninga av kva ein bør oppleva i Afrika?
– Ja, men det er fordi mange trur at alle dyra i Afrika er truga av utrydding, men Afrika er ikkje eitt land. I Sør-Afrika har dei faktisk klart å auka talet på dei ville dyra. Ein viktig grunn til det er at mange av eigarane av dei kjempesvære farmane oppdaga at dei ville tena meir på å ha ville dyr på eigedomane sine og la jegerar jakta på dei, enn dei ville tena på å ha sauer, geiter og andre husdyr der. Det har ført til at dyr som det kanskje berre var 30 eksemplar igjen av på 1930-talet, no har auka til mange ti tusen individ. I nasjonalparken Krüger er det så mange elefantar at det er naudsynt å skyta 9000 av dei for ikkje å øydeleggja nasjonalparken. Jaktforvaltinga i Sør-Afrika er langt betre enn i Noreg. Men det blir meir og meir fotosafari og mindre jakt, slår ekteparet Bronndal fast.
– Men finst det ingen dyr som er truga i Sør-Afrika akkurat no?
– Det svarte og det kvite nashornet er truga på grunn av utstrekt krypskyting. Prisane steig kraftig etter at ein av Kinas ministrar sa at han hadde blitt kurert av ein sjukdom etter å ha brukt knuste horn frå nashorn som medisin. Geparden er også sterkt truga på grunn av for mange løver i små reservat, og gepardane er heller ikkje likte av farmarane, seier Morten.
Angripen av løve
Både Kate og Morten har skote løver i Afrika. Men den utstoppa løva i gangen er det Kate som har æra for å ha drepe, vedgår ektemannen.
– Me var ute på jakt i bushen, då me oppdaga fleire løver som reiste seg ti meter borte og kom imot oss. Kate skaut og trefte den eine løva. Det førte til at me måtte fylgja etter dei for å spora dei opp igjen. Etter å ha vandra ein heil dag, klarte me å finna dei igjen, fortel Morten.
– Ja, eg høyrde løva knurra, før eg såg ho. Då kom ho brått imot meg for å ta meg, og eg stod roleg og skaut ho rett gjennom kjeften. Då landa ho tre meter frå meg. Først då blei eg skjelven, seier Kate.
LØVEJEGER : Kate Bronndal viser fram løva ho nettopp har skote. (Foto: Morten Bronndal, privat)
– Nokre månader etterpå kom løva til oss som pakkepost ferdig utstoppa, flirer Morten. Ekteparet var ei stund redde for at dei aldri ville få høve til å reisa til andre kontinent enn Afrika. Difor tok dei sju månader med permisjon i 2011 og reiste gjennom Latin-Amerika og Asia. Den siste tida var dei i Sør-Afrika.
– Konklusjonen vår var at det ikkje finst nokon betre og meir fantastisk stad å dra til enn Afrika, seier Kate og Morten Bronndal i kor. – Alle må oppleva Afrika før dei døyr.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere