Sentraladministrasjonen er blitt LOS

Sentraladministrasjonen ved Universitetet i Oslo er frå nyttår blitt til LOS, Leiinga og støtteeiningar. I dag blei dette markert med eit uhøgtidleg avspark i Storsalen i Chateau Neuf. Trekkplasteret var tungrockbandet Black Debbath.

NY SENTRALADMINISTRASJON: Tungrockbandet Black Debbath minna dei tekniske-administrative tilsette om at SA har skifta namn til LOS.

Over 500 tilsette i Leiinga og støtteeiningar (LOS) tidlegare Sentraladministrasjonen deltok på avsparket av den nye organisasjonen.  Den er eit barn fødd av prosjektet Internt handlingsrom ved Universitetet i Oslo.  Tungrockbandet Black Debbath med studierettleiar på HF, Lars Lønning som vokalist, minna folket om at Sentraladministrasjonen no er nyorganisert og har fått namnet LOS. Det gjorde dei gjennom ein bluestekst skriven spesielt for dette arrangementet.

FULLSETT: Det var fullsett i Storsalen i Chateau Neuf då nynorganiseringa av sentraladministrasjonen blei markert. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe sat ved sida av seniorkonsulent Lars Flønes Ravn og på andre sida av midtgangen sit Scarlett Ihlen som også arbeider for Universitetsleiinga. (Foto: Yngve Vogt, Apollon, UiO)

Avsparket inneheld også ein kort tale av universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, som minna om at ideen med nyorganiseringa er at folk ikkje skal jobba i kvar sin silo, men i samspel.

Organisasjonsutviklar Halvor Haukerud fekk på ironisk vis, fortalt kva ei nyorganisering går ut på. Avsparket runda av med kommunikasjonsdirektør Marina Tofting som M  og rektor Ole Petter Ottersen som James Bond.  I innslaget gjekk Ole Petter Ottersen som James Bond til åtak på rektor på UiO, som hadde laga ein strategisk plan som var identisk med den strategiske planen til MI6. Målet for neste oppdrag var derfor å få tak i rektor Ole Petter Ottersen.

INN SOM JAMES BOND: UiO-rektor Ole Petter Ottersen kom inn som James Bond. (Foto: Yngve Vogt, Apollon, UiO)

No er ballen begynt å rulla, og då må alle læra seg namna på dei nye einingane i Leinga og støtteeiningar:

UiO: Leiinga og støtteeiningar

Universitetsleinga                             

- Rektor                                                              - Prorektor

- Universitetsdirektør                                          - Universitetsstyret

- Assisterande universitetsdirektør                     - Viserektorar

Støtteeiningar:

- Avdeling for administrativ støtte                      - Eining for intern administrasjon

- Avdeling for fagstøtte                                      - Eining for helse, miljø og sikring

- Avdeling for personalstøtte                              - Eining for intern revisjon

- Eigedomsavdelinga                                          - Eining for leiarstøtte

- Eining for bedriftshelseteneste                         - Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT)

For å hugsa det endå betre, kan de lytta til Black Debbaths song på avsparket:http://www.youtube.com/watch?v=eiUIKRbPThI

 

Emneord: Universitetspolitikk, IHR Av Martin Toft
Publisert 27. jan. 2014 17:00 - Sist endra 27. jan. 2014 17:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere