Ynskjer krafttak i forsking på den nordiske modellen

Den nordiske modellen kan bli tema for ei ny tverrfakultær forskingssatsing på UiO.– Internasjonalt er det stor interesse for dei gode samfunna i Norden, seier HF-dekan Trine Syvertsen og SV-dekan Fanny Duckert.

NORDISK MODELL UNDER LUPA: HF-dekan Trine Syvertsen og SV-dekan Fanny Duckert foreslår ei tverrfakultær forskingssatsing på den nordiske modellen. Då biletet blei tatt hadde Nordisk Råd møte på Stortinget.

Foto: Magnus Fröderberg/norden.org

Dei to dekanane Trine Syvertsen og Fanny Duckert står begge i spissen for arbeidet med å få etablert ei tverrfakultær forskingssatsing på den nordiske modellen.  Initiativet kjem frå HF-fakultetet og har fått støtte frå andre dekanar på UiO. Satsinga har fått namnet "Unpacking the Nordic Model" og skal vera ein  kritisk analyse av den nordiske modellen. Rektor Ole Petter Ottersen har bede om å få eit budsjettinnspel på bordet til Universitetsstyret i løpet av våren.  I tillegg til HF og SV vil fakulteta for teologi og utdanningsvitskap stå bak forslaget. Men også forskarar frå andre fakultet er med. Til satsinga er det kome idear frå nesten alle fakultet ved UiO, også frå jus, odontologi og mat.-nat., seier Trine Syvertsen til Uniforum.

Forskarar frå sosiologi, statsvitskap og økonomi har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar nordiske velferdsstatar. – For å forstå føresetnadene for denne samfunnsmodellen, er det interessant å trekkja inn kompetanse frå andre område, som til dømes historie, språk, filosofi, kunst, antropologi, religion, utdanning, naturvitskap og helse, seier Trine Syvertsen.

 RELEVANT: - Samfunnsansvaret vårt er å gjera tydeleg at humaniora og samfunnsvitskapen har viktig og relevant kunnskap om dagens samfunnsspørsmål, seier HF-dekan Trine Syvertsen. (Foto: Ola Sæther)

– Velferd, tillit og lykke

Utgangspunktet for å setja i gang ei slik satsing i forsking på den nordiske modellen, har samband med den store interessa det er internasjonalt for samfunna i Norden.

– Då handlar det om tre stikkord: Velferd, tillit og lykke. Dei nordiske landa toppar alle verdsstatistikkar som handlar om dette. Men satsinga skal ikkje berre få fram ny kunnskap om positive sider. Like viktig er det at ei slik satsing har ei kritisk innretning der spenningar, dilemma og problem får brei plass. Dessutan vil det vera viktig å sjå om dei nordiske samfunnsmodellane kan overleva, og kva oppfatningar som finst om dei internasjonalt, trekkjer ho fram.

Ei tredje søyle

For henne og SV-dekan Fanny Duckert er likevel det viktigaste å få fram ny kunnskap som kan ha samfunnsinteresse.

– Samfunnsansvaret vårt er å gjera tydeleg at humaniora og samfunnsvitskapen har svært viktig og relevant kunnskap om viktige samfunnsspørsmål i dag. Om me får gjennomslag for denne satsinga, vil det bli ei tredje søyle med tverrfakultær humanistisk-samfunnsvitskapleg forsking ved sida av den tverrfakultære satsinga på UiO: Energi og Livsvitskap, fortel Trine Syvertsen.  Bakgrunnen for satsinga er også at andre tverrfakultære satsingar som KULTRANS (Kulturelle transformasjonar i globaliseringa sin tidsalder), PLUREL (Religion i pluralistiske samfunn) og Demokratiprogrammet vil bli fasa ut i løpet av 2014. Meininga er at «Unpacking the Nordic Model» skal fylgja i fotspora til desse. – Dei tverrfakultaære satsingane har auka interessa for fagleg samarbeid ved UiO. Mange finn ut at tverrfakultært samarbeid kan styrkja forskinga og få fram ny kunnskap. Me vil studera røynslene frå dei andre satsingane og byggja vidare på pionerarbeidet som er gjort, seier Trine Syvertsen.  Dei vil også samarbeida med internasjonale miljø og andre universitet i Norden om dette prosjektet.

SVs flaggskip blir med

Den næraste samarbeidspartnaren til HF-dekan Trine Syvertsen er SV-dekan Fanny Duckert.  Ho er svært glad for å vera med på laget.

–SFF-senteret ESOP- Centre for the Study of Equality, Social Organization, and Performance og Kalle Moene er SVs flaggskip når det gjeld forskinga på den nordiske modellen. Han er positiv til forslaget om ei tverrfakultær satsing på den nordiske modellen. SV har både statsvitarar, økonomar, sosiologar, sosialantropologar, samfunnsøkonomar og psykologar, som alle har mykje å bidra med på dette området. Dei har store forventingar til denne satsinga, og reknar med at den blir vedtatt av Universitetsstyret.

– Vil setja UiO på kartet

Fanny Duckert er overtydd om at alle fagmiljøa på SV kan delta i denne satsinga.

FRAMTIDA: – Det er forsking på tvers som er framtida, nettopp fordi temaet også er relevant for fleire fagmiljø uavhengig av fakultet, seier Fanny Duckert. (Foto: Martin Toft)

 

– Alle fagområda har mykje å bidra med i forsking på den nordiske modellen. Dette vil skapa engasjement og stor interesse blant alle forskarane våre. Fagmiljø i andre land er svært interesserte i korleis den nordiske modellen fungerer. Eg synest det er glimrande at interessa for det politiske, økonomiske og sosiale grunnlaget for denne modellen vekkjer stor merksemd i utlandet. Difor trur eg denne satsinga vil vera med på å setja Universitetet i Oslo på kartet, seier Fanny Duckert. For henne er det flott at fakulteta kan samarbeida om forsking.

 

Feil engelsk arbeidstittel i første versjon:

I den første versjonen av denne artikkelen kom journalisten i skade for å skriva "Unclothing the Nordic Model".

Den korrekte tittelen på den føreslegne tverrfakultære forskingssatsinga er sjølvsagt "Unpacking the Nordic Model".

Det er for seint å gjera noko med dette i  papiravisa. Det seier me oss leie for.

 

Universitetsstyret tar avgjerda

Førebels er forskingssatsinga "Unpacking the Nordic Model" berre på forslagsstadiet. Framleis kan alle forskarar som vil bidra, koma med innspel og idear som kan gjera utforminga av innhaldet i forskinga betre, opplyser både Trine Syvertsen og Fanny Duckert til Uniforum.

Seinare skal forslaget om å gå inn for å satsa på forsking på den nordiske modellen opp i Universitetsstyret. Om det blir vedtatt, vil dekanane Trine Syvertsen og Fanny Duckert og dei andre dekanane som er med på initiativet, kunna setja i gang forskinga på den nordiske modellen frå og med budsjettåret 2015.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Norden, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Forskning, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2013 14:52 - Sist endra 12. des. 2013 14:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere