John Skogen tilsett som ny eigedomsdirektør på UiO

Sivilingeniør John Skogen er tilsett som ny eigedomsdirektør ved Universitetet i Oslo. Samtidig er siviløkonom Knut Riksen tilsett som direktør for Verksemds- og økonomistyring.

Dei to nytilsette direktørane John Skogen (53) og Knut Riksen (45) blei begge tilsette  av eit samrøystes universitetsstyre på sirkulasjon. Det opplyser universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum. John Skogen vil overta etter dagens eigedomsdirektør Per Erik Syvertsen i mars, like før Syvertsen går av for aldersgrensa.  Knut Riksen tar til i den nye jobben sin som direktør for Verksemds- og økonomistyring i løpet av april.

John Skogen er sivilingeniør frå NTNU og bedriftsøkonom frå BI, og kjem frå ei stilling i HAV Eiendom i Oslo. Han har også bakgrunn frå entreprenørselskapet Furuholmen, Ferd Eiendom og Posten Service. Knut Riksen kjem frå stillinga som økonomidirektør i Opplysningsvesenets fond. Tidlegare har han vore tilsett som økonomisjef på Nevroklinikken ved Rikshospitalet og i konsulentselskapet Ernst & Young. Han har tatt siviløkonomstudiet i Bodø.

- Eg er strålande nøgd med å ha fått tilsett to så dyktige og godt rutinerte personar i desse to direktørstillingane på Universitetet i Oslo, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Emneord: Personalpolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. jan. 2014 15:47 - Sist endra 22. jan. 2014 16:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere