UiO får ståkarakter i utdanningskvalitet

UiOs system for kvalitetssikring av utdanninga bør bli godkjent av NOKUT. Det er rådet frå komiteen som har utført ei evaluering av utdanningskvaliteten på UiO. Komiteen er likevel ikkje nøgd med ordninga med tilsynssensor og kvalitetssystemet for forskarutdanninga.

FÅR BESTÅTT: UiO bør få godkjent systemet sitt for kvalitetssikring av utdanninga. Det er tilrådinga frå ein komite sett ned av NOKUT.

Foto: Ola Sæther

I fjor sommar starta ein komité sett ned av NOKUT ei evaluering av systemet for kvalitetssikring av utdanninga på Universitetet i Oslo. Dekan Hanne Kathrine Krogstrup ved Aalborg Universitet har leidd komiteen. Ho og dei andre komitemedlemane valde å konsentrera seg om eit bachelorprogram og ph.d.-utdanninga på to fakultet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Begge desse fakulteta har 5000 studentar kvar, og samtidig representerer dei heilt ulike fagmiljø.

Bachelorstudia kjem best ut

Det er kvalitetssikringssystemet for bachelorstudiet som skårar høgast på begge desse fakulteta samanlikna med kvalitetssystemet for forskarutdanninga. Komiteen såg nærmare på bachelorstudiet i fysikk, astronomi og meteorologi ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og på bachelorstudiet i statsvitskap på Det samfunnsvitskaplege fakultetet.   Generelt sett konkluderer komiteen med at kvalitetssystemet inneheld eit godt opplegg for kvalitetsarbeid når det gjeld studieprogram på bachelor- og mastergradsnivå. Men komiteen er ikkje nøgd med kvalitetssystemet si ordning med tilsynssensor. Den bør difor evaluerast for å kunna styrkjast eller leggjast heilt om, konkluderer komiteen med.

Dårlegast kvalitetssikring av forskarutdanninga

Det er likevel kvalitetssystemet for forskarutdanninga som får dårlegast skussmål av komiteen.  Etter deira meining er det mindre utvikla enn systemet for bachelor- og mastergradsstudium.  I første rekkje inneheld rapporten kritiske merknader til oppbygginga av dagens system, krava til kvalitetssikringsrutinar og det manglande målet og medvitet om kva eit kvalitetssystem skal brukast til i forskarutdanninga.

Komiteen kjem difor med ei sterk tilråding til UiO om å prioritera å revidera kvalitetssystemet for forskarutdanninga. Det går også fram at komiteen er klar over at UiO skal revidera kvalitetssystemet for forskarutdanninga i løpet av dette året og at det sentralt er innført ei ny plattform for ph.d.-utdanninga. Dette styrkjer inntrykket av eit systematisk kvalitetsarbeid, blir det peika på. Dei viser til at sjølv om dette arbeidet er begynt på institusjonelt nivå, er fakulteta ikkje komne så langt med dette arbeidet. Eitt av tiltaka som bør gjennomførast, er ei internasjonal evaluering av ph.d.-programma til UiO.

Skryt av UiOs idébank

Computers in Science Education (CSE) på bachelor- og mastergradsstudia på MN-fakultetet bør førast vidare gjerne også til andre fakultet. Spreiing av god undervisningspraksis gjennom UiOs idébank for undervisning og læring er eit godt tiltak. Ordninga bør utviklast vidare og gjerast betre kjend, er rådet frå komiteen.

Samtidig peikar komiteen på at UiO har lagt opp til stor fridom ved bruk av kvalitetssystemet ved fakulteta. Likevel bør det ikkje gå så langt at høvet til å samanlikna kvalitet på tvers av fakultet, blir svekka, meiner komiteen.

Lovar å fylgja tilrådingane

I eit svar på rapporten frå evalueringskomiteen, svarar UiO-rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe  at dei vil fylgja opp tilrådingane frå komiteen. «Vi opplever rapporten som grundig og finner det gledelig at komiteens vurderinger i all hovedsak samsvarer med UiOs vurderinger av styrker og svakheter i kvalitetssystemet for utdanningsvirksomheten», står det i brevet.  Dei to universitetsleiarane lovar å leggja opp til ein prosess for å fylgja opp komiteen sine tilrådingar, som mellom anna skal munna ut i eit revidert kvalitetssystem for heile utdanningsporteføljen i løpet av 2014, går det fram av svaret frå UiO.

Emneord: Internasjonalisering, Studenforhold, Studentsaker, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2014 16:59 - Sist endra 10. nov. 2016 11:15

Den nevnte Idebank for undervisning og læring er en bugnende kilde til inspirasjon til nye og spennende undervisningsopplegg. Kjenner du til noen som gjør noe utenom det vanlige i undervisningen eller kanskje du gjør det selv? Vi vil gjerne høre fra deg! Kontaktinformasjon og tidligere undervisningseksempler finner du på nettsiden til Idebanken

sveinhkl@uio.no - 23. jan. 2014 00:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere