Snevrar inn gjennomgang av finansiering

Å leggje ned Duckert-utvalet var noko av det første Torbjørn Røe Isaksen gjorde som kunnskapsminister. Det breie utvalet blir erstatta av ei mindre ekspertgruppe med eit mandat som truleg er snevrare.

EKSPERTGRUPPE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil lata ei mindre ekspertgruppe erstatta det breitt samansette Duckert-utvalet.

Foto: Ola Sæther

I førre veke kom meldinga om at det i løpet av våren vil bli nedsett ei ekspertgruppe som skal gå gjennom finansieringssystemet for universitet og høgskular. «Deira viktigaste oppdrag vil vere å sjå på korleis finansiering kan styrke kvaliteten i forsking og høgare utdanning.» heiter det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Professor i sosialøkonomi og hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved Universitetet i Bergen, Steinar Vagstad, sat i Duckert-utvalet, som berre rakk å ha eitt møte før det blei nedlagd.

Dette sa statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet om nedlegging av Duckert-utvalet:

– Mandatet er for breitt og uklårt. For det andre meiner vi at finansieringa av høgare utdanning må bli sett i samanheng med resten av arbeidet vi gjer innan utdanning.

Noko anna enn Duckert

Utvalet med tolv medlemmer som representerte eit breitt utval av institusjonar, organisasjonar og fagbakgrunnar blir no erstatta av ei langt mindre gruppe med ekspertar, som ikkje treng representere organisasjonar eller andre grupper frå akademia.

– Eg tenkjer at det departementet legg opp til er noko anna enn Duckert-utvalet. Utifrå teksten i pressemeldinga høyrest dette mykje snevrare ut: Korleis ein kan styrke kvaliteten er dét dei skal sjå på. Men dei vil kanskje måtte gjere arbeidet breiare likevel. For å finne ut kva verknad ei endring av finansieringssystemet vil få må du uansett gjere mykje av dei same vurderingane som Duckert-utvalet la opp til, seier Steinar Vagstad til På Høyden.

Vil motivere direkte

Han ser dessutan eit anna nytt signal som gjeld finansiering av forsking: Når det gjeld EU-midlar og Horisont 2020 skal det komme ein ny strategi for norsk deltaking i løpet av våren. Den skal ta utgangspunkt i korleis ein motiverer kvar einskild forskar til å søkje.

– Dette er faktisk nytt, og noko eg er heilt einig i. Tidlegare har det vore overlate til dei einskilde institusjonane å avgjere korleis dei vil motivere kvar forskar. Eg er spent på korleis dette skal gjennomførast. Det har vore ein tendens til at det har vore litt vanskeleg å løne folk for å gjere ein ekstra innsats. Og kor lett er et å motivere folk om du ikkje har høve til å betale dei ekstra, seier Vagstad.

Forskerforbundet vil gi råd

Forskerforbundet-leiar Petter Aaslestad har òg merka seg at det no blir ei ekspertgruppe som skal greie ut om finansieringa av sektoren framover.

– Eg forventar at statsråden gjer bruk av den kunnskapen som finst i sektoren når gruppa skal oppnemnast. Forskerforbundet vil gjerne gje råd til statsråden på dette punktet, seier Aaslestad.

– Kva inntrykk har du av prioriteringane til Røe Isaksen etter Kontaktkonferansen førre veke?

– Hovudinntrykket er vel at vi ser ein koherens i kva dei har lagt opp til før og kva vi får signal om no. Det er store planar, så får vi sjå korleis det blir gjennomført i praksis, seier Aaslestad.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Dag Hellesund i På Høyden
Publisert 21. jan. 2014 11:56 - Sist endra 21. jan. 2014 14:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere