3000 deltok på opninga av islabyrinten på Tøyen

Over 3000 personar tok vegen til Tøyen og opninga av islabyrinten til Peder Istad på Naturhistorisk museum ved UiO sist laurdag. Islabyrinten blei raskt svært populær blant barna.

LEIKA OG SPRANG: Barna leika og sprang både utanfor og innanfor islabyrinten på Tøyen etter opninga laurdag ettermiddag.

Skulpturen markerer opninga av 200-årsjubileet til Naturhistorisk museum. Islabyrinten blei offisielt opna av UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Over 3000 personar kom seg ut av varme stover og ut i kulden på Tøyen for å få med seg isverket til kunstnaren Peder Istad mellom klokka 15.00 og 20.00 på laurdag, opplyser museumsdirektør Arne Bjørlykke til Uniforum. - Det viser kor stor sympati Tøyen har blant Oslos innbyggjarar, seier ein strålande nøgd museumsdirektør. Til saman har kunstnaren Peder Istad brukt 70 tonn is.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

IS OG KULDE: Barna fann seg godt til rette i is og kulde inne i islabyrinten.

I mange timar etter opninga boltra framleis flest barn, men også ein del vaksne seg i islabyrinten. Truleg vil den bli minst like populær som apefossilet Ida.  Det var i alle fall ingen tvil om at barna som hadde tatt turen til Tøyen sette stor pris på å leika i is og kulde.

Islabyrinten er 12 meter i diameter og og har islblokker på over to meter. Heile verket er lyssett med LED-lys.  Og så lenge islabyrinten ikkje smeltar bort, vil portane til Botanisk hage vera opne kvar kveld fram til klokka 20.00.

 

IMPONERTE: Både barn og vaksne blei imponerte av islabyrinten til kunstnaren Peder Istad på Tøyen.

 

 

 

 

Emneord: Naturhistorisk museum, Museene Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 27. jan. 2014 10:20 - Sist endra 27. jan. 2014 11:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere